Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 13 Val

Valnemndsleiar Åsmund Lien innleier til saka.

Denne saka inneheld tre vedtakspunkt:
13.1 Val av styre
13.2 Val av valnemnd
13.3 Val av revisor
13.1 Val av styre

Innstilling frå valnemnda til landsmøtet i Noregs Mållag 2011

Leiar:Håvard B. Øvregård 1 år Attval
Nestleiar:Aud Søyland 1 år Attval i styret, ny som nestleiar

Styremedlemer:
Jens Kihl 2 år Attval
Terje Kjøde 2 år Ny
Bente Riise Ikkje på val
Helga Hjetland Ikkje på val

Varamedlemer til styret:
1. Sigbjørn Hjelmbrekke 1 år Ny
2. Magne Heide 1 år Ny
3. Marit Aakre Tennø 1 år Attval
4. Reza Rezaee 1 år Attval

NMU nemner opp ein styremedlem og to varamedlemer.

Om kandidatane:
HÅVARD B. ØVREGÅRD: f. 1975 i Nordfjordeid, Nordfjord, busett i Oslo. Nestleiar i Noregs mållag 2008-09, leiar sidan 2009. Medlem i Oslo Mållag og Studentmållaget i Oslo (SmiO). Er i dag frikjøpt leiar i Noregs Mållag i 80 prosent stilling og rådgjevar på seksuell orientering og inkludering i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité i 20 prosent stilling. Tidlegare landsstyremedlem i Norsk Målungdom og styremedlem i SmiO. Leiar i Kringkastingsringen 2006-09. Brei organisatorisk og politisk erfaring, mellom anna som leiar i Norges Gymnasiastsamband 1995-96, styremedlem i Landsrådet for Norske barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) 1986-98, styremedlem i Det europeiske ungdomsforumet (European Youth Forum) 1998-2002, nestleiar i Høyres Studenterforbund (HSF) 2004-05, varamedlem til sentralstyret i Høgre 2004-05. Yrkesbakgrunn frå mellom anna Barneombodet, Verdikommisjonen, Studentradioen Radio Nova, Norsk Zoonosesenter, Det Norske Studentersamfund og Norsk Folkehjelp.

AUD SØYLAND: f. 1954 i Gjesdal i Rogaland, er no busett på Leira i Valdres. Har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Arbeidde i Norsk språkråd frå 1984 til 1986. Har sidan drive som frilans språkkonsulent, omsetjar og medredaktør for Alf Helleviks Nynorsk ordliste. Medforfattar av Nynorsk av hjartans lyst. Har vore leiar i Studentmållaget i Oslo, redaksjonsmedlem i Mål og Makt, og var leiar i Norsk målungdom 1981–1982. Arbeidde som lotteriansvarleg i Noregs Mållag i 1981, og som studieleiar ein kort periode i 1983. Er medlem i Studentmållaget i Oslo, og i Nord-Aurdal Mållag. Har vore leiar i valnemnda i Valdres Mållag dei siste ni åra, og har sete i styret i Noregs Mållag frå 2007. Var sekretær for Riise-nemnda som har arbeidd fram utkastet til ny normering for nynorsken 2010-2011. Har elles brei organisasjonserfaring, mellom anna frå folkemusikkrørsla og internasjonalt kvinnearbeid. Er aktiv i lokalpolitikken, og sit i kommunestyret i Nord-Aurdal for tredje periode (for SV).

JENS KIHL: f. 1986 i Oslo, busett i Oslo, masterstudent i sosiologi. Tidlegare sivilarbeidar, nestleiar og leiar (2007-09) i Norsk målungdom. NMU-representant i styret i Noregs Mållag 2007-09. Har vore medlem i målnemnda til Bondeungdomslaget i Oslo og styremedlem i Noregs Ungdomslag 2009-2010. Styremedlem i Landsorganisasjonen for norske ungdomsorganisasjonar 2008-2009 og 2010-2011, ungdomsdelegat til generalforsamlinga i SN 2010, medlem i den norske UNESCO-kommisjonen sidan 2008, leiar i Sagene SV sidan 2009.

TERJE KJØDE: f. 1941 i Ørsta, busett i Ørsta. Utdanna lærar (adjunkt) og har arbeidd ei årrekkje i skuleverket som lærar, i andre stillingar og dei siste åra som rektor ved Volda ungdomsskule. Har òg arbeidd som konsulent og rettleiar. Har fjernsynsutdanning og har arbeidd som journalist, mellom anna i NRK. Har vore lokal- og fylkespolitikar for SV, mellom anna 16 år i Ørsta kommunestyre og fylkesleiar. Brei bakgrunn frå ungdomslagsrørsla og idrettsrørsla, særleg fotball. Styreleiar for Ørsta kino i 12 år. No pensjonist.

