Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Eit historisk perspektiv Pedagogiske fordelar Nasjonal politikk Frå elevsynspunkt I minoritetsposisjon Frå lærarsynspunkt Frå vgs-synspunkt Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Odda-modellen: språkdelt ungdomsskule

God språkopplæring kjem langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordela elevar i nye klasser. Dette råkar nynorskelevane i dei delane av Noreg med språkblanda skular. Noregs Mållag vil at elevar skal ha rett til å få opplæring på eige språk ut grunnskulen.

Stoda i dag er at:

• elevar berre har rett på opplæring på hovudmålet sitt i 7 år av 13 år i grunnskulen.

• undervisingspersonalet, og ikkje elevane, avgjer opplæringsmålet i ungdomsskulen.

• elevane i ungdomsskulen har ikkje rett til anna enn undervisingsmateriell og eksamen på eige språk, og å få levera skriftlege arbeid på hovudmålet. I praksis tyder det at dei aller fleste av desse elevane får storparten av undervisinga si på bokmål.

• norsk språkopplæringspolitikk bryt med det som internasjonalt er rekna som ein sentral språkrett, retten til opplæring på eige språk.

Her kan du tinge gratis flygeblad: Språkdelt ungdomsskule. 

Språkdelte klassar i ungdomskulen 

Dette har me vedteke: ”Landsmøtet vil at Norges Mållag arbeider aktivt for at Stortinget løyver ekstra midlar til å halde oppe språkdelinga i Odda slik at ein unngår debatt om dette ved kvar budsjetthandsaming. Landsmøtet vil at Norges Mållag arbeider aktivt for at andre ungdomsskular i målblanda område i landet skal kunne gjennomføra full språkdeling og få ekstrakostnadene med dette dekka av staten”.

I 2014 skipa Noregs Mållag haustseminar i Odda om Odda-modellen og språkdelt ungdomskule. Nedanfor ligg dei skriftlege innleiingane frå seminaret. 

Eli Bjørhusdal: Nynorskelevar i minoritetsposisjon – ein språkpolitisk analyse

Terje Kollbotn: Odda-modellen i eit historisk perspektiv

Helga Mannsåker: Pedagogiske fordelar ved Odda-modellen

Sigrid Walle og Liva Thiis: Nynorskopplæringa sett ifrå eit elevsynspunkt

Inge Reinsnos: Odda-modellen: Kva går det ut på?

Ingvild Jøsendal: Nynorskelevar i språkblanda vidaregåande skule

Marit Aakre Tennø: Kan Odda-modellen verta nasjonal politikk? 

Uttale frå klubben på Odda ungdomskole: Språkdeling Odda ungdomskole 

Dette sa Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, i møte med Kyrkje,- utdanning,- og forskingskomiteen på Stortinget i oktober 2014, om Odda-modellen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no