Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Eit historisk perspektiv Pedagogiske fordelar Nasjonal politikk Frå elevsynspunkt I minoritetsposisjon Frå lærarsynspunkt Frå vgs-synspunkt Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Innleiing av Eli Bjørhusdal, fyrsteamanuensis ved HiSF:

Nynorskelevar i minoritetsposisjon – ein språkpolitisk analyse

I denne innleiinga skal eg fyrst ta føre meg dei språksosiologiske kjensgjerningane som har sett nynorskelevane i minoritetsposisjon. Deretter skal eg kome med ein analyse av kvifor nynorskelevane sin språklege mindretalsposisjon ikkje har vore eit arbeidsfelt for norsk språkforvaltning. Så vil eg prøve å seie noko om kva for tenking som må endrast for at det skal kunne bli eit arbeidsfelt. Dette inneber òg ein kritikk av oss i målrørsla. Til slutt skal eg seie noko om kva ein kanskje kunne ha gjort, om ein tenkte annleis. Her kjem òg Odda-modellen inn.

Fyrst om bakgrunnen for at me diskuterer situasjonen for nynorsken, og dermed nynorskelevane, i norsk skule.

Eg skal ta utgangspunkt i to språkbruksendringar som alle her kjenner til. Den fyrste er målbyte, eller språkskifte, to synonym som refererer til det at elevar skifter frå nynorsk til bokmål som fyrste opplæringsspråk på ungdomssteget eller i vidaregåande. Den andre er dialektnivellering, altså at dialektane vert meir og meir like og meir og meir like eit overregionalt prestisjespråk, slik me ser i austlandsdalane der tradisjonelle dialektar mellom ungdom i stor grad er erstatta av ein type oslofjordstandard.

Det er vanskeleg å seie om det er meir målbyte frå nynorsk til bokmål mellom elevar no enn tidlegare, men det er ikkje vanskeleg å slå fast at det er større dialektnivellering. Desse språkendringstypane har utgangspunkt i det me kallar språkkontakt – altså at språkvarietetar kjem i kontakt med kvarandre, møtest, vert konfronterte, fordi språkbrukarar reiser, flytter og møtest. Dei siste femti åra har det vore langt større internasjonal språkkontakt, og langt større språkkontakt internt i Noreg.

Mangt kan skje når språk møtest, men, som sosiolingvisten Brit Mæhlum har peika på i fleire arbeid; mindretalsspråket i kontaktsituasjonen står ofte ikkje urørd att. Språkutviklinga etter språkkontaktsituasjonar skjer ofte på det dominerande språket sine premissar. I fredelege kontaktsituasjonar, der språkbrukarane i dei ulike språkgruppene har mykje med kvarandre å gjere, altså der det er mykje språkkontakt, vil mindretalsspråket ofte måtte ofre særleg mykje. Språkrettsvitaren Philippe Van Parijs seier det slik: “The nicer people are with one another, the nastier languages are with each other.” Altså: Di fjelgare folk er med kvarandre, di fælare er språka deira med kvarandre.

Kva ser me så i språkkontakttilhøvet mellom nynorsk og bokmål? Sidan andre verdskrigen har nynorsk vore på retur som fyrsteopplæringsspråk og som ålment bruksmål. I internasjonale oversyn over små språk er nynorsk ikkje definert som eit truga språk, men er likevel eit utsett, mindre brukt språk. Typisk for språk som er mindre brukte i fleirspråksstatar, er at dei vert oppfatta som avvikande og ikkje-normale, det språksosiologane kallar markerte. Dei vert òg ofte oppfatta som vanskelegare å meistre – fordi dei er mindre brukte i ålmenta slik at språkbrukarar vert mindre eksponerte for dei og mindre kjende med skriftbilete og språkstruktur.

Både markertheita og det ukjende og dermed vanskelege ved mindretalsspråk gjer at mindretalsspråk vert skifta frå. Mindretalsspråkbrukarar vert assimilerte til majoritetsspråkbrukarar fordi majoritetsspråket nettopp er eit majoritetsspråk, fordi det er dominerande. Og ordet assimilasjon kan me sjølvsagt nytte sjølv om dette er ein friviljug prosess. For å bruke ein metafor frå naturvitskapen som eg dessutan har lånt frå sosiolingvisten Bård Eskeland: Den lingvistiske erosjonslogikken er nådelaus. Den frie lingvistiske marknaden favoriserer dominerande språk og vil kunne utkonkurrere dei mindre språka.

