Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. APRIL 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Haustseminar 2011

Vi samlar oss til haustseminar på Lista laurdag 29. og sundag 30. oktober 2011. Vi kan glede oss til turisttur på laurdag føremiddag, skulering og ordskifte om dagen. Om kvelden kjem Kirsten Bråten Berg for å synge, og Sigurd Haugsgjerd vil kåsere. Fredag kveld blir det middag og kviss for dei som kjem tidleg. Mange gode grunnar til å ta turen på årets haustseminar på Lista!

Fredag
20.00 Middag for dei som har kome fram
21.00 Det amerikanske Lista. Om amerikanske ord i Lista-dialekten ved Siv Ringdal
21.45 Kveldseta med kviss ved Bente Riise

Laurdag
09.00 Dette er Lista – omvising i buss
11.00 Registrering, kaffi og noko å bite i
11.15 Velkomen til Lista! Ved Randi Lohndal Frestad, leiar i Lista Mållag og Richard Ivar Buch, ordførar i Farsund kommune
Velkomen til mållagsseminar ved Aud Søyland

11.30 Eit positivt forsøk på betre sidemålsundervisning ved Lista ungdomskole ved Tone Holtbu Fjellestad og Ole Flåto
12.00 Sidemålsstrategi – kva slags sidemålsordning treng nynorsken? Debattantar: Ottar Grepstad, Janne Nygård og Karen Marie Kvåle Garthus. Debattleiar: Håvard B. Øvregård

13.30 Lunsj

14.30 Kyrkjemålsrøystingar ved Arve Nilsen
15.15 Slik gjer vi det - om lokal mållagsaktivitet
Så kjekt å vinne!
Skulemålsrøystinga i Kvinlog i 2007 ved Tom Arnt Lindeland
Skulemålsrøysting i Skåbu i 2011 ved Kristian Ekre
15.55 Ordskifte

16.30 Pause
16.45 Slik gjer vi det - om lokal mållagsaktivitet
Kva er barnehagane på Agder interesserte i? Erfaringar med barnehagepakken ved Borghild Løver
Det viktigaste målarbeidet? Verving og organisasjonsbygging ved Terje Kjøde
17.15 Ordskifte
17.45 Nynorsk språkstimulering - prosjekt retta mot barnehagane ved Irene Garnes Hareide
18.30 Slutt for dagen

20.00 Middag
Minikonsert med Kirsten Bråten Berg
Kåseri ved Sigurd Haugsgjerd
Etter middag spelar Lista trekkspillklubb opp til dans!

Sundag
09.30 Språkåret 2013 - den lange stafetten ved Jens Kihl
10.00 Mållova på 1 2 3! ved Astrid Marie Grov
10.30 Innlegg ved Erlend Bakke
10.40 Innlegg ved Wenche Haugen Havrevoll
10.50 Ordskifte
11.15 Nynorsk på nettet - ein super-guide til det nynorske internettet ved Kjartan Helleve og Tuva Østvedt
12.00 Mediekurs – få oss på! ved Hege Lothe
13.20 Avslutning og vel heim ved Håvard Øvregård
13.30 Lunsj


Oppdateringar i programmet vil bli lagt ut på nettsidene etterkvart som desse er klare.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no