Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 12 Språkåret 2013

Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, presenterer førebels planar for Språkåret 2013.

Bakgrunn
I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan Det Norske Teatret vart skipa. Desse to jubilea er grunnpilarane i det som no har fått namnet Språkåret 2013.

Hausten 2010 fekk Nynorsk kultursentrum 700 000 kroner i løyving over statsbudsjettet til å utvikla planar for 2013 som eit nasjonalt språkår. Nynorsk kultursentrum vil ha den leiande og koordinerande rolla for Språkåret, men Mållaget skal både samarbeida om felles tilskipingar og vi skal laga til våre eigne markeringar som høver for organisasjonen vår.

I følgje pressemeldinga frå Nynorsk kultursentrum før jul, skal Språkåret bli ”noko ingen har gjort før og ingen har sett maken til”. Under dette punktet får vi kanskje ein liten forsmak på kva det kan innehalda.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no