Kampanje for nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar:


Me har sett oss eit mål: å få flest mogleg kommunar til å tilby opplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar.
Kva språk dei vaksne innvandrarane skal lære blir vedteke lokalt. Difor er dette eit arbeid for lokale mållag. Mållaget arbeider mykje med å få fleire kommunar til å gå over til å gje nynorsk vaksenopplæring. Me ser at det er mange kommunar som tek tak i saka og er interessert i å gå over til nynorskopplæring.
Kvifor bør nye i Noreg lære nynorsk?
> Folkeveksten i landet vårt kjem i dag av utanlandsk innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor viktig at dei som buset seg i nynorskområde, lærer det lokale språket.
> Mange av dei nye innbyggjarane kjem med familie og ungar. Lærer foreldra det same språket som borna på skulen, vert det lettare å hjelpe dei med leksene og å forstå skriv og meldingar frå skulen.
> Nynorskopplæring i vaksenopplæringa kan vere med å gjere det lettare å kome inn i det norske samfunnet fordi ein forstår lettare det munnlege talemålet. Då vert det også lettare å forstå dialektar frå alle deler av landet.
> Dersom nokre av dei som har lært nynorsk flyttar vidare til bokmålsområde er det ikkje noko ulempe å kunne nynorsk. Tvert om er det ein styrke for alle å kunne nynorsk.
Motførestellingar
> Det mest brukte argumentet for å gje norskopplæring på bokmål, er mangelen på læremiddel på nynorsk. Dei læremidla som finst på nynorsk i dag, er gode nok til å gje ei fullgod norskopplæring for vaksne innvandrarar. Det gjeld så vel tekstbøker, ordbøker, lydbøker og digitale læremiddel. Somme kommunar har jamvel undervist på nynorsk i godt over ti år.
> Det andre argumentet handlar ofte om økonomi: At det er kostnadskrevjande å skifte til nynorsk. Ved å ta innføringa av nynorsk gradvis vert innkjøp av nye læremiddel gjort over fleire år. Opplæringssentera har eit årleg innkjøpsbudsjett til fornying av læremiddela.
Her kan du tinge gratis flygeblad: Nynorskopplæring for vaksne innvandrarar.
Ressursar og informasjon på ulike nettsider:
Nynorsksenteret har laga eit oversyn over lærebøker, læremiddel og skjønnlitteratur på nynorsk for denne elevgruppa: http://www.nynorsksenteret.no/nyn/ressursbase-for-skulen/minoritetsspr%C3%A5klege
Språkrådet: Norskopplæring for vaksne innvandrarar: http://www.sprakradet.no/Spraklige-rettigheter/sprakopplaring/Norskopplaring/
Kompetanse Noreg har ansvar for å skaffe nye læreverk på nynorsk. Det er òg dei som har ansvar for norskopplæringa for vaksne innvandrarar, og dei har ansvar for å etterutdanna lærarar: http://www.vox.no/Norsk-og-samfunnskunnskap/
Ressurssider for nynorsk hjå Kompetanse Noreg: http://www.vox.no/Norsk-og-samfunnskunnskap/nynorsk/
Norsksidene – kjelde til kunnskap: http://ressurssidene.pedit.no/web/PageND.aspx?id=1
Ny i Norge: http://www.nyinorge.no/
Lexin-ordbøker på nettet: http://lexin.udir.no/
Oversyn over kommunane
Noregs Mållag har spurt alle nynorskkommunane, i tillegg til ein del kommunar der det er ei overvekt nynorskelevar i kommunen, om kva slags norskopplæring dei tilbyr. Det er i dag 54 kommunar som tilbyr eller nyleg har vedteke å tilby nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar. Oversynet over alle kommunane finn du i PDF-vedlegget under.
Vil du vite meir om kampanjen? Ta kontakt med Hege Lothe på e-post hege.lothe@nm.no eller på telefon 926 48 348
Relaterte filer:
|