Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Eit historisk perspektiv Pedagogiske fordelar Nasjonal politikk Frå elevsynspunkt I minoritetsposisjon Frå lærarsynspunkt Frå vgs-synspunkt Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Innlegg frå elevrådet ved Odda ungdomsskole:

Nynorskopplæringa sett ifrå eit elevsynspunkt

Hei, me er frå elevrådet ved Odda Ungdomsskule. Sigrid Walle og Liva Thiis. Me skal seia noko om ungdommen i Odda sitt synspunkt på språkdelinga.

Det er 13 klassar på skulen vår, der 6 av dei er bokmålsklassar. Me er 250 elevar som er delt opp i to forskjellige hovudmål. Det er ganske mange ungdommar.

Dei fleste føler seg trygge i klassane sine, men dersom dei fjernar språkdelinga, blir det nye klassar og forskjellige hovudmål. Elevane vil ikkje lenger føla seg lika trygge og sikre på seg sjølv. Lærarane vil få eit større ansvar og det blir ikkje like lett å læra vekk dersom det blir større klassar. Då blir det vanskeleg å følgja opp alle elevane.

I tillegg vil det også bli forvirringar for lærarar og elevar med skriving på tavla. Vi kjem jo til å behalda bøkene på vårt hovudmål, men alt som blir tatt i fellesskap, blir jo anten på nynorsk eller bokmål. Korleis skal ein velja kva for ei målform som skal brukast akkurat den timen? Og skal då elevane måtta slita meir i vanskelege fag på grunn av dette?

Det er elevar som treng ekstra hjelp i dag, som kjem til å trenga endå meir hjelp om språkdelinga blir fjerna. Det kjem til å bli endå vanskelegare å halda presentasjonar framfor klassen. Lærarane får ein større jobb med å setta karakterar dersom dei må ta omsyn til at nokre elevar er nynorsk og nokre er bokmål.

I tillegg har barneskuleelevane gått 7 år i klassar med sitt hovudmål, og skal så plutseleg koma inn i ein kombinert bokmåls- og nynorskklasse. Det blir ein stor overgang når dei både skal settast saman med elevar med anna hovudmål, og skal inn i større klassar. Det blir òg vanskeleg for lærarane å bli kjent med elevane når dei er så mange. Dersom dette skjer, mister mange elevar motivasjon og trua på seg sjølv, for ein jobbar best når ein liker læraren.

Me vil derfor behalda språkdelinga me har på skulen. Dette er til fordel for alle elevane.

Sigrid Walle og Liva Thiis frå Elevrådet ved Odda Ungdomsskule
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no