Truleg er det likevel ikkje slik at folk vil at dialektane skal bli meir og meir like, nivellerte, som det heiter, som no i stor grad skjer i austlandsdalane. Eg trur heller ikkje at folk eigenleg vil at nynorsken skal forsvinne frå sine opphavlege område. Granskinga til Karen Marie Kvåle Garthus om språkskifte hos elevar i Valdres viser at jamvel om ein høg prosent av nynorskelevane i Valdres skifter til bokmål på ungdomssteget eller i vidaregåande, vil dei fleste av dei at nynorsk skal bestå i området; dei meiner at nynorsk er viktig for Valdres. Dette er truleg symptomatisk for norske språkbrukarar. Såleis kan språkskiftet frå nynorsk til bokmål sjåast som det som i samfunnsteorien vert kalla usynleg hand-effekten: Det er ikkje mange som medvite ynskjer at nynorsken skal gå tilbake. Men summen av dei individuelle språkvala på den lingvistiske marknaden fører likevel til nettopp dette.

Poenget til no har altså vore kva som prinsipielt kan skje og skjer i språkkontaktsituasjonar. No skal eg ikkje nemne dialektkontakt meir, men fokusere på tilhøvet mellom nynorsk og bokmål.

Nokon vil helst kalle bytet frå nynorsk til bokmål mellom elevar for språkveksling, ikkje språkskifte. Karakteristikken skifte er for definitiv, er argumentet, for situasjonen med nynorsk og bokmål kan ikkje nødvendigvis jamførast med til dømes walisisk og engelsk eller samisk og norsk. Ettersom nynorsk og bokmål lingvistisk sett er så like, må det at ein elev vel å skrive bokmål i staden for nynorsk heller sjåast som det sosiolingvistikken kallar kodeveksling, som variasjon innanfor eitt og same språk. Det å kalle det skifte er å ta eit unødvendig elendeperspektiv, vert det hevda.

Men denne måten å nærme seg målbytefenomenet på er problematisk. Me må jo tru på kva dei språkskiftande elevane seier i granskingar frå til dømes frå Valdres, Gudbrandsdalen, Sunnmøre og i den siste rapporten frå Proba samfunnsanalyse om skriftspråkskifte – i alle slike granskingar seier dei språkskiftande elevane at dei opplever bokmål som lettare og betre. Om ungdomane tykkjer bokmål er lettare og betre og til og med kanskje kulare, i så stor grad at dei vil skifte opplæringsspråk, kvifor skulle dei då likevel skrive nynorsk på fritida? Det verkar rimeleg at skifte av opplæringsspråk er eit teikn på skriftspråkskifte i andre formelle situasjonar òg (situasjonar der det ikkje kjennest ‘naturleg’ å skrive dialekt, som ungdom sjølvsagt elles gjer i mange situasjonar).

For det andre vil område med høgt individuelt målbyte på ungdomssteget og i vidaregåande òg vere meir utsette for bokmålsparallellar på barnesteget, og krinsar med mange bokmålsparallellar vil vere meir utsette for skulemålsrøystingar og dermed territorielt målbyte. Og når ein krins har gått over til bokmål, er det iallfall umogleg å kalle det for veksling. Då har me med klassisk kollektivt språkskifte å gjere. 

Å kalle språkskifte for veksling vil òg innebere ei avdramatisering av fenomenet språkskifte, som gjev argument for å ikkje handle politisk og juridisk i høve til det. No er det kanskje nett ikkje-handling dei som ynskjer å kalle målbyte for språkveksling er ute etter. Eg meiner likevel det er grunn til å høyre etter nyare språkplanleggingsvitskap som seier at større grad av språkkontakt vil føre til større behov for språkregulering og språklege rettar. Di meir språkkontakt, di meir tevling på dei lingvistiske marknadene, og di fleire krav vert sett til politikken, altså språkpolitikken, om ein ynskjer ei framtid for dei minste språka.

Det er altså grunn til å slå fast at individuelt språkskifte frå nynorsk til bokmål på ungdomssteget og i vidaregåande er med på å truge nynorsken, jamvel om nokre fagfolk vel å kalle det kodeveksling. Språkskifte i skulen er eitt av dei språksosiologiske fenomena som gjer at det stadig vert litt færre nynorskbrukarar. Eg har ikkje dermed sagt at målbytet er det viktigaste eller verste trugsmålet mot nynorsk som bruksmål, eg er til dømes heilt på det reine med at det individuelle målbytet i opplæringa er ein langt mindre viktig faktor for nedgang i nynorskbruken enn til dømes demografiske endringar. At folketalet kring Oslofjorden veks i veldig mykje større grad enn folketalet i dei grisgrende nynorskstrøka på Vestlandet, er jo verkeleg det som gjer at nynorskprosenten går ned. Demografiske facts er likevel ikkje noko argument mot å bry seg om korleis nynorskelevane vert handterte i skulen.

