Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Eit historisk perspektiv Pedagogiske fordelar Nasjonal politikk Frå elevsynspunkt I minoritetsposisjon Frå lærarsynspunkt Frå vgs-synspunkt Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Terje Kollbotn i Ungdomshallen i Odda 27. september 2014:

Odda-modellen i eit historisk perspektiv

Omgrepet ”Odda-modellen” vart unnfanga i Ungdomshallen i samband med årsmøtet i Odda Mållag i mars 2014. Då var hovedtemaet: Korleis kan vi ta vare på språkdelinga ved Odda Ungdomsskole – og kan vi gjere ordninga nasjonal? 

Språkdelinga i Odda gjer at dei elevane som har hatt opplæring i nynorsk i barneskulen, får halde fram med nynorskopplæring i ungdomsskulen. Elevane får all undervisning og alt undervisningsmateriell i alle fag på hovudmålet sitt. Dette gjer elevane til trygge språkbrukarar. Denne ordninga hindrar målbyte i grunnskulen og medverkar til at so godt som alle elevane held fram med nynorsk i den vidaregåande skulen og seinare i livet.

Konklusjonen på årsmøtet var at utsendingane frå Odda Mållag skulle løfte ordninga med språkdelinga i alle fag i heile grunnskulen, den sokalla Oddamodellen, fram  på landsmøtet i Norges Mållag i april. Landsmøtet i Norges Mållag slutta seg samrøystes til dette initiativet frå Odda både i ei eiga fråsegn og i det nye arbeidsprogrammet. Landsmøtet gav full støtte til kampen for å halde oppe språkdelinga ved Odda Ungdomsskole, både på eit målpolitisk og pedagogisk grunnlag. Landsmøtet vedtok og:

”Landsmøtet vil at Norges Mållag arbeider aktivt for at Stortinget løyver ekstra midlar til å halde oppe språkdelinga i Odda slik at ein unngår debatt om dette ved kvar budsjetthandsaming.

Landsmøtet vil at Norges Mållag arbeider aktivt for at andre ungdomsskular i målblanda område i landet skal kunne gjennomføra full språkdeling og få ekstrakostnadene med dette dekka av staten”.

Den nye leiinga i Norges Mållag lova å prioitere desse vedtaka. Og det har dei gjort. Eit resultat er dette Haustseminaret i Odda, med Oddamodellen som eit sentralt tema.

Bakgrunnen for at denne saka i dag er brennaktuell er fleire:

Denne ordninga, som i år er 100 år gamal, har stått i fare for å bli avvikla i Odda kommune dei siste to åra. Samstundes er denne ordninga eit glimrande svar på dei store utfordringane med målbyte frå nynorsk til bokmål blant ungdom i deler av landet.

STATUS

Hausten 2012 foreslo den nye rådmannen i Odda kommune å kutte ut språkdelinga ved Odda Ungdomsskole i budsjettet for 2013. Argumentet var einsidig økonomisk. Dette budsjettkuttet ville gje ei innsparing på 1,3 mill. i ein  utfordrande økonomisk situasjon for Odda kommune. Dei komande fire åra var det behov for å redusere driftsnivået med 50 mill. Det totale driftsnivået i kommunen er over 700 mill. 

Ordninga overlevde i budsjett 2013 med ei overvekt på ei røyst – 14 for - 13 mot i Odda kommunestyre. Arbeiderpartiet, Demokratene og Raudt utgjorde dette fleirtalet - medan Høgre, Venstre, Senterpartiet og bygdelista Nye Odda røysta for å avvikle ordninga. Dei politiske argumenta for å avvikle ordninga har vore fleire, i tillegg til dei reint økonomiske. Det har blitt hevda at ordninga er avlegs og har overlevd seg sjøl,  dette er ei luksusordning vi ikkje har råd til og bruk for lenger, det er viktigare å halde oppe småskulane i utkantane av kommunen ( i Røldal, Skare og Tyssedal), elevane klarer seg i dag godt utan denne ordninga, og Odda bør heller bli ein rein nynorsk-kommune. Eg skal kommentere desse innvendingane mot Oddamodellen seinare.

2013 var eit viktig jubileumsår i Odda. Då fylte kommunen  hundre år. Året vart feira med ei rekkje arrangement, og mange fekk ei djupare forståing av den stolte og særeigne historia til kraft- og industrikommunen Odda.

