Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. MAI 2013 Information in english


Nyhende Nyhendebrev Nynorskstafetten Sidemål Mållaget meiner Landsmøte 2013 Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Barnehagekampanjen Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Klageportalen Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Sak 10.1 Landsmøte annakvart år

Til landsmøtet i 2011 låg det føre framlegg om å gå over til å ha landsmøte annakvart år. Utdrag frå møteboka viser vedtaka som vart gjorde:

Framlegg frå Valdres Mållag om endring til § 5.1:
Noregs Mållag held landsmøte annakvart år. Landsmøtet fastset saklista. Kvart fjerde år vert det vedteke eit langtidsarbeidsprogram for Noregs Mållag. Landsmøtet kan likevel vedta ei særskild hovudoppgåve for komande arbeidsår.

Vedtak: Framlegget vart ikkje vedteke.

Framlegg frå styret:
Styret tilrår at landsmøtet ikkje endrar lovene på dette landsmøtet, men tek ei røysting over om ein vil styret skal førebu lovendring på dette punktet til Landsmøtet 2012.

Resultat frå prøverøysting over framlegget frå styret:
94 røysta for, 19 røysta mot, 1 fråhalden.


Saka har også vore oppe både i 2000, 2005 og 2007, men utan å samla tilstrekkeleg oppslutnad.

Styret sende ut høyring til alle fylkeslag og lokallag i midten av oktober 2011 for å få best mogleg grunnlag for å førebu saka til dette landsmøtet. Det kom inn 23 ulike høyringssvar underskrivne av til saman 9 fylkeslag og 16 lokallag. 13 var for å gå over til toårige landsmøteperiodar, 6 var mot og resten var i tvil eller for ei prøveordning.

I desember la styret fram resultatet av høyringa for landsrådet. Blant deltakarane på landsrådsmøtet (fylkesleiarane), var det klart fleirtal for å gå over til å ha landsmøte annakvart år.

På dette grunnlaget har styret gått vidare med saka og førebudd lovendringar i tråd med innspela styret har fått i prosessen.

Dei viktigaste fordelane med å ha landsmøte annakvart år, er at organisasjonen frigjer store summar til annan aktivitet, fyrst og fremst i laga. Dessutan får skrivarstova og styret frigjort tid i mellomåra til å arbeida meir konsentrert med aktuelle politiske saker.

Av ulemper har styret drøfta i kva grad landsmøtet fungerer aktiviserande i laga. Ein viktig diskusjon har difor vore kva sentrallekken kan tilby i mellomåra, slik at dei som ynskjer det, kan få høve til å delta på samlingar der dei både får kunnskap og inspirasjon til arbeidet.

I høyringa i haust vart laga spurde om dei ynskte å lovfesta ulike former for tilskipingar i mellomåra, men det var det få som svara ja på. Det er difor ikkje lagt opp til ei slik lovfesting i dei endringsframlegga styret har førebudd.

Blant dei tydelegaste signala var likevel ynske om å ha fleire regionale seminar, anten innanfor eit fylkeslag eller som eit samarbeid mellom 2-3 fylkeslag. Styret har teke det signalet på alvor og vil bruka meir ressursar i mellomåra både på å yta praktisk hjelp i planlegginga av slike seminar, og også økonomisk hjelp så langt det er naudsynt og sentrallekken har midlar. Styret vil også leggja meir arbeid og ressursar i haustseminaret dei åra det ikkje er landsmøte. Dei årlege, nasjonale seminara bør desse åra ha som mål å samla mange, skolera grundig og engasjera breitt.

Styret har i tråd med høyringssvara lagt opp til at landsmøta skal vera i partalsår frå og med 2014. Då vil landsmøta vera same våren som dei politiske partia byrjar førebu kva saker dei skal gå til val på året etter. Som det går fram av vedtaket under sak om lovendringar, legg styret difor opp til at lovendringar på dette landsmøtet, fyrst skal setjast i kraft frå og med 1. mai 2014.

Styret legg med det fram lovendringar til dei aktuelle paragrafane som må endrast for å gå over til toårige landsmøteperiodar.

Dei som ynskjer å lesa ei meir utfyllande saksutgreiing, kan sjå på heimesida vår, her: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=3382 Der ligg høyringsteksten som vi også sende ut på papir i haust.

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:
Noregs Mållag skal gå over til å ha toårige landsmøteperiodar frå og med 2014. Landsmøta blir frå det året haldne i partalsår.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2013
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no