Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Haustseminar på Lillehammer

Haustseminaret på Lillehammer vart eit spennande og kjekt seminar. Vi var om lag 75 deltakarar og mange frå Austlandet, og det er sjølvsagt ekstra kjekt.

Nedanfor er programmet med lekkje til nokre av innleiingane eller saker laga om seminaret.
Her kan du sjå nokre bilete frå seminaret.

Laurdag 13. oktober
10.30 Registrering, kaffi og noko å bite i

11.30 Velkomen til Lillehammer og haustseminar i Noregs Mållag ved Janne Nygård, nestleiar i Noregs Mållag

11.40 Kva politisk rolle har språk? Om mindretalsspråksituasjon med utgangspunkt i Wales.
ved Richard Wyn Jones, professor i walisisk politikk
12.30 Spørsmål og ordskifte

13.00 Lunsj

14.00 Kvifor byter elevane frå nynorsk til bokmål? Kva kan gjerast?
Oppsummering av Målstreken-prosjektet
ved Karen Marie Kvåle Garthus, prosjektleiar

14.30 Språkpolitiske perspektiv på målbyteproblematikken
ved Eli Bjørhusdal, doktorgradstipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

14.45 Kva slags sidemålsordning treng nynorsken? Eit fagleg svar.
Gudrun Kløve Juuhl, høgskulelektor ved Nynorsksenteret og Margit Ims, norsklærar ved Kvitsund gymnas i Telemark.
Innlegg og ordskifte

15.30 Kaffipause

15.45 Det politiske svaret – kva slags sidemålsordning treng nynorsken?
Debattantar: Helga Hjetland, (Noregs Mållag), Guri Melby (V), Anne Tingelstad Wøien (Sp), Elisabeth Aspaker (H), Hanne Blåfjelldal (FrP) og Elisabet Dahle, statssekretær i Kunnskapsdepartementet (SV).
Innlegg og ordskifte

17.15 Pause

17.30 Presentasjon av innføringsbøker om 2012-rettskrivinga
ved Aud Søyland, språkkonsulent
Spørsmål og ordskifte

18.00 Slutt for dagen

20.00 Middag
Musikk og ord ved Bjørn Sigurd Glorvigen og Even Lusæter



Sundag 14. oktober
09.30 Kvifor nynorsk? Kvifor Noregs Mållag?
ved Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag
09.50 Ordskifte

10.15 Språkåret 2013 – Kva vil vi få til?
ved Inger Johanne Sæterbakk, dagleg leiar for Språkåret 2013
10.45 Spørsmål og ordskifte

11.15 Pause

11.30 Nynorskstafetten 2013
Noregs Mållag skal vitje om lag 125 stadar i Språkåret ved Hege Lothe
Innleiing og ordskifte
11.50 Dette skal vi gjere i Språkåret, ved Even Lusæter, leiar i Austmannalaget
12.00 Dette skal vi gjere i Språkåret, ved Jens Haugan, leiar i Hamar Dialekt- og Mållag
12.10 Ordskifte

12.40 Nynorsk i det offentlege
Korleis få staten til å følgje mållova? Korleis klage på brot på mållova?
ved Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag og styremedlem
13.00 Spørsmål og ordskifte

13.25 Avslutning og vel heim
13.30 Lunsj

Konferansier:
Janne Nygård og Nina Berge Rudi

Tid: Laurdag 13. og sundag 14. oktober
Stad: Birkebeineren Hotel & Apartments på Lillehammer

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no