Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Eit historisk perspektiv Pedagogiske fordelar Nasjonal politikk Frå elevsynspunkt I minoritetsposisjon Frå lærarsynspunkt Frå vgs-synspunkt Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Innleiing av Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag:

Kan Odda-modellen verta nasjonal politikk?

Odda-modellen tok til i ei tid då målstriden var ein heilt annan enn i dag. Odda var på veg inn i ei ny tid med industriutbygging og stor tilflytting. Nynorsk stod mot bokmål, men i ei tid då framtida for språka såg annleis ut enn ho faktisk ser ut i dag. Grunngjevinga den gongen var språkfred, og neppe pedagogiske omsyn. At ein gjorde som ein gjorde for 101 år sidan, er grundig dokumenterte historiske fakta.

Odda er på mange måtar litt spesiell, her er styrketilhøvet mellom bokmål og nynorsk ganske likt. Bokmålet er rett nok det elevane ser i stort mon rundt seg, men dei lever i ein språkdelt kommune som er omgjeven av nynorskkommunar.

Språkskiftet er lite, både i ungdomsskulen og når dei kjem opp på vidaregåande, der det tradisjonelt er størst språkskifte. Det låge språkskiftet skil Odda frå andre stader i randsonene der språkskiftet er lågt berre på ungdomsskulen. At språkdelinga i Odda har vore med å halda nynorsken så sterk som han er i dag, er det ikkje tvil om. Sjølvsagt godt hjelpt av eit godt lokalt mållag og ungdomslag og det at omlandet rundt Odda er nynorskområde. Odda i seg sjølv har ikkje vore stort nok til å spreia bokmålet utover, slik Bergen delvis driv med.

Ein skal vera forsiktig med å spå korleis språkstoda ville sett ut her utan Odda-modellen, og ja utan heile parallellklasseretten. Men det at ein fann eit system for å skilja elevane utan strid, og sikra at dei fekk all undervisninga si på det språket dei valde, har nok gjort til at nynorsken har sloppe å måtta forsvara plassen sin på same måte som brukarane må på andre stader. Likevel ser me at liknande industristader som Høyanger og Sauda no snart er reine nynorskstader. I Høyanger har der ikkje vore nynorskklasser sidan 90-talet og i Sauda er bokmålsklassene nesten vekke.

Men Odda-modellen sitt bidrag går utover det å bevare språket. Som Helga Mannsåker i dag har synt, er nettopp det å gje elevane heile undervisninga si på anten nynorsk eller bokmål gjennom heile ungdomsskulen ein stor pedagogisk styrke. Slik trygg og god hovudmålsundervisning får sjølvsagt ungdomsskuleelevar i Hareid og bokmålselevar på Jevnaker òg. Problemet oppstår i randsonene for nynorsken. Det typiske dømet vil vera i kommunar der ein har små grendeskular som underviser på nynorsk og større skular meir sentralt med bokmål. Alle desse elevane vert sentraliserte til ein stor ungdomsskule og elevane blanda i nye klasser uavhengig av opplæringsspråk.

Desse elevane får for dårleg opplæring i sitt hovudspråk. Dette har Noregs Mållag sagt i mange år. I vår kom ein rapport frå Utdanningsdirektoratet, skriven av Proba samfunnsanalyse. Den stadfesta vårt syn. Nynorskelevar i språkblanda klasser får ikkje den nynorskundervisninga dei skal ha. Opplæringa er mangelfull, og nynorskopplæringa er ofte avgrensa til den nynorskopplæringa dei andre elevane får i si sidemålsundervisning, skriv forskarane.

Desse elevane vert omgjevne av bokmål også i skulen. Medan det dei treng, er å sjå og lesa meir nynorsk, for å kunna meistra det godt. Dei treng å verta skjerma for bokmål. Nynorskelevane finn mindre støtte for nynorsk rundt seg enn bokmålselevane gjer. Likevel held skular fram med å blanda bokmålselevar og nynorskelevar i same klasse, sjølv om det er nok elevar til at nynorskelevane kunne fått godt i same klasse. Me kjenner endåtil barneskular der dette vert gjort, trass i at det der er eit lovbrot. I ungdomsskulen kan skulane gjera dette med godt samvit. Her har elevane rett og slett ikkje lenger språklege rettar utover det å få bøker og prøver på eige språk. Opplæringsspråket er det heilt opp til læraren å bestemme. Resultatet i desse klassene er stort språkskifte. I mange tilfelle, som i Målselv og i Hemsedal, Sandnes, Gjesdal, Drangedal, Sauherad og Geilo, utraderer ein heile kull med nynorskelevar i løpet av tre år på ungdomsskulen.

