Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 Våre fem krav 1 Løft for sidemålsordninga 2 Nynorsk for vaksne innvandrarar 3. Språkdeling i ungdomskulen 4. Nynorsk i barnehagane 5. Nynorsk i lærarutdanninga Nynorsk i partiprogramma Vurdering av partia NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

1. Eit løft for sidemålsordninga

Norskfaget er det viktigaste faget i skulen, og å meistre språket er ein grunnleggjande dugleik som ligg til grunn for læring i alle andre fag. Norskfaget har òg ein viktig funksjon i å gje alle norske born eit felles språkleg utgangspunkt. Obligatorisk skriftleg opplæring i begge skriftspråk på ungdomsskulen og vidaregåande skule er viktig. Eleven sin kunnskap i sidemålet må vurderast, både på ungdomsskulen og i studieførebuande vidaregåande opplæring. Vurderinga i vidaregåande må vere gjennom eigen standpunktkarakter og obligatorisk eksamen. Eksamen i sidemål og hovudmål skal gjennomførast samstundes i Vg3 og med same krav, men på to ulike dagar.

Sidemålsopplæringa for dei med bokmål som hovudmål treng eit lyft: å bli betre og meir spennande. Skular der hovudmålet er bokmål, bør nytte sidemål i andre fag enn norskfaget som eit verkemiddel for at elevane skal meistre både bokmål og nynorsk. Elevane med nynorsk som hovudmål møter så mykje bokmål i dagleglivet at dei ikkje har det same behovet for mengdetrening i sidemålet, men treng å få styrkt hovudmålsopplæringa si.

Grunngjeving:

Kvifor sidemålsundervising:

  • Nynorskbrukarane er, til liks med fleire andre mindretalsspråk rundt om i verda, avhengige av godvilje frå fleirtalsspråkbrukarane for å kunne nytte språket sitt. Sidemålsundervisning er heller ikkje uvanleg i andre språkkløyvde område. Der har dei same grunngjeving som her: ivaretaking av rettane til mindretalsspråkbrukarane. Meistrar fleirtalsspråkbrukarane det mindre brukte språket, vil mindretalsspråkbrukaren kunne bruke språket sitt over alt. Ei svekking av sidemålsordninga er ei svekking av nynorskbrukarane sine språklege rettar. Såleis er den totale situasjonen til nynorsken nært knytt til opplæring i nynorsk for elevar i bokmålsområde.
  • I Noreg har me to jamstilte norske språk som ein kan velje fritt mellom, difor må ein ha kjennskap til begge. Nynorsk og bokmål er to ulike språk, med ulikt opphav, ulik historie og med to ulike skriftkulturar. Begge språka er ein viktig del av norskfaget. Eit norskfag utan nynorsk vil vere eit halvt norskfag.

 

Kvifor eigen karakter:

  • Karakterar er undervisningsstyrande, og