Dermed skal eg no gå over til å snakke om kva for rettar og ordningar som finst for elevar med nynorsk som hovudmål i norsk skule.

Då eg byrja med doktorgradsarbeidet mitt, hadde eg språkskifte/målbyte heilt konkret som emne, det vil seie; styresmaktene sine strategiar i høve til språkskiftet frå nynorsk til bokmål i skulen. Eg spurde meg sjølv om kvifor norske språkstyresmakter, både på opplæringsfeltet og på kulturfeltet, ikkje går meir direkte inn for å prøve å gjere noko med målbytet, særleg ettersom styresmaktene sjølve karakteriserer denne typen friviljug språkassimilering som uheldig og ettersom slike spørsmål er viktige arbeidsfelt for språkstyresmakter i andre fleirspråklege statar.

Men eg oppdaga at eg for å kunne svare på dette måtte prøve å skaffe meg eit grep om kva for overordna prinsipp som styrer norsk offentleg språkpolitikk. Kvifor har det vore og er det så vanskeleg å jobbe direkte for å sikre nynorsken for nynorskelevar for kunnskapsdepartementet, kulturdepartementet og språkrådet på nasjonalt nivå, og for lærarutdanningar, vidaregåande skular og barne- og ungdomsskular på lokalt nivå? Såleis vart forskingsprosjektet mitt gjort om til ei gransking av den samla offentlege språkforvaltninga for nynorsk og bokmål, og eg skal no fortelje litt om hovudkonklusjonane derifrå.

Fyrst vil eg presentere det eg vil kalle dei overordna språkpolitiske reguleringane og ordningane på opplæringsfeltet. Norsk språkpolitikk for barneskulen er grunnleggjande territoriell. Sentralt står skulekrinsskipnaden med sine reglar for kollektive språkval gjennom ålmenn røysterett. Prinsippet om at folk sjølve skal avgjere fyrsteskriftspråket for folkeskulen, vart etablert allereie med innføringa av den såkalla målparagrafen i 1892. Det prinsippet skil seg frå korleis det samiske forvaltningsområdet har vorte etablert, for det er nemleg peika ut av sentrale styresmakter, noko som òg gjeld dei irskspråklege områda (gaeltacht) i Irland. Men i spørsmålet om ein norsk skulekrins skal vere nynorsk eller bokmål, er det folket som avgjer gjennom røystingar, altså direkte val.

Den strengt territorielle og kollektive språkvalsordninga vart noko modifisert før 1920. Alt før hundreårsskiftet fekk foreldre som føretrekte til dømes bokmål i nynorskkrinsar, lov til å velje lærebøker på bokmål for eleven sin (i andre fag enn norsk). Dette kan ein kalle ein personleg språkrett. I 1917 vart ein annan personleg språkrett innført, etter press frå målrørsla: retten til å etablere språklege parallellklassar. Parallellklasseretten har gjennom 1900-talet vore utstyrt med ulike atterhald, der talet på elevar og økonomi har utgjort dei viktigaste.

I 1959 kom ein tredje viktig personleg modifikasjon av det territorielle hovudprinsippet for språkforvaltninga av skulen. For i spørsmålet om kva ein skulle gjere med den nye ungdomsskulen vart det avgjort at det ikkje skulle liggje eit territorielt prinsipp til grunn, men eit personleg prinsipp, etter mønster frå det gamle gymnaset. Krinsen skulle ikkje kollektivt velje språk for ungdomsskuleelevane, som i barneskulen, ungdomsskuleelevane skulle velje språk individuelt.

I 1969 kom dessutan parallellutgåveordninga for skulebøker, altså prinsippet om at lærebøker på nynorsk og bokmål skal ut til lik pris og til lik tid.

