Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ver med på kampanjen #nynorskverksemd

Noregs Mållag oppmoda folk om å ta bilete av verksemder som nyttar nynorsk og merkje dei med emneknaggen #nynorskverksemd på Twitter, Facebook og Instagram.

Mållaget starta kampanjen for å heidre alle de der ute som gjer nynorsken synleg. For at nynorsken skal styrkje seg, er det heilt avgjerande at han vert sett og lesen. 

Å sjå nynorsk i butikken, i avislysingar og reklameblad gjer det lettare for alle nynorskbrukarar å halde fram med å skrive nynorsk, og det gjer det lettare for skuleungar å lære seg nynorsk. Slik er desse verksemdene med på å gjere det lettare å bruke og å lære seg nynorsk for både unge og vaksne.

Alle som nyttar nynorsk i verksemda si, fortener ros for det.

Ta bilete av verksemder som nyttar nynorsk og merkje dei med emneknaggen #nynorskverksemd på Twitter, Facebook og Instagram. Me sender nynorsk verksemd-klistremerke til verksemda og eit takkbrev i posten. Vil du ha klistremerke i posten? Send melding direkte til krambua@nm.no

Er det noko du lurer på, ta gjerne kontakt:
Skrivarstova - 23 00 29 30
Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag - 45 47 17 16

Dei bileta du legg ut på Instagram med emneknaggen #nynorskverksemd vert lasta opp nedanfor. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no