Mellom anna sette Odda Mållag fokus på historia bak og verdien av språkdelinga i grunnskulen i Odda gjennom hundre år på eit ope møte på Meieriet Kulturhus hausten 2013. Likevel foreslo rådmannen på nytt kutt i språkdelinga ved Odda Ungdomsskole – i budsjettet for 2014. Grunngjevinga var tredelt: økonomiske innsparingsargument, ordninga var ikkje lovpålagt (berre ei ”kan-oppgåve”) og dei faglege og pedagogiske argumenta var motstridande. Dette førte til ein brei debatt og mobilisering for språkdelinga. Odda Mållag, Utdanningsforbundet og Elevrådet ved Odda Ungdomsskule kom med klåre fråsegner til kommunestyret til støtte for fortsatt språkdeling ut grunnskulen i Odda.

Den avsluttande budsjettprosessen like før jul 2013, vart ein ny thriller. Eg kan ikkje røpe alt som skjedde i dei to øvste etasjane i Rådhuset i Odda. Men språkdelinga overlevde  og i  budsjettet for  2014 – igjen med ei overvekt på ei røyst, og med det same fleirtalet som året før (Arbeiderpartiet, Raudt og Demokratene).

Dette vedtaket satt likevel svært langt inne. Difor var det naudsynt å fremje fylgjande tilleggsframlegg i kommunestyret i desember 2013:

”Ny vurdering av språkdelinga i Odda kommune.

Odda kommune har hatt språkdeling nynorsk/bokmål i grunnskulen i Odda sidan kommunen vart grunnlagt for hundre år sidan. Dette har både historiske, kulturelle, språkpolitiske og pedagogiske årsaker.

Odda kommunestyre vil ta initiativ til ei brei evaluering av ordninga i 2014. På grunnlag av faglege og pedagogiske vurderingar, vil saka bli sendt ut på høyring og eiga sak i kommunestyret i god tid før budsjettprosessen startar hausten 2014”.

No står vi framfor det tredje – og kan hende det avgjerande slaget om språkdelinga i grunnskulen i Odda i samband med budsjettprosessen for 2015. Odda kommunestyre skal avgjere denne saka på sitt budsjettmøte den 18. desember, etter at formannskapet har lagt fram si innstilling den 4. desember. Rådmannen vil etter planen leggje fram sitt budsjettforslag den 6. november. Oppvekstsjefen har bede Odda Ungdomsskole kome med ei vurdering innan 30.september (dvs. neste tirsdag). Deretter vil rådmannen utforme si innstilling. Eg forventar at denne innstillinga byggjer på grundige faglege og pedagogiske vurderingar, slik kommunestyret har bede om – ikkje berre økonomiske argument.

Når vi no står framfor den store debatten om språkdelinga både her på Haustseminaret og vidare utover hausten, er det viktig å kjenne til den historiske bakgrunnen for at ordninga vart innført - og erfaringane sidan. Vi kan ikkje berre avvikle med eit pennestrok ei ordning som har fungert godt i hundre år av snevre økonomiske grunnar. Men vi kan sjølsagt heller ikkje halde oppe ei ordning berre fordi ho er hundre år gamal. Spørsmålet er kva verdi har ho i dag og i framtida?

HISTORIKK

Skal ein diskutere Odda-modellen, må ein skjøne historia til Odda. Denne historia om overgangen frå eit gamalt lite bygdesamfunn inst i Sørfjorden og Hardanger til eit moderne industrisamfunn etter 1906, er eit viktig stykke Norgeshistorie som vi deler med mange andre industrisamfunn i landet.

Odda-modellen er eit direkte resultat av industrialiseringa. Før etableringa av eit av verdas største høgtrykk-kraftanlegg i Tyssedal og verdas største karbid- og cyanamidfabrikk i Odda tok til i 1906, var bygdekulturen og landsmålet einerådene. Ivar Aasen var ein helt - og Odda Ungdomslag, skipa i 1892, og Odda Skyttarlag var dei to einaste folkelege organisasjonane.

