Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ledig stilling som redaktør og informasjonskonsulent

 (29.06.2018)

Noregs Mållag søkjer etter ein ryddig, sørvisinnstilt, allsidig, kreativ og fleksibel person som ønskjer å arbeida som:

Redaktør og informasjonskonsulent i 100% stilling med vekt på arbeidsoppgåvene:
- Redaktør for medlemsbladet vårt Norsk Tidend (om lag 50 %)
- Grafisk formgjeving av profiltilfang og informasjonsmateriell
- Vedlikehald og utvikling av heimesider

- Sosiale medium

Ut frå bakgrunnen til søkjarane vil det bli vurdert kva for nokre av arbeidsoppgåvene som er mest relevante ved sida av redaktørfunksjonen for Norsk Tidend. Alle medarbeidarane må også vera budde på å setja seg inn i aktuelle politikkområde og å ta tak i andre oppgåver når det er naudsynt.

For stillinga gjeld:
Du bør ha utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og røynsle frå informasjons- og organisasjonsarbeid. Røynsle frå politisk arbeid er også ein fordel. Stillinga krev evne til sjølvstendig arbeid, og kan føra med seg noko reising.

Redaktøren samarbeider nært med dagleg leiar, politisk rådgjevar, informasjons- og organisasjonskonsulent, organisasjonskonsulent og skulemålsskrivar.

Stillinga er i dag plassert i lønsramme 22 i statens lønsregulativ med innplassering etter utdanning og ansiennitet. Arbeidsspråket er nynorsk. Stillinga er ledig frå 1. oktober. Kontorplass Oslo.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål må sendast til Noregs Mållag, Lilletorget 1, Sentrum, 0184 Oslo eller på e-post til gro.morken@nm.no innan 13. august 2018.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
dagleg leiar Gro Morken Endresen
Telefon: 23 00 29 37 / 957 85 560
E-post:
gro.morken@nm.no 

Noregs Mållag arbeider for å fremja nynorsken og dialektane. Vi har i dag drygt 13 000 medlemer i om lag 170 lokallag over heile landet, eit styre på sju medlemer, landsmøtevald leiar i 100 % frikjøp og landsmøte annakvart år. Skrivarstova har i dag 7 heiltidstilsette og ein ekstrahjelp på timebasis. Vi held til i Oslo sentrum. Noregs Mållag er medlem i arbeidsgjevarorganisasjonen Virke, med pensjonsordning for dei tilsette.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no