Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget møter bygdedyret i Lom

Noregs Mållag inviterer til haustseminar i Lom 3.–4. september i samarbeid med Diktardagar 2016

I år er det 100 år sidan Tor Jonsson vart fødd. Bygda var sentral i Tor Jonssons forfattarskap, og han skapte mellom anna omgrepet bygdedyret. Innleiarane på seminaret har arbeidd med emne knytt til livet på bygdene – og framtida for bygdene. Seminaret vårt er på kulturhuset, og middag og kveldstilskipingar er på ulike stadar i sentrum, med gangavstand mellom. Overnatting vert i hytter i Lom sentrum.

Program:
Laurdag 3. september blir vi med på programopplegget til Diktardagar 2016 på kulturhuset i Lom.

Seminar-tema: Bygda. Med seminarleiarar Andreas Hompland og Håvard Teigen.
10:05 Forfattar Kjartan Fløgstad: Norske pennestrøk – der litteraturen skriv seg frå
11:00 Filmvitar/bygdeutviklar Marit Aakre Tennø: Bygda i populærkulturen
11:45 Lunsjpause
12:30 Bygdeforskar Mariann Villa: Bygda – eit perspektiv frå forskinga
13:30 Rektor Dag Jørund Lønning: Bygdeutvikling og bygda i framtida
15:00 Forfattar Ove Røsbakk held Tor Jonsson-føredrag
16:00 Middag
18:00 Festkveld med Henning Sommero og Sigbjørn Johnsen og mange fleire
21:00 Bokbad med bademeister Magnhild Bruheim og badegjestene Kjartan FløgstadGuri Sørumgård Botheim og Jens Kihl.

Sundag 4. september, på kulturhuset i Lom.

Konferansier: Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem i Noregs Mållag

09:30 Nynorsk for vaksne innvandrarar ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag. 

10.45 Nynorsk i næringslivet – fordelar og ulemper ved Ola Aukrust. Han var med å stifta Gudbrandsdalsmat for ti år sidan og driv Aukrust Gard og Urteri i Lom.

Kva kan nynorske matvarer og produkt bety for nynorsk som nasjonalt språk ved Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag

11.45 Pause

12.00 Slik får vi det som vi vil! Godt politisk alliansearbeid lokalt ved Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag

13.00 Vervekampanje ved Kjartan Helleve, informasjonskonsulent i Noregs Mållag

13:20 Avslutning og vel heim ved Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag

13:30 Lunsj

Fredag 2. september er reisedag. Avhengig kva tid og kvar vi kjem frå i landet, kjem vi fram på ulike tidspunkt på ettermiddagen og kvelden. Dei som ynskjer det, kan sjølv melde seg på fredagstilskipingane til Diktardagar 2016 på nettsidene deira. 

18:30 Berre kjærleik og død, teaterframsyning i Skjåk / 21:00 Diktardagarmiddag på Fossheim hotell i Lom 

Reisealternativ:
Tog- og busstider til Otta/Lom på fredag 2. september:
Oslo-Otta, kl 16:02–19:39 (tog)
Trondheim-Otta, kl 15:30–18:35 (tog)
Otta-Lom, kl 19:55–20:55 (buss). Sjekk også busstilbodet direkte til Lom hjå nettbuss.no og nor-way.no!
 
Tog- og busstider frå Lom/Otta sundag 4. september:
Lom-Otta, kl 15:20–16:25 (buss)
Otta-Trondheim, kl 17:34–20:45 (tog)
Otta-Oslo, kl 16:39–20:04

Påmeldingsfrist: 1. august 2016  (Vi tek imot påmeldingar så lenge det er praktisk mogleg å få ordna kost og losji.)

Pakkepris for seminar laurdag og sundag: kr. 1145,- (inkl. to lunsjar og middag laurdag) 

Pris for berre seminardag sundag (inkl. lunsj): kr. 200,- 

Overnattingsutgifter kjem i tillegg:

Overnatting, enkeltrom: 935,- (laurdag-sundag)                         Overnatting, enkeltrom: 1870,- (fredag-sundag)

Overnatting, eige rom, men delt fellesrom: 685,- (laurdag-sundag) Overnatting, eige rom, men delt fellesrom: 1370,- (fredag-sundag)

Send påmelding til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo eller på e-post til per.arntsen@nm.no

Betal til kontonummer 3450.19.80058. Merk innbetalinga med «Haustseminar 2016» + kva du betalar for. Ta kontakt om du ynskjer faktura.

Reisestøtte: Lokallag med lite pengar er velkomne til å søkje reisestøtte hjå Noregs Mållag. Send søknad på førehand med resultatrekneskapen frå i fjor til gro.morken@nm.no eller ring 23 00 29 37.

Har du lyst til å reise på haustseminar? Kvifor ikkje ta kontakt med lokallaget ditt for å få støtte til å delta? 

Vi vonar dette er ein spanande vri på haustseminar-helga, og ynskjer alle vel møtt!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no