Ungdomshallen, storstova til Odda Ungdomslag, vart innvia i januar 1908. Då var fleire tusen bygg- og anleggsarbeidarar, rallarar, fagarbeidarar i alle fag, og noen ingeniørar og kokker i full sving både i Tyssedal og Odda med ”den nye arbeidsdagen”. Denne brytningstida kalla den legendariske bygdebokforfattaren Olav Kolltveit for ”den framande invasjonen” i Odda. Dei aller fleste innvandrarane (innflyttarane) som kunne skrive, nytta riksmål, eller svensk.

Odda Ungdomslag, på folkemunne ofte kalla ”aokansfolkje”, vedtok i angst å endre vedtektene sine. Berre folk som var fødde og oppvaksne i Odda kunne bli medlem i Ungdomslaget.

Folketalet vart mangedobla i Odda. Dei finaste gardane i Odda (Bustetun, Prestegård, Opheim og Bakka) var kjøpt opp for storindustrielle formål. Den framveksande arbeidarrørsla tok initiativ til å byggje Folkets Hus eit steinkast unna Ungdomshallen. Folkets Hus vart innvia 15. november 1914. Den kulturelle avstanden mellom Ungdomshallen og Folkets Hus var milevis. 1. februar 1914 var det stormøte i Ungdomshallen for å diskutere kva språk som skulle gjelde i den nye industrikommunen. Om lag 400 var samla.Det store fleirtalet - 213 mot 145 - røysta for målbyte. Etterpå røysta 147 (mot 137) ned framlegget om parallellklassar. Riksmål representerte den nye tida, den industrielle revolusjonen. Medan landsmålet vart sett på som ”bondemålet”. ”Alt det gamle med jorda vi jevner” sang arbeidarane i Internasjonalen og gjorde som direktørane, ingeniørane og funksjonærane: skreiv riksmål og fann på dette viset eit slags likeverd med motparten i forhandlingar og protokollar.

Den nye kommunen som såg dagens ljos 1. juli 1913, sto framfor mange utfordringar. Elevtalet hadde mangedobla seg. 1. trinn i den nye folkeskulen, som var ferdig alt i 1912, var blitt for liten.

Det skulle byggjast kommunalt sjukehus, fagskule og andre velferdstilbod, vegar, vatn og avløpsnett. Ein moderne industriby var i rivande utvikling. Elektrisitetsverk og gateljos kom på plass på rekordtid. Samstundes var Odda prega av ein sterk kulturkamp og klassekamp. I denne kaotiske og spenningsfylte situasjonen gjorde det nye skulestyret i Odda  den 18. februar 1914 eit framsynt og historisk vedtak: I Odda krins skulle det vere parallellklassar. Foreldra kunne sjølve velja målform for borna sine. Det var første staden i landet der dette vart gjort. Då denne ordninga ikkje hadde noen heimel i skulelova, gjekk saka til departementet.

Departementet og kyrkjeminister Jørgen Løvland godkjende vedtaket og sa at slik tilhøva var i Odda var det ”både heldig og anbefalelsesverdig”. Frå hausten 1914 gjekk om lag 2/3 av skuleborna i riksmålsklassar og 1/3 i landsmålsklasse, eit tal som heldt seg konstant i mange år. Bygdebokforfattar Olav Kolltveit kommenterte dette slik 50 år seinare:

 ”Vedtaket i 1914 førde til at målstriden stilna og det gjorde ikkje lite til å betra ”sameksistensen” mellom innfødde og innflytte”

Ordninga var med andre ord eit politisk kompromiss mellom gamal og ny tid. Dette erstatta det som kunne ha blitt ein bitter språkstrid i mange år, med riksmål, seinare bokmål i fleirtal. Dette kunne langt på veg ha utrydda nynorsken i skuleopplæringa i Odda for hundre år sidan. Istaden vart løysinga i Odda eit mønster for andre kommunar med liknande motsetnader.

Hovedmannen bak denne kloke løysinga var bonden, læraren (seinare skuleinspektøren) og Venstrehøvdingen Kristofer Eitrheim. Målreisinga var ei hjartesak for han. Han var leiar av det første skulestyret i Odda. I det nye kommunestyret i Odda frå 1913 var Kristofer Eitrheim og i mange år den sjølvskrevne parlamentarske føraren for alle dei borgarlege partia i Odda. Det kan vere eit tankekors at Odda Venstre og dei andre borgarlege partia dei siste par åra har vore dei mest ihuga for å få fjerna Odda-modellen.

