Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Eit historisk perspektiv Pedagogiske fordelar Nasjonal politikk Frå elevsynspunkt I minoritetsposisjon Frå lærarsynspunkt Frå vgs-synspunkt Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Innleiing av Inge Reinsnos, lærar ved Odda ungdomsskole

Odda-modellen: Kva går det ut på?

Til lukke med seminaret, og ein varm takk til Noregs Mållag som valde å leggja haustseminaret til Odda, - og av alle stader til Ungdomshallen.

Som sikkert fleire har oppdaga, så er eg ikkje Åshild Korssund. Ho er sjukepermittert. Eg  representerer altså ikkje Utdanningsforbundet, men er her som lærar og har arbeidd ved Odda ungdomsskule sidan 1983  med nokre års avbrot, storparten av tida som kontaktlærar. Eg underviser i norsk, samfunnsfag og RLE .

Eg har djupe røter i Odda og har alltid vore stolt over å vera odding –

og ein av fleire grunnar til det er skulen. I Odda har grunnskulen alltid vore høgt på prioriteringslista til politikarane, noko språkdelinga er eit godt døme på. Hundre år med moglegheit til fritt å velja målform – det er stort.

Mine foreldre skreiv meg inn i nynorsk, eller landsmål som vi sa, då eg tok til på det som den gongen var Odda folkeskule i 1963.

Så etter ni år med opplæring i nynorsk i grunnskulen i Odda, var eg trygg på at nynorsk var mitt mål. Det same kan heilt sikkert dei av mine barndoms- og ungdomsvener seia, som fekk si opplæring i bokmål.

Odda-modellen - full språkdeling i grunnskulen. Odda-modellen. Eg må smaka på orda – eit nytt omgrep – eit omgrep som gjer ein aldrande odding stolt og varm. Vi har alltid tatt det for sjølvsagt. Slik er det berre. Bokmål og nynorsk – ein uendra praksis i eitt hundre år. Garantisten for språkfred og godt læremiljø, som Noregs Mållag skriv på invitasjonen til haustseminaret. Eg vil leggja til: Odda-modellen, garantisten for godt språk.

Og så – etter hundre år med språkdeling står språkdelinga i ungdomsskulen i fare for å bli avskaffa. Økonomiske årsaker set  modellen under press i Odda i 2013.

Som lærar ved Odda ungdomsskule kan eg ana følgjene.

Kunnskapsløftet er tydeleg på at opplæring i hovudmålet er eit tiårig løp. Etter sju år med opplæring på barnesteget, kjem elevane i ungdomsskulen - på ingen måte ferdig utlærte. Det er no dei for alvor skal vidareutvikla og betra dei grunnleggjande ferdigheitene i det å kunna lesa og skriva på hovudmålet sitt.

Ja, ja – seier kanskje dei som ikkje ser vanskane, det er då ingen som seier at språkdelinga ved Odda ungdomsskule skal opphøra i norsk.

Dei tre siste åra i grunnskulen skal då elevane ha hovudmålsopplæringa si i språkdelte grupper. Altså i norsk. Fem timar på åttande steget pr. veke, fire på niande og fem i avgangsåret. Kva er då problemet?

At dei får hovudmålsopplæringa si i språkdelte grupper i norsk, er på ingen måte ei ulempe. Det er gull verdt, det.

Vanskane oppstår og forvirringa blir total for elevane når språkopplæringa, og ord og omgrepsopplæringa i alle fag, ikkje skal gå føre seg i språkdelte grupper, som no når vi står i fare for å missa språkdelinga på grunn av økonomiske innstrammingar.

Høyr berre: På åttande steget misser eleven 12 timar rein hovudmålsopplæring pr. veke i dei teoretiske faga matematikk, naturfag, RLE og samfunnsfag. På niande steget misser dei 11 timar – i veka og i avgangsåret misser elevane 12 timar hovudmålsopplæring i veka.

Så kjem motargumentet: dei har då læreboka, ikkje sant, og ho får jo elevane på bokmål, eller på nynorsk. Alt etter kva for eit hovudmål dei har.

Jo, læreboka står framleis sterkt i skulen, men læreboka er berre ein del av undervisning og innlæring. Og når det er sagt, så viser dei fleste lærebøker også til nettressursar til bruk i skulen. Men desse nettsidene er i dei fleste tilfella berre på bokmål.

I innleiinga viste eg til Kunnskapsløftet, og eg har lyst til at vi tek oss ein sving innom reforma for å sjå kva som blir sagt om det å kunna lesa, skriva – det å kunna formulera og formidla i dei teoretiske faga som elevane får opplæring i. Kanskje kan det bli litt avklarande.

Altså - Kunnskapsløftet. Den siste norske skulereforma, ei reform som framhevar nokre grunnleggjande ferdigheiter som nødvendige føresetnader for læring og utvikling i skulen, og i arbeid og samfunnsliv.

Desse grunnleggjande ferdigheitene er: å kunna lesa, å kunna rekna, å kunna uttrykkja seg munnleg og skriftleg, og å kunna bruka digitale verktøy.

Men, og her kjem kanskje essensen: i følgje Kunnskapsløftet er ferdigheit i det å kunna skriva og uttrykkja seg, ikkje berre ei grunnleggjande ferdigheit i norskfaget. I følgjande fag blir denne ferdigheita framheva, understreka - og er grunnleggjande, nemleg i RLE, i samfunnsfag, i matematikk og i naturfag.

I RLE inneber det å formulera seg skriftleg, å kunna uttrykkja kunnskapar om og synspunkt på religion og livssyn, etikk og filosofi. Vidare står det å lesa under RLE, at skriving klargjer tankar, erfaringar og meiningar, og er ei hjelp til å tolka, argumentera og kommunisera.

Skriving, opplæring i skriving, ord og omgrepsforståing kviler med andre ord ikkje berre på norsklæraren sine skuldrer. Kva einskild lærar har i dag plikt på seg til å sjå til at eleven i grunnskulen får heile undervisningspakken i dei andre teoretiske faga på hovudmålet sitt. Sjølvsagt finst det situasjonar der artiklar og anna tilleggsstoff må lesast på sidemålet, men tavle- og skjermundervisning, oppgåver og prøvar, samandrag av fagstoff og rettleiing og opplæring i skriving, ord- og omgrepsavklaring skal vera på eleven sitt eige mål.

Korleis skal ein makta å gjennomføra dette når 16 av elevane skal få denne undervisninga på nynorsk, medan dei andre ni skal ha det på bokmål?

Kva vel læraren å nytta som skriftmål når ho eller han underviser?

Er det opp til læraren – eller kven bestemmer, kven kontrollerer, blir det trong for kontroll?

Skal halve powerpoint-presentasjonen vera på bokmål og resten på nynorsk?

Kva med notata læraren gjer på tavla? Nynorsk eller bokmål?

Kva med læringsmåla? Dei fire første på bokmål og dei tre siste på nynorsk?

Kva med ord og omgrepsopplæringa? Full forvirring! Faguttrykk og omgrep i naturfag og matematikk kan vera svært ulike frå nynorsk til bokmål.

Kva med rettleiingane, undervegsvurderingane og framovermeldingane?

Eg har nemnt RLE som eit døme, men Kunnskapsløftet gjev greie føringar også for dei andre faga som eg nemnde.

I samfunnsfag inneber det kunna skriva og lesa, at eleven kan uttrykkja, grunngje og argumentera for standpunkt, og formidla og dela kunnskap skriftleg og munnleg. Eleven skal i samfunnsfag også vurdera og gjennomarbeida eigne produkt som ein del av ferdigheita. Og – sitat: Utvikling av skriveferdigheitene i samfunnsfag inneber gradvis oppøving, frå å formulera enkle faktasetningar og konkrete spørsmål, over evne til å kunne gje att og oppsummera tekstar, til å kunne formulera  problemstillingar og strukturera drøftande tekst med bruk av kjeldetilvisingar.

Det blir ikkje så lett for elevane ved Odda ungdomsskole å nå dei nasjonale målsetjingane dersom ein går til det steget å avskaffa full språkdeling ved skulen deira. Det blir ei smørje.

Kva med dei to realfaga naturfag og matematikk? Der må det vel vera råd å bare bruka læreboka, lesa og svara på spørsmål og løysa oppgåver.

I naturfag er skriving – og eg siterer: - å bruka naturfaglege tekstsjangrar til å formulera spørsmål og hypotesar, skriva planar og forklaringar, skildra observasjonar og erfaringar, samanstilla.

Argumentera for synspunkt og rapportera frå eksperiment.

Utviklinga av skriveferdigheiter går altså frå å bruka enkle uttrykksformer til gradvis å ta i bruk meir presise naturfaglege omgrep. Dette inneber å kunna skriva stadig meir komplekse tekstar.

Også i matematikk går lesing – skriving , ja formulering som ein raud tråd. Eleven skal skildra og forklara ein tankegang og setja ord på oppdagingar og idear. Utvikling i å skriva i matematikk går frå å bruka enkle uttrykksformer til gradvis å ta i bruk eit formelt symbolspråk og ein presis fagterminologi.

Eg veit eg gjentek meg sjølv, men kan ikkje lata vera:

Korleis skal ein makta å gjennomføra dette i når ni av elevane skal ha denne undervisninga på nynorsk, medan dei andre seksten skal ha det på bokmål?

Kva vel læraren å nytta som skriftmål når ho eller han underviser?

Skal halve power-point-presentasjonen vera på bokmål og resten på nynorsk?

Kva med notata læraren gjer på tavla?

Kva med læringsmåla?

Kva med ord og omgrepsopplæringa?

Kva med rettleiingane, undervegsvurderingane og framovermeldingane?

Kva med Odda?

No kallar Noregs Mållag den hundreårige språkdelinga vår for Odda-modellen. Eg er stolt. Vi har god grunn til å vera stolte – for no ser andre til Odda.

Kva med Odda – eller kva er det med Odda? Spørsmålet har vi høyrt før. Kva er det med Frode Grytten, Marit Eikemo, Lars Ove Seljestad. Kan det ha noko Odda-modellen å gjera?

Eg vil heilt til slutt fortelja om ei litt underleg ord-, eller omgrepsforvirring. Eg arbeidde eit år ved ein ungdomsskule litt lenger nord for Odda.

Vi las Holberg og såg Holberg – eg meiner det var Jeppe på Berget.

Så skulle vi samtala om stykket – og sjølvsagt var det mange ord dei ikkje forstod. Eg hadde plukka ut ein del – spurde og forklarte.

Så spurde eg: I teksten står det at han var ”en dreng”. Kva betyr ein dreng. Samtlege hender kom i veret - Ja, sa eg.

Jo det er ein polakk det, ein frå Polen. Du veit han polakkjen som me har.

 

Eit ord

- ein stein

I ei kald elv

Ein stein til –

Eg lyt ha fleire steinar

Skal eg koma over                              

Vi står ved eit vegskilje

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no