Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 Våre fem krav 1 Løft for sidemålsordninga 2 Nynorsk for vaksne innvandrarar 3. Språkdeling i ungdomskulen 4. Nynorsk i barnehagane 5. Nynorsk i lærarutdanninga Nynorsk i partiprogramma Vurdering av partia NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vurdering av språkpolitikken til partia

Noregs Mållag har gått gjennom partiprogramma, språkpolitikken og den politiske praksisen til partia. Slik er vurderinga: 

Høgre: Høgre stadfesta nok ein gong på landsmøtet at det ikkje er fleirtal for eigen karakter i sidemål, og programmet stadfestar at nynorsk ikkje er ei sak partiet Høgre er opptekne av, sjølv om det finst politikarar i Høgre som er svært opptekne av nynorsk.

SV: SV har ein fyldig og solid nynorskpolitikk. SV er det einaste partiet som har konkrete formuleringar om barnehagefeltet.

Sp: Sp har ein solid nynorskpolitikk. Sp slår som einaste parti fast at jamstilling krev ein særskild innsats for nynorsken.

Venstre: Venstre har ein solid nynorskpolitikk. Som einaste parti har Venstre programfesta at dei vil ha ein eigen nynorskdidaktikk i lærarutdanninga og ei eiga språklov.

Raudt: Raudt har ein solid nynorskpolitikk. I programmet legg dei vekt på at mållova må handhevast og at NRK må bruke meir nynorsk.

Ap: Det er godt å sjå at nynorsken er attende i programmet til Ap. Men me er likevel litt uroa for om formuleringane om alternative vurderings- og eksamensformer kan nyttast til å svekke sidemålsordninga

KrF: Partiet har gode formuleringar om nynorskpolitikk, men det er verdt å merke seg at dei er opne for å endre på vurderingsordninga i sidemål.

FrP: Fridomsretorikken til Frp står i vegen for ein god språkpolitikk. Slik vil tiltak som anerkjenner at styrketilhøvet mellom nynorsk og bokmål er ulikt, stå i motsetnad til resten av politikken til Frp.

Mdg: Mdg kom som ei kule før førre stortingsval med ein omfattande og god språkpolitikk, og stadfesta denne på årets landsmøte.

 

 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no