Og ingen bryr seg. For dette er det frie valet til 14-åringar.

Vage sosiale og pedagogiske omsyn ligg ofte bak. Rapporten frå Proba samfunnsanalyse skriv at ein ungdomsskule dei har snakka med, ikkje vil at elevar frå same grend skal halda fram med å gå i same klasse. Andre grunngjevingar mållaget ofte høyrer, er at nynorskelevane ofte er så sterke at eigne nynorskklasser vert eliteklasser. Av pedagogiske omsyn må klassene blandast. Omsynet til språkopplæring kjem altså langt ned på lista over omsyn skulane synest det er viktig å ta. Eller for å seia slik det eigentleg er: omsynet til NYNORSKelevane kjem langt ned på lista av omsyn det er viktig å ta. Her vert nynorskeelevane sine behov og rettar systematisk nedprioriterte.

Eit anna funn i rapporten frå forskarane i Proba samfunnsanalyse er at det er omfanget av bokmål rundt elevane, som får dei til å byta frå nynorsk til bokmål. Det er omfanget i samfunnet som heilskap, lokalsamfunnet, mellom vener og på skulen som avgjer. Der nynorsken er mykje brukt i alle delar av samfunnet og skulen driv all opplæring på nynorsk, der byter sjeldan elevane frå nynorsk til bokmål. Det er klart at språkdelte klasser aukar nynorskomfanget rundt nynorskelevane og ikkje berre gjer det lettare for dei å læra seg å skriva nynorsk rett, men og gjer det lettare for dei å halda på nynorsken.

Valdres-prosjektet Målstreken som vart avslutta i 2012, synte det same. Det vart det dokumentert at det i hovudsak er strukturar og fleirtalspress som skubbar elevane over frå nynorsk til bokmål. Dei oppfattar bokmålet som det normale og vert i stort mon tekne i mot som bokmålselevar. Nynorsken må aktivt oppsøkjast og veljast. Det lettaste vert å lata seg draga med i bokmålsstraumen. Språket meistrar dei frå før.

Proba samfunnsanalyse har intervjua ei rekkje nynorskelevar om deira røynsler frå språkblanda klasser. Rapporten fortel om nynorskelevar som resignerte fortel om å vera i mindretal i klasser dominerte av bokmålselevar, og om stadig å måtta forsvara språket sitt mot negative utfall frå medelevar.

Kor rake i ryggen og medvitne kan ein forventa at 14-åringar skal vera?

I staden for å lata Odda kommune få leggja ned den gode ordninga med språkdelte klasser, bør Kunnskapsministeren gripa inn. Har han lesa rapporten frå Utdanningsdirektoratet, så veit han at mange av problema med stor bokmålsdominans i skulen: manglande opplæring og elevar som sit att med ei kjensle av å vera nedprioriterte, kan løysast gjennom å lata nynorskelevane gå i eigne klasser så langt det er råd, nett som i Odda.

Odda-modellen burde vorte eksportert, slik at alle elevar gjennom heile grunnskulen fekk opplæring i sitt hovudmål i alle fag. Alle som er opptekne av god lese- og skriveopplæring i Noreg, burde sjå til Odda.

Regjeringa er svært oppteken av læring og testing og kunnskap. I ein debatt dagen etter landsmøtet i fjor sa dåverande utdanningspolitisk talsperson i Høgre, no fiskeriminister, Elisabeth Aspaker, at ho var oppteken av dei elevane som har nynorsk som hovudmål og korleis ein skal få dei til å halda på nynorsken. Det er eg òg. Eg er som regjeringspartiet Høgre oppteken av god lese- og skriveopplæring. Men eg trur at skal nynorskelevane få god nok lese- og skriveopplæring, må styresmaktene sjå at det å driva god nynorskopplæring, krev at ein hegnar om nynorskelevane på ein annan måte enn ein treng gjera med bokmålselevane. Å driva opplæring i eit mindre brukt språk krev eit anna medvit enn det me ser at finst ute i skule-Noreg i dag.

I Odda har dei gjort sitt for å gje Odda-elevane eit best mogeleg tilbod i språkopplæringa i ein kommune med både nynorskskular og bokmålsskular. Og modellen er ein suksess. Odda er eit av dei få språkdelte områda der språkskiftet er lite og der delen nynorskelevar har auka dei siste åra. Det syner at Odda-modellen fungerer. I Odda har dei funne ei oppskrift på suksess.

Lat resten av Noreg òg få smaka på den suksessen.

 

av Marit Aakre Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no