Desse reguleringane ligg i botn for norsk språkopplæringspolitikk. Karakteristisk for dei er at dei er likebehandlande og universelle. Det inneber at dei same ordningane og rettane gjeld for nynorskbrukarar som for bokmålsbrukarar. Norske opplæringsstyresmakter opererer altså ikkje i særleg grad med særbehandlande eller differensierte ordningar. Både nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar har rett til å opprette parallellklassar på barnesteget, til å velje lærebøker på det krinsavvikande språket og til å røyste om skulemål i krinsar. Om desse ordningane berre galdt nynorskbrukarar, kunne ein ha kalla dei gruppedifferensierte  – særbehandlande – rettar. Men slik er det altså ikkje.

Det næraste me kjem formell særbehandling på språkopplæringsfeltet i dag, er at staten gjev ekstra tilskot til forlaga til utgjeving av nynorske lærebøker, og at det er oppretta eit statleg kompetansesenter for nynorsk i opplæringa i Volda som driv fagleg utviklingsarbeid og stimulering av nynorskbruk i skulen.

Kva då med sidemålsordninga? Også den vart etablert som eit likebehandlingstiltak, for gymnaset i 1907, og for det nye ungdomssteget i grunnskulen i 1959 og 1969. Gjennom nesten heile 1900-talet har argumentasjonen gått på at både nynorsk- og bokmålselevar har rett og plikt til å lære det andre språket. Staten har såleis bestemt at dei elevane som etter 7. klasse individuelt vel nynorsk som personleg fyrsteskriftspråk skal ha bokmål som andreskriftspråk og vice versa. Alt i 1892 vart det bestemt at alle barneskuleelevar skulle ha leseopplæring også på andreskriftspråket.

Dei sentralt utforma språkpolitiske ordningane og språkreguleringane på opplæringsfeltet tek altså i utgangspunkt i likebehandling, altså jamstillingsprinsippet. Såleis er dei i hovuddrag slik målrørsla vil ha dei.

Målrørsla sin hovudkritikk av opplæringsstyresmaktene sin språkpolitikk har då heller ikkje primært gått på overordna reguleringar og ordningar, men på manglande gjennomføring av fastslegen språkpolitikk. Kritikken har vore retta mot kommunar som gjer det vanskeleg å skipe parallellklassar, læremiddel som ikkje kjem på nynorsk slik dei skal, dårleg og manglande sidemålsopplæring, kommunar som tek initiativet til folkerøystingar om skulemål utan at nokon har bede om det. Sagt med byråkratiske omgrep: målrørsla har meint at hovudproblemet med offentleg språkpolitikk er implementeringa, ikkje reguleringane i seg sjølve.

Eg skal reise nokre innvendingar til jamstillingsregimet. Men før eg gjer det, skal eg seie litt om kva eg trur er bakgrunnen for at mest alle språkreguleringar på det norske opplæringsfeltet er formelt jamstillande.

Dei sentrale språkreguleringane for skulen vart etablerte i ein heilt annan historisk samanheng, med heilt andre makttilhøve mellom nynorsk og bokmål enn i dag. Tida frå 1892 og fram til andre verdskrigen var ei kraftig oppgangstid for nynorsk bruksspråk. Nynorsk var sjølvsagt eit mindretalsspråk òg på denne tida, men det var eit mindretalsspråk som dei aller fleste trudde skulle bli eit stort, landsens språk. Nynorsk fossa fram. Då var det å ta bort formelle nynorskhindringar på den språklege marknaden, det vil seie å leggje til rette for like språklege vilkår, lik tevling og formell jamstilling, det var det same som å leggje til rette for meir nynorsk. Slik tenkte nok dei fleste, både nynorskmotstandarar og nynorsktilhengjarar. Før krigen var det openbert nynorsk som tente på formell språkpolitisk likebehandling.

Den for så vidt nynorskvenlege staten grunngav då heller ikkje innføring av nye språkpolitiske ordningar og reguleringar med at dei gagna nynorsk. I staden vart språkpolitikken legitimert med at han gagna rettferd, like vilkår og demokrati. Staten ville ikkje og skulle ikkje ta stilling til om eit av språka burde nyttast meir eller mindre på somme domene, han ville berre leggje til rette for like vilkår – og så fekk folket bestemme kva for språk som skulle gå sigrande ut på ulike område og domene. Dette kallar eg statleg nøytralitetspolitikk. Me kan oppsummere at offentleg språkpolitikk for nynorsk og bokmål ikkje har vorte etablert for å styrke mindretalsspråket nynorsk, men for å styrke språkleg nøytralitet.

