Vårseminar i Fredrikstad

Mållaget inviterer til nasjonalt vårseminar i Fredrikstad laurdag 14. og sundag 15. mars.
Sametingsråd Ann-Mari Thomassen som representerer Norske Samers Riksforbund i Sametinget er ein av innleiarane. Ho skal snakke kommunereforma frå ein mindretalsståstad. (Foto: Kenneth Hætta / Sametinget)
Kva står på programmet?
- Kommunereforma og språklege utfordringar med samanslåingar
- Skal Noreg få ei eiga språklov?
- Offentleg målbruk - kva prioriterer vi og korleis organiserer vi arbeidet
- Nye vegar til nynorsk barnelitteratur
- Kampanje for nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar
Underhaldning
- Per Skranglebein
- Sunniva Berg
- Utdeling av litteraturprisar
Les meir om programmet for seminaret.
Praktisk
Seminaret skal vera på Litteraturhuset i Fredrikstad. Vi samarbeider med Rica City Hotel om overnatting. Her finn du praktisk informasjon.
Påmelding
Påmeldingsfrist er 27. februar. Her finn du påmelding til seminaret.
|