BENTE RIISE: f. 1962 på Hareid, Sunnmøre, busett i Oslo. Medlem i Mediamållaget, utdanna journalist. Har jobba i Oslo Kringkastar, NRK, Dagbladet, Dagens Næringsliv A-magasinet. Har vore redaktør i Psykisk helse i vel 10 år. Er no redaktør i Syn og Segn, og leiar i Norsk Tidsskriftforening. Har sete i styret i Dag og Tid AS, to år som styreleiar . har vore med i fleire utval i NM, leiar i Hareid frilynde ungdomslag og i Sunnmøringen i Oslo.

HELGA HJETLAND: f. 1948 på Sandane, busett på Kyrkjebø i Høyanger, Sogn og Fjordane. Har vore lærar og rektor m.a. i Bergen og Høyanger, leiar i Sogn og Fjordane lærarlag 1988-94, leiar Norsk Lærarlag 1995-2001, leiar i Utdanningsforbundet 2002-2009. Medlem av Bjørgvin bispedømmeråd 1990-94, leiar 1994-95. No pensjonist og aktiv organisasjonskvinne.

SIGBJØRN HJELMBREKKE: f. 1979 på Osterøy, busett i Bø i Telemark. Samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo, arbeider no i Telemarkforskning. Sat i sentralstyret i NMU frå 2001 til 2005, leiar 2004 – 2005. Har elles vore med i valnemnda i Noregs Mållag og i styret i BUL i Oslo. Sit no i styret for Dag Bondeheim og for Akademifondet.

MAGNE HEIDE: f. 1955 i Harstad, busett i Kvæfjord. Cand. philol. frå Tromsø og Oslo med norsk, historie og folkeminne, har elles studert arkeologi, statsvitskap og spansk. Lektor i vidaregåande skule i Melbu, Kvæfjord og Harstad sidan 1987. Bytte til nynorsk som hovudmål i 1972, fyrste året på gymnaset. Var med og starta målungdomslag i Harstad tidleg på -70-talet, var med i Nordnorsk Målungdom i Tromsø 1976 – 80. Studentmållaget i Oslo og NMU sentralt 1980 – 84, medlem i Hadsel Mållag og leiar i Nordland Mållag 1985 – 87. Kontaktperson for målarbeidet i Harstad frå 1987, i styret for Harstad og omland Mållag sidan 1996, leiar sidan 2005.

MARIT AAKRE TENNØ: f. 1977 i Haram, Møre og Romsdal, busett i Luster kommune i Indre Sogn. 3. vara til styret i NM. Hovudfag i filmvitskap. Arbeidsrøynsle frå Noregs Mållag og Nei til EU. Driv for tida eige føretak og arbeider for det meste med bygdeutviklingsspørsmål. Har organisasjonsrøynsle frå NMU, Noregs Mållag og Nei til EU. Tidlegare styremedlem i Sogn og Fjordane Mållag, no leiar i valnemnda.

REZA REZAEE. f. 1960 i Iran, busett i Oslo. 4. vara til styret l NM. Cand mag i sosiologi frå Blindern og vidareutdanning i Gerontologi og Leiing frå Høgskolen i Oslo. Kommunetilsett i Oslo. Aktivt med i ulike freds- solidaritets- og kulturorganisasjonar. Tidlegare internasjonal leiar i SV. Tidlegare bystyrerepresentant i Oslo, bydelspolitikar i Sagene bydel for SV. I år er han 2. kandiat på Raudt si bystyreliste i Oslo.

Valnemnda i Noregs Mållag 2011
Åsmund Lien, Jo Heinum, Veronika Bonaa, Bror-Magnus Sviland Strand, Oddmund Hoel, Marit Hovdenak



12.2 Val av valnemnd
Leiar Håvard Øvregård legg fram styret sitt framlegg til valnemnd for 2011-2012.

Valnemnda for 2010-2011 har vore:
Åsmund Lien, leiar
Ragnfrid Trohaug
Jo Heinum
Veronika Bonaa
Bror Magnus Sviland Strand (NMU)

Vara:1 Oddmund Løkensgard Hoel
2 Marit Hovdenak
3 Olav Kuvås

Vara frå NMU:
1 Eva Holthe Enoksen
2 Tone Rossow

Framlegg frå styret for 2012-2013:

Åsmund Lien, leiar, Os i Hordaland (attval)
Magni Hjertenes Flyum, Nordfjordeid (ny)
Marit Hovdenak, Oslo (opprykk frå vara)
Roar Madsen, Trondheim (ny)
1 person frå Norsk Målungdom, vert vald på landsmøtet siste helga i mars

Vara1 Erle Stokke, Oslo (ny)
2 Borghild Gramstad, Tromsø (ny)
3 Bror Magnus Sviland Strand, Oslo (tidl. NMU-representant)

Vara frå NMU:
1 Vert vald på landsmøtet siste helga i mars
2 Vert vald på landsmøtet siste helga i mars

12.3 Val av revisor
Revisor for Noregs Mållag i 2010 har vore Vardens revisjonskontor AS.

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:

Landsmøtet vel Vardens revisjonskontor AS til revisor for rekneskapsåret 2011.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no