Så til innvendinga mi mot denne språknøytraliteten eller jamstillinga: Dersom argumentasjonen for ei språkordning fyrst og fremst er rettferd og like vilkår, kan ein vanskeleg sjå føre seg at den føreslegne ordninga går lenger enn rettferd og like vilkår. Om me heile tida gjev like mykje til kvar språkgruppe, og passar oss vel for at den eine språkgruppa ikkje får noko som den andre gruppa ikkje får, vert resultatet ikkje anna enn reproduksjon av dei rådande språksosiologiske maktforholda. Nettopp difor, argumenterer til dømes den kanadiske politiske filosofen Will Kymlicka, nettopp for å rokke ved etablerte språkmaktforhold, er mindre brukte språk svært ofte avhengige av differensierte, altså særlege ordningar for å ikkje tape ytterlegare terreng.

Lat oss sjå på korleis nøytralitetsregimet står i dag. Gjennom nesten heile 1900-talet argumenterte norske opplæringsstyresmakter språknøytralt – argumenta har vore like vilkår, lik tevling, jamstilling i seg sjølv som verdi. Etter 1990 har dette endra seg noko. Skulestyresmaktene seier no, iallfall innimellom, at nynorsk har ein utsett kulturell verdi og at det difor er nynorsk som må styrkast spesielt, ikkje språkleg rettferd generelt.

Men dei nye argumentasjonsmåtane har enno ikkje hatt noko å seie for den politiske praksisen og dei språklege rettane på opplæringsfeltet. Dei språkpolitiske reguleringane på opplæringsfeltet står i hovudsak som dei vart etablerte i 1892, 1907, 1917 og 1959, altså i ei tid då ein ikkje trudde eller ikkje forstod at ein måtte planleggje for djup asymmetri mellom språkmajoritet og språkminoritet. No er verda, og forståingane, heilt annleis. Likevel heng dei språkpolitiske reguleringane på opplæringsfeltet fast i nøytralitetsregimet.

Kva konsekvensar har denne nøytralitetspolitikken fått i praksis for nynorskelevane og dermed nynorsken i skulen i dag?

For det fyrste at handsoff-politikken, det vil seie ikkje-politikken, i ungdomsskulen og vidaregåande held fram. Som de her i Odda veit så veldig godt, og som de har gjort noko med, er ungdomssteget og vidaregåande deregulerte jamført med barneskulen. Ein ungdomsskule- eller vidaregåandeelev har rett til å levere skriftlege svar på fyrsteskriftspråket sitt, og har rett til læremiddel og eksamensoppgåver på fyrstespråket. Men ho har ikkje rett til å få undervisning eller få opplæring i språket sitt i klassen, og ho har ikkje rett til å etablere språkleg parallellklasse.

I seks av til saman tretten obligatoriske år i norsk opplæring har elevar altså ikkje rett til å møte og lære sitt eige fyrsteskriftspråk ut over det sidemålsopplæringa gjev. Rett nok er denne mangelen likt fordelt, han er jamstilt, mellom nynorskelevar og bokmålselevar. Men i ein asymmetrisk språksituasjon vil mangelen berre ha konsekvensar for minoriteten, og i språkblanda ungdomsskule- og vidaregåandeklassar er den oftast nynorsk. Interessant nok er det her i Odda slik at den minoriteten som denne rettsmangelen ville gå ut over, vere elevar med bokmål som fyrste opplæringsspråk. Iallfall akkurat no.

Det skal no òg leggjast til at jamvel i kommunar med i praksis 100 prosent nynorsk i grunnskulen, ser me ungdomsskulelærarar som berre brukar bokmål på tavla og i skriftlege arbeid.

At norsk skule heng fast i nøytralitetsregimet, har òg som konsekvens at det ikkje finst noko tenking rundt differensierande reguleringar og ordningar.

Kva meiner eg så med differensiering?

Dei siste tiåra har fleire og fleire forskarar, politikarar og jamvel statlege styresmakter innsett at dersom ein vil gjere noko med dei sterke språkassimilasjonsprosessane og erosjonen av mindre språk, må marknaden styrast. Det vil altså seie at språkbruken må styrast.

Eit viktig europeisk tiltak som er kome i kjølvatnet av sannkjenningar om at språkbruk må styrast, er den europeiske pakta for region- og minoritetsspråk. 25 europeiske land har slutta seg til, og Noreg har ratifisert pakta for samisk, kvensk, romanes og romani. Ei hovudsak i denne språkpakta er at styresmaktene skal kunne drive særbehandling av dei mindre brukte språka for å ta vare på dei. Dei tilslutta statane forpliktar seg til å anerkjenne språka som, sitat, «et uttrykk for kulturell rikdom» (artikkel 7, 1, a). Om utdanning heiter det til dømes at statane må «gjøre tilgjengelig grunnskoleutdannelse på de relevante regions- eller minoritetsspråk» (artikkel 8, 1, b, i), det heiter til dømes ikkje at statane er forplikta til å jamstille majoritets- og minoritetsspråket. I prinsippet forpliktar altså staten seg til å gå ut over jamstilling dersom det trengst for å ta vare på minoritetsspråket.