I Tyssedal var tilhøva annleis. Der var nesten alle innflyttarar, dei fleste frå Austlandet. Dei ynskte riksmålsopplæring i folkeskulen, og det gjekk skulestyret med på utan vidare. I dag er det framleis berre bokmålsundervisning i Tyssedal. I dei andre skulekrinsane i Odda var det og er det ikkje spørsmål om om noko målbyte frå nynorsk.

På starten av 1920-talet og 1930-talet vart det økonomisk krise i Odda, som fylgje av depresjon og massearbeidsløyse. Kommunen vart satt under administrasjon. Men Odda-modellen overlevde, trass trange økonomiske tider i kommunen.

I Odda var det to aviser: Venstreavisa ”Hardanger”, som kom ut på nynorsk, og hovedavisa Hardanger Arbeiderblad (seinare Hardanger Folkeblad), som kom ut på bokmål. Heilt fram til 1970-talet var det overvekt av bokmålsklassar. Men dette endra seg gradvis. I dag er det 2/3 av borna i Odda krins som går i nynorsk-klassar.

Det var fleire årsaker til det: Etter EEC-kampen i 1972, var dei nasjonale straumdraga sterkare og medvetet om norsk språk og kultur vaks fram, kombinert med ein ny radikalisme blant ungdom. Dette styrka nynorsken si stilling mange stader, også i Odda.

Det vart gjennomført fleire aksjonar for nynorske lærebøker av skulelevar i Odda. Odda Målungdom hadde vind i sigla i fleire periodar. Odda Mållag sette så igong ei vellukka kampanje: ”Snakk oddisk – skriv nynorsk”. Dette auka medvitet om at den særeigne Odda-dialekta, eit resultat av ein kulturell og sosial smeltedigel sidan 1906, hadde meir til felles med nynorsk skriftspråk enn bokmål. Eg trur ikkje mange i Odda seier: ” Jeg tror ikke” (kan hende framleis i Tyssedal).

At dei fleste forfattarane frå Odda nyttar nynorsk, kan og ha inspirert foreldra til å velje nynorsk-klasse for borna sine.

NYNORSKEN I ARBEIDSLIVET OG FAGRØRSLA

Skal ein vinne viktige faglege og politiske kampar i Odda, bør ein ha fagrørsla med på laget – i alle fall ikkje som motkraft. Det har vekslande regjeringar, arbeidsgjevarar og JA til EEC / JA til EU-forkjemparane fått merke i kampane for nasjonalt sjølvstende både i 1972 og 1994.

Dei første 2-3 generasjonane fagleg tillitsvalde var nesten utan unnatak bokmålsfolk (eller svenskar).

Det nye på 1970- og 1980-talet var at fleire sentrale fagforeingsfolk og tillitsvalde på arbeidsplassane i Odda var eller vart nynorskbrukarar. Både i skrift og tale vart nynorsk nytta i fråsegner, skriv, debattinnlegg og i møteprotokollar. Dette vart først møtt av enkelte fleipete kommentarar om å slutte med ” fjøsmålet” i fagforeiningsarbeid. Men det vart fort akseptert lokalt. Mange av LO- medlemane var jo nynorskfolk, både dei som hadde kome som tilflyttarar frå andre deler av Hardanger, Voss eller Sogn for å få arbeid i industrien og bygg- og anlegg – eller hadde begynt på fabrikkane i Odda og Tyssedal, sjøl om dei budde i ”fjorden”, dvs. i nabokommunen Ullensvang. Noen av desse vart sentrale tillitsvalde i Odda Kjemiske Arbeiderforening på Zinken eller i Samorganisasjonen.

Då Odda og Omland faglige Samorganisasjon (i dag LO i Indre hardanger) fylte 75 år i 1989, vart den første samla framstillinga av fagrørsla si historie i Odda sidan 1906 gitt ut. Den hadde mange forfattarar og var delvis skrive på bokmål og delvis på nynorsk. Det var eit resultat av ein naturleg modningsprosess sidan 1914. For ikkje å snakke om at LO sin store jubileumsfest i Odda i 1989, med den nyvalde LO-leiaren Yngve Hågensen som æresgjest, vart halden i Ungdomshallen. Heilt uhøyrd både i 1914 og i 1964. Og i 1990 fekk Odda og Omland faglige Samorganisasjon Minimålprisen og ei Nynorsk-ordbok av Odda Mållag. Det vart lagt merke til innan fagrørsla. Og ordboka vart flittig brukt på LO-kontoret.

