Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Eit historisk perspektiv Pedagogiske fordelar Nasjonal politikk Frå elevsynspunkt I minoritetsposisjon Frå lærarsynspunkt Frå vgs-synspunkt Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Innleiing av Ingvild Jøsendal, lærar hjå Odda vgs.

Nynorskelevar i språkblanda vidaregåande skule

Bakgrunn:

Eg har undervist i språkblanda klassar på vidaregåande skule i 23 år. Som norsklærar og kontaktlærar i mange av desse åra, har eg observert korleis det er å vera nynorskelev i eit skulesamfunn der nynorskelevar faktisk er i stort fleirtal ( 75 – 80%). Nynorskelevane vert likevel ikkje plasserte i språkdelte klassar, heller ikkje der ein har parallellklassar ved same studieretning.

Elevane får velja lærebok på eiga målform. I val av lærebok, har skulen – i dei fleste faga - valt lærebøker som finst på begge målformer. Men språkleg har faglærarane  berre éi formell plikt, nemleg å syta for at alle prøvar ligg føre på begge målformer.

Den aktuelle skulen ligg i nynorskadministrerte Hordaland fylkeskommune. I mangt og mykje verkar det som om ein på det administrative nivået, både lokalt og på fylkesnivå, har eit lausleg forhold til mållova. Fylkeskommunen har heller ikkje sytt for at det innførte digitale verktøyet er kvalitetssikra og/eller tek omsyn til mållova.

Ei kvardagshistorie:

Eg førte ut ein avgangsklasse frå studieførebuande linje sommaren 2014. Det var ei mangfaldig samling ungdomar, flest jenter. Dei kom frå ungdomsskulane på Stord, Røldal, Ullensvang og Odda, – berre éin var bokmålselev av i alt sytten. Dei hadde greie rettskrivingskunnskapar, utgangspunktet var lovande. Utover i fyrste klasse merkte eg meg at det alltid var fleire feil å gripa fatt i når klassen hadde hatt hovudmålsstil (les nynorsk) enn ved sidemålsskriving. Eg var forundra over dette, og spurde dei korleis det kunne ha seg. Svara var eintydige: dei fleste lærarane underviste på bokmål; lærarane nytta fagterminologi på bokmål, og nokre av elevane valde sjølv bokmålsbøker for der å lesa fagorda dei kjende frå undervisninga i klasserommet. I fyrste omgang gjorde eg dei merksame på kva rettar dei hadde som nynorskelevar; eg trudde at sterke ungdomar rydda opp sjølve.

I andre klasse var stoda den same; ny prat, ny oppmoding, denne gong bad eg den tillitsvalde orientera dei aktuelle faglærarane om språkfordelinga og med bøn om meir nynorsk.Tillitskvinna - ei for alderen svært mogen og til vanleg uredd jente - svara at ho kvidde seg for å be lærarane om dette fordi ho visste at dei ville oppfatta det som ekstraarbeid; ho var redd for lærarane sin motvilje.

Dette året var eg kontaktlærar i same klasse, og nytta høvet til å setja saka på dagsorden i klasselærarråd. Svara varierte frå likesæle til påpeiking om ekstraarbeid eller vegring mot sannsynleg feilskriving. (Referat frå klasselærarråd vert alltid levert administrasjonen, så dersom referata vert lesne, er situasjonen velkjend der). Temaet var på saklista for klasselærarråd også i avgangsåret. (Ein kontaktlærar har ikkje mynde, han kan berre forklara og appellera).

Det gjekk godt for elevane til eksamen, men norsklæraren trur dette skuldast meir innhaldsmomentet enn språkdugleiken. Nemnast bør også at ingen vart freista til målbyte. Dette trur eg skuldast at dei to skriftlege norskkarakterane er likestilte og at begge målformene har same avgangstidspunkt.

Som dømet fortel, er rettane til nynorskelevar i språkblanda klassar, svært få. Soga syner også at lærarane er fullt klar over at dei slett ikkje treng ta omsyn til nynorskelevar si målform anna enn ved prøveskriving.

Reell rett

Truleg vil både elevar og foreldre vegra seg for å be læraren nytta ei målform som utgjer meirarbeid når lova ikkje pålegg han det. Sjølv om nynorskdelen i Odda er i stort fleirtal, er vi ein minoritet i storsamfunnet. Ein minoritet treng vern i lovverket.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no