I tråd med dette prinsippet heiter det i regjeringa sin handlingsplan for samisk språk frå 2009 at, sitat, «Handlingsplanens hovedfokus er å legge forholdene til rette for å øke antallet aktive samiske språkbrukere». Hovudfokuset er altså ikkje jamstilling mellom norsk og samisk. Ei likande formulering i eit styringsdokument om tilhøvet mellom nynorsk og bokmål i norsk skule, at det er viktig å auke talet på nynorskelevar i Hordaland, til dømes, trur eg sit nokså langt inne.

Det som er erkjent i den europeiske språkpakta og i den norske handlingsplanen for samiske språk, er: Det å leggje til rette for at eit svakt mindretalsspråket kan takast i bruk på lik line med eit sterkt majoritetsspråk, det er ikkje nok i språksamfunn med sterke assimilasjonsprosessar. Statleg språknøytralitet er ikkje nok for å sikre bruk og oppretthalding av mindretalsspråka.

Når det gjeld den europeiske språkpakta, vil eg understreke at det her er prinsippet som er poenget. Dei konkrete reguleringane som språkpakta føreskriv, gjev neppe nynorsken sterkare vern enn han alt har i norsk språklovgjeving. Somme i målrørsla er òg skeptiske til å hente inspirasjon eller idear frå Språkpakta fordi dei er redde for at dette undergrev nynorsken si stilling som formelt offisielt jamstilt språk. Eg er samd i at den offisielle statusen er alfa og omega for nynorsken. Likevel tykkjer eg det må vere interessant for målrørsla at det er så prinsipielt uproblematisk for Europarådet å krevje frå dei tilslutta statane at dei skal ta tydeleg stilling for mindretalsspråka sine på ulike område.  Som overordna mål føreskriv Språkpakta altså ikkje statleg språknøytralitet, men det eg vil kalle statleg språksikring.

Nemninga språksikring refererer til at ein stat både gjennom argumentasjon og konkrete ordningar vil forsikre seg om at bestemte språk faktisk finst på bestemte område. Difor vert det lagt formelt meir til rette for desse språka enn for andre språk. Når språkstyresmakter driv språksikring, argumenterer dei for verdien av å faktisk oppretthalde den aktuelle språkgruppa, ikkje berre for at språkgruppa skal bli rettferdig behandla. På politisk nivå kan dette altså tyde ordningar for mindretalsspråket som strekkjer seg ut over nøytral jamstilling, det vil altså seie differensierte rettar. Eg kan ikkje forstå at dette står i noko motsetnadstilhøve til statusen som offisielt jamstilt språk.

Dermed forklarer nøytralitetsregimet til dømes kvifor opplæringsstyresmaktene ikkje set inn særlege tiltak for å eksponere nynorskelevane spesielt for fyrstespråket sitt utan å samstundes gjere det same med elevar med bokmål som fyrstespråk. Manglande sentrale tiltak for å hindre språkskifte frå nynorsk til bokmål, til dømes i regi av Språkrådet, må òg sjåast i ljos av den statlege språknøytraliteten. Kampanjar for å hindre språkskifte frå norsk til engelsk på ulike domene har ein sett i massevis sidan 1980-åra. Alt frå ungdomsskuleelevar til frisørsalongar til private forskingsinstitutt til Statoil har vorte bedne om å bruke mindre engelsk og meir norsk, ut frå ein overordna argumentasjon om at norsk er kulturelt verdifullt, men at det treng hjelp av språksamfunnet sitt. Ein kan spørje seg om kvifor dei same styresmaktene ikkje kan køyre kampanjar for bruk av nynorsk i nynorskområda, både til ungdomskuleelvar og frisørsalongar, ut frå argumentasjonen om at nynorsk også er kulturelt verdifullt, men må brukast? Om ein kan ha storstila statlege kampanjar for å hindre språkskifte til engelsk i næringslivet, kvifor kan ein ikkje då ha storstila statlege kampanjar for å hindre språkskifte til bokmål i skulen? Svaret er nøytralitetsregimet.  