Men verre var det ute i arbeidslivet og i fagrørsla sentralt. Eg vil fortelle om eitpar sjølopplevde episodar som fagleg tillitsvald som viser dette:

Som leiar i Odda Bygningsarbeiderforening og tillitsvald i Fellesforbundet sidan 1989-talet, deltok eg på ulike forhandlingsmøte med repesentantar for Arbeidsgjevarforeninga og organisasjonsarbeidarar i Fellesforbundet. Når eg la fram skriftlege krav eller forslag til tvisteprotokoll på vegne av fagforeininga og medlemane, vart dette bortimot konsekvent omsett til bokmål før underteikning. Nynorsk var – og til dels er, framleis 2.rangs i arbeidslivet.Dette er undertrykkjande og diskriminerande. Dettte opplever mange arbeidsfolk med nynorskbakgrunn i sitt daglege arbeid. Skal dei skrive driftsrapportar, gjere avtalar eller svare på meldingar, er det stort sett forventa at dei svarar på arbeidsgjevar sitt ”offisielle” språk, som med få heiderlege unntak er bokmål.

Då eg for første gong var delegat på LO-kongresssen i 1989, opplevde eg den språklege einsrettinga i LO-systemet ekstra sterkt. På LO-kongressen blir det skrive daglege referat av alle innlegg og forslag. Eg hadde med meg hjartesakene vedtatt i fagrørsla i Odda, i klår tale, skrive på nynorsk. Eg vart mildt sagt overraska og forbanna når innlegga og forslaga mine vart trykt på bokmål i dei daglege referata. Eg gjekk rett til sekretariatet med krav om at dette vart retta opp. Svaret var nei,  for ”alle delegatene har rett til å skjønne hva som står i kongressreferatet”. Eg tok dette opp frå talarstolen på kongressen og ba dei som ikkje hadde skjøna kva eg hadde sagt i innlegga mine dagen før å rekkje opp ei hand. Inga hand i været. Men det hjalp ikkje. Sekretariatet sto på sitt.

LO er Norges største interesseorganisasjon. Å vinne LO for jamstilling i arbeidslivet og i eigen organisasjon – ikkje berre når det gjeld kjønn, rase og seksuell legning – men og jamstilling mellom bokmål og nynorsk har vore tøft.

Men det skjedde eit historisk gjennombrot å på LO-kongressen i mai 2013.

Her er vedtaket:

LO sitt nye handlingsprogram 2013-2017

KAPITTEL 11 KULTUR

Kultur må avspeile mangfoldet.

”LO vil arbeide for likestilling mellom nynorsk og bokmål. Dette innebærer at alle skal kunne bruke sin målform i arbeidslivet, at det blir gitt god opplæring på begge målformer i skolen og at mållova følges i praksis”.

No gjeld det å få LO-leiinga til å fylgje opp dette vedtaket. Til no er det få teikn til at dei gjer det. Om vi les LO-Aktuelt, seinast dagens utgåve -  og fagblada til dei største forbunda, er dei kjemisk rydda for nynorsk. 

Landsmøtet i Norges Mållag i år gjorde eit framifrå vedtak om å invitere til samarbeid med LO og andre deler av fagrørsla på grunnlag av dette LO-vedtaket, og organisere eit eige fagleg arbeid.

Vedtaket, som var samrøystes, lyder slik:

”LO-kongressen i 2013 vedtok i sitt nye handlingsprogram at LO vil arbeida for likestilling mellom bokmål og nynorsk i arbeidslivet og samfunnet elles. På bakgrunn av dette vil Norges Mållag invitere LO til samarbeid om korleis dette kongressvedtaket best kan fylgjast opp.

Norges Mållag vil og byggja opp eit fagleg utval og nettverk for å styrkja stillinga til nynorsk i arbeidslivet og fagrørsla, spesielt i LO. Medlemsverving blant LO-medlemar og tillitsvalde blir og prioritert”. Norges Mållag kan vere ein naturleg pådrivar her.Det vil og styrke kampen for språkdelinga og god språkopplæring på vidaregåande nivå og reell jamstelling i arbeidslivet. Målet bør vere at den neste LO-kongressen i 2017 fattar enno meir forpliktande vedtak i sin handlingsplan for korleis reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk kan sikrast."

