Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstafetten 2015

Det er tre år sidan den fyrste store Nynorskstafetten, og jammen skal ikkje Noregs Mållag og Norsk Målungdom leggje ut på ein ny Nynorskstafett til hausten. 

Stafetten byrjar i Sirdal måndag 12. oktober og vert avslutta i Sauda fredag 30. oktober. 

– Vi vil halde fram med å vitje barneskular, ungdomskular og vidaregåande skular. Både vitjing i klasserom, møte med rektor og lærarar og møte med oppvekstetaten i kommunane er viktige, fortel Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

– Vi vil mellom anna fremje kor viktig det er for nynorskelevane å lese nynorsk. I nokre av kommunane vil bruke ekstra tid på å snakke for nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. I tillegg vil kveldstida bli brukt saman med lokallaga ulike opplegg. Det er dessutan eit mål at dei folkevalde i desse kommunane i endå større grad seg nynorsken på dagsorden i arbeidet med kommunereforma. 

Hausten 2014 var vi på to og ei halv veke i Karmsund og Nordhordland.

– Vi held fram med å konsentrere Nynorskstafetten om område der det er mykje nynorsk i skulen, og der nynorsken er og kan vere utsett. Denne gongen har styret plukka ut Indre Agder, men ikkje Setesdal, Jæren, Ryfylket og Sauda. Nokre av desse kommunar hadde vitjing i løpet av den lange stafetten i 2013 og andre ikkje. 

Nynorskstafetten 2015: 

12.10 Sirdal 

13.10 Audnedal

14.10 Hægebostad

15.10 Kvinesdal

16.10 Evje og Hornnes 

19.10 Bjerkreim

20.10 Hå

21.10 Time

22.10 Klepp

23.10 Sola

26.10 Forsand

27.10 Strand

28.10 Rennesøy  

29.10 Finnøy

30.10 Sauda 

Det detaljerte oversynet vil etterkvart liggje i kalendaren

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no