Norsk språknøytralitetspolitikk byggjer på at nynorskelevar frå 14 år og oppover er sterke og rette i ryggen, at dei både vel og meistrar nynorsk i det massive bokmålsveldet, og det utan spesiell politisk hjelp, utan differensierte ordningar, utan medvit om språksikring. Med ein slik nøytralitetspolitikk kan me ikkje vere overraska over at utviklinga på den lingvistiske marknaden er som han er.

Kva for ikkje-nøytral språksikringspolitikk kan ein då tenkje seg på opplæringsfeltet? Eg kjem ikkje til å kome med noko ferdig idé- eller tiltaksliste over kva som kan eller skal gjerast, men eg skal gje nokre døme på korleis ein kan tenkje utanfor nøytralitetsparadigmet. Poenget mitt er ikkje at desse døma er dei einaste rette eller at det ikkje finst prinsipielle eller praktiske innvendingar til dei, men kanskje kan dei vere med på å sjå på opplæringspolitikkens gamle jamstillingsideal med nye auga.

Fyrst til spørsmålet om haldningskampanjar. Sjølv oppheldt eg meg i Wales i ein litt lenger periode i 2004, i eit tid med ein veldig oppsving for walisisk språk og med revitalisering av det walisiske språkrådet. Overalt i Wales, i byromma, på bussar, på universtitetskampusane, gjekk og sat me mellom svære plakatar med oppmodingar om å velje walisisk skulespråk. Tenk dykk noko slikt på Gol eller i Sandnes, eller i Odda, for den del. Sjølvsagt provoserande for dei mange walisarane som berre kan engelsk og som er knytte til engelsk som sitt fyrstespråk. Men kanskje svært effektivt for walisisk? Eg stiller spørsmålet, for eg veit ikkje.

Problemet med reine haldningskampanjar er sjølvsagt at dei ikkje eigenleg gjev noko hjelp i høve til det reelle problemet med å velje eit mindretalsspråk som fyrstespråk i skulen – nemleg at det kjennest vanskelegare å meistre korrekt, at det er mindre tilgjengeleg og dermed synest meir ‘unaturleg’. Reine haldningskampanjar er problematiske om dei ikkje gjer anna enn å skubbe ansvaret ned på bruksnivnå, altså ned til ungdomane. Det hjelper ikkje med oppmodingar til norske elevar om å bruke meir nynorsk eller for den del norsk, om det ikkje vert kombinert med konkrete politiske eller juridiske grep som skal gjere dette greiare for elevane.  

I lys av dette skal nemne det underlege fenomenet at elevar sin ubetinga rett til opplæring på hovudmålet fell bort i og med åttande klasse, samstundes som elevane sjølv kan få velje hovudmål fritt. Dette er ei ordning som verkar historisk tilfeldig. I 1959 vart ordninga innførd i den nye, ålmenne grunnskulen etter mønster frå det gamle elitegymnaset utan diskusjon om kva kunne innebere, og med full tilslutning frå Noregs Mållag. Norsk språkopplæringspolitikk bryt altså her med det som i internasjonal språkrett er rekna som ein sentral språkrett, nemleg rett til opplæring på eige språk, for elevar som er så unge som 14 år. Og det skjer utan at statens språkpolitiske dokument nokon gong har drøfta dette kritisk eller i det heile teke sett problemstillinga. At Odda kommune har sett denne rettsmangelen er fortenestefullt i seg sjølv, for Odda-elevane si skuld.

Men Odda-modellen kan og bør òg få fylgjer for alle andre elevar. Modellen bør løftast til og i det nasjonale språkforvaltningsapparatet, fordi han viser at språkpolitiske ordningar ikkje må traderast ukritisk og umedvite, og at det er god grunn til å sjå med kritiske auga på kva for konsekvensar statens eigen språkpolitikk har for elevar. Dette er nemleg noko som staten sjølv aldri drøfter i dei språkpolitiske styringsdokumenta sine – her er det alltid språkbrukarane sjølve som må bere skulda for det som alle er samde om er ei trist språkutvikling. Odda-modellen er rett og slett ein augneopnar for eit nøytralt språkforvaltningsapparat som har vore alt for lite kritisk til korleis nøytraliteten fungerer. Modellen bør vere svært politisk interessant i kraft av det.

Men det er òg mogleg å sjå mot meir differensierte ordningar enn det Odda-modellen tilbyd. Me kan til dømes kaste eit blikk på kva norske styresmakter har gjort for samiske språk i opplæringa. I motsetnad til elevar med nynorsk og bokmål, er det prinsipiell rett til opplæring i og undervisning på samisk som fyrstespråk i samiske distrikt for elevar på ungdomssteget. Den norske staten opererer altså med differensierte språkrettar mellom samiske og norske elevar – ungdomsskuleelevar med samisk fyrstespråk altså i dag rett til undervisning på fyrstespråket, motsett elevar med norsk. Det gjer det sjølvsagt mogleg å tenkje seg ein rett til opplæring i og undervisning på nynorsk på ungdomssteget òg, og det må òg gå an å sjå føre seg differensiering mellom nynorsk- og bokmålselevar her. Ut frå ein språksikringsargumentasjon kan ein tenkje seg reguleringar som inneber at nynorskelevar på ungdomssteget alltid har rett til opplæring i og undervisning på nynorsk som fyrstespråk, medan bokmålselevar ikkje har same retten.

Elles er det slik at observasjonar i fleire undersøkingar av skrivedugleiken til norske elevar peikar på bokmålsinterferens, altså bokmålspåverka feil, i rettskriving og formverk hjå elevar med nynorsk som hovudmål. Språkskifte kan relaterast til tap av lingvistisk kompetanse, og til dømes i den nemnde granskinga frå Valdres ser me då òg at elevane nemner opplevinga av å mangle formell språkmeistring som ein grunn til å skifte til bokmål i skulen.

Men dette vert i liten grad teke opp av norsk- og skrivedidaktikken i dag. Det som finst av særleg nynorskdidaktikk ser ut til å vere meir dominert av ‘språkbad’-tilnærmingar, der språklæring skal skje gjennom å bli ‘dusja i’ nynorsk, altså at elevane i større grad skal lese og skrive nynorske tekstar. Spørsmålet eg vil stille, er om meir eksplisitt opplæring i nynorsk formverk og rettskriving kan medverke til større meistring av det nynorske språksystemet hjå nynorskelevar – og dermed til ein tryggare nynorsk identitet. Elevar med bokmål treng ikkje nødvendigvis det same i sitt hovudmål.

Ein eigen morsmålsdidaktikk for elevar med nynorsk som hovudmål bør kombinerast med språksosiologisk medvitsgjering: Nynorskelevar må i løpet av skuletida si få innsikt i sin eigen situasjon som deltakar i eit mindretalsspråksamfunn. Dei må få forstå at det korkje er dei eller nynorsken det er noko i vegen med når dei opplever at det er utfordrande å halde på fyrstespråket sitt, men at det i staden er i den språklege eksponeringa og i makttilhøva at problemet ligg.

Dei siste 15–20 åra har målrørsla uttrykt tydelege ynske og freistnader på å sjå den norske språkstriden i samanheng med språkstridar i andre land. Orienteringa har då kanskje særleg gått mot korleis mindre nytta minoritets- og regionspråk har vorte ny-legitimerte i sine respektive statar. Det at målrørsla har vektlagt argumentasjonen for minoritetsspråk har nok fyrst og fremst botna i eit ynske om å importere han, slik at den internasjonale omsuta for truga og mindre brukte språk i verda òg medfører at ein i Noreg ser verdien av og støttar nynorsk. Relateringa av nynorsk til andre mindre brukte språk har i mindre grad vore knytt til import av konkrete språkstyrkingstiltak og språkrettar. Eg trur at om målrørsla gjer om det internasjonale fokuset frå språklegitimering til konkrete språkpolitiske ordningar, kombinert med ein vilje til å sjå ut over nøytralitetsregimet, vil ein skaffe seg nye grep for å styrke nynorskelevane i den utsette minoritetsposisjonen som dei no ein gong er i.

Eg oppsummerer og konkluderer: Det prinsipielle spørsmålet for målrørsla er om ein bør halde fast ved ein statleg språkpolitikk for heile Noreg som inneber ei symmetrisk jamstilling mellom nynorsk og bokmål, berre gjennomført med meir kraft og konsekvens enn i dag. Eller om jamstillings- eller nøytralitetsprinsippet bør supplerast med eit klart språksikringsprinsipp, eit prinsipp som gjev tilgang til fleire verkemiddel, òg reguleringar, for å oppretthalde nynorsken som fyrsteopplæringsspråk der han er det.

Innleiing på haustkonferansen til Noregs Mållag, Odda 27. september 2014 av Eli Bjørhusdal
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no