MÅLBYTE

I dag opplever vi eit sterkt press frå mange hald i retning av målbyte når ungdom kjem på ungdomsskulen, på vidaregande skular og i arbeidslivet. Ikkje minst gjeld dette arbeidarungdom som søkjer på yrkesretta liner og i læretida. Både lærematriell,  undervisningsopplegg og faguttrykk til dømes innan elektro, byggfag og TIP (Teknikk, Industri, Produksjon) er stort sett bokmål, likeeins innan lærebedrifter og i arbeidslivet. Dette blir forsterka av sentraliseringsprosessar på mange område, bruk av dataverkty på bokmål og einsretting (med noen få unnatak) i media.

KORLEIS KAN VI VINNE?

Kampen for reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk i alle fag i heile grunnskulen (inkludert ungdomstrinnen) og på vidaregåande skule, i arbeidslivet og i dei faglege organisasjonane er eigentleg fleire sider av same kamp.

Skal vi ha sjans til å vinne gjennom med Odda-modellen som eit viktig steg for språkleg jamstelling i Norge, må vi både få gjennomslag i dei politiske partia lokalt, på fylkesplan og nasjonalt. Både LO, fagforbunda i LO (der Fagforbundet og Fellesforbundet åleine har ein halv million medlemar) og andre deler av fagrørsla som Utdanningsforbundet, NITO og Akademikerne må no bli utfordra.

Det første slaget står her i Odda denne hausten. Om fleirtalet i Odda kommunestyre går inn for å avvikle ordninga like før jul, vil det dramatisk setje denne saka attende. Istaden bør Odda kommunestyre gå inn for at ordninga skal halde fram, og kreve full økonomisk kompensasjon for meirutgifter frå staten. Blir kravet innfridd,  vil dei økonomiske argumenta falle vekk. Odda kommunestyre kan tverrpolitisk gå saman med Norges Mållag om å løfte denne saka opp på rikspolitisk plan og få støtte i Stortinget for ei språkpolitisk reform som kan motverke målbyte mange stader i landet.

ODDA EIN REIN NYNORSK-KOMMUNE?

Enkelte lokalpolitikarar hevdar at vi bør gjere Odda til ein nynorsk-kommune, no når nynorsken er i fleirtal. Om innbyggjarane i nabokommunane ynskjer å slå seg saman med Odda til ein større kommune, vil nynorskprosenten auke endå meir. Det kan verke forlokkande for enkelte mållagsfolk å støtte ein slik strategi.

Som mållagsmann og Raudt-politikar vil eg sterkt åtvare mot dette. Det er både historielaust og respektlaust mot det historiske kompromisset i Odda i 1914.

Det vil vere misbruk av nynorsken si sterke stilling i Odda i dag og gjere det motsette av det bokmålsfleirtalet gjorde då dei hadde fleirtalet. Å styrke nynorsken med tvang vil skape ein ny opprivande språkstrid som vil fungere destruktivt. Odda er i ein situasjon der vi har mange felles utfordringar når det gjeld svekka kommuneøkonomi, lokalsjukehuset som er truga, å snu nedgang til ny vekst når det gjeld folketal (og elevtal) og arbeidsplassar, og sentralisering av kraft, kapital og politisk makt.

SLUTTORD

Om elevar, lærarar og foreldre knytta til Odda Ungdomsskole no mobiliserer og slår ring om språkdelinga ved Odda Ungdomsskole – om Odda Mållag og Norges Mållag kan klare å løfte denne saka til å bli den viktigaste å vinne i tida framover,  og om fagrørsla i og utanfor LO i Odda mobiliserer, kan vi vinne første slaget i kommunestyresalen den 18. desember.

Då har vi både tatt vare på ei ordning som har fungert bra og blitt videreutvikla i heile grunnskulen i Odda i 100 år. Og då har vi lagt grunnlaget for Odda-modellen som ein nasjonal standard. Det vil både vere til gagn for både nynorsken og Odda-samfunnet i framtida.

Terje Kollbotn, innleiing på Haustseminaret i Odda
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no