På denne sida står det noko om nynorsken, og kommunane og fylkeskommunane. Treng du meir faktainformasjon, så bør du sjekke ut desse kjeldene:
Språkfakta 2010 hjå www.aasentunet.no:
http://www.aasentunet.no/default.asp?id=10406&menu=4395
Allkunne.no:
http://www.allkunne.no/
Språkrådet - fakta om mållova:
http://www.sprakrad.no/nb-NO/Politikk-Fakta/Lov_og_rett/Maallova/
Språkrådet - fakta om språkpolitikk:
http://www.sprakrad.no/nb-NO/Politikk-Fakta/Spraakpolitikk/
Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunarHer er "Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar":
http://www.lovdata.no/for/sf/ku/xu-20070401-0378.htmlDenne forskrifta er eit oversyn over kva vedtak alle kommunar og fylkeskommunar har gjort om kva målform dei krev i skriv frå statsorgan til kommunen.
MållovaDenne retten til kommunar og fylkeskommunar er regulert i §5 i "Lov om målbruk i offentleg teneste":
http://www.lovdata.no/all/hl-19800411-005.htmlDet er tre fylkekommunar som har gjort lokalt målvedtak om nynorsk (etter §5 i mållova): Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Det er to fylkekommunar som har gjort lokalt målvedtak om bokmål (Østfold og Vestfold). Alle dei 14 andre er nøytrale.
Tenestemålet til FylkesmannenTenestemålet til Fylkesmannen er regulert av §5 i "Forskrift om målbruk i offentleg teneste", 2. ledd
http://www.lovdata.no/for/sf/ku/xu-19801205-4938.html#5, og skal følgje fleirtalsmålforma for kommunene i tenestekrinsen (fylket), etter reglane i lov om målbruk i offentleg teneste § 7.
Det er fire fylkesmenn som har nynorsk som tenestemål: Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Rogaland.
Det er ni fylkesmenn som har bokmål som tenestemål: Østfold, Oslo og Akershus, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Vest-Agder, Nordland og Finnmark
Det er fem fylkesmenn som er språknøytrale: Telemark, Aust-Agder, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Troms