Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kommunereforma og nynorsken

Gjennom førre store kommunesamanslåing mista nynorsken administrativt fotfeste i mange nynorskkommunar. Med ei ny stor kommunereform på gang syner ein rapport Noregs Mållag har fått utarbeidd, at det same kan skje på nytt. Dette er eit av dei politikkområda som landsmøtet i Noregs Mållag peika ut som viktig for nynorsken. 

Arbeidsprogrammet 2014-2018 seier dette om kommunesamanslåingar: 

"Dei fleste partia i Noreg ynskjer færre og større kommunar. I mange tilfelle vil me kunna få samanslåingar av kommunar med ulike målvedtak, og det vil skapa vanskar for nynorsken. Ved vurdering av kva kommunar som skal slåast saman, må ein ta språklege omsyn. Noregs Mållag vil åtvara mot kommunesamanslåingar som avgrensar nynorsk administrasjonsmål.

Alle nivå i organisasjonen må arbeida saman for at eventuelle framtidige kommunesamanslåingar fører til at nynorsken vert styrkt som tenestemål og administrasjonsmål. Truleg vil likevel mange av kommunane landa på eit vedtak om å vera «språknøytrale». Det er viktig for nynorsken at eit vedtak om nøytralt administrasjonsmål kan fyllast med vilje og evne til å vera reelt tospråkleg. Mållova og sidemålsordninga er to avgjerande berebjelkar for ei slik evne. Noregs Mållag må saman med andre krefter utforma ein strategi og ei rettleiing for korleis slike kommunar kan vera reelt tospråklege."

Aktuelle utspel: 

Kommunesamanslåing på tvers av språk - sjå til Finland, av Marit Aakre Tennø, 03.09.13: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=3708

Ikkje godt nok, Sanner!, utspel om kommunepropesisjonen, 14.05.14: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=3828 

Høyringsnotat frå Noregs Mållag til Kommunal- og forvaltningskomiteen til St. prop 95 S, 20.05.14: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=3830

Stort og stygt? Korleis målrørsla kan møte kommunereforma av Jens Kihl, 26.09.14: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=3881

Pressemelding frå Noregs Mållag i samband med offentleggjeringa av kommunereformrapporten, 01.11.14: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=3907

Leiarteig i Norsk Tidend:Når fleirtal køyrer over mindretal (eller omvendt):  http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10198,10317&id=4016 

Ta kontakt:

Ynskjer du å drøfte dette emnet med nokon i Noregs Mållag, ta gjerne kontakt med leiinga i Mållaget som har arbeidd mykje med dette politikkfeltet siste året, eller det aktuelle fylkeslaget eller lokallaget.

Noregs Mållag har fått utarbeidd ein rapport om kommunereforma: 

Du kan laste den ned her, eller sende e-post til medlem@nm.no og be om å få den tilsendt i posten. 

Rapport om kommunereforma - frå Askvoll til Åseral av Kåre Lilleholt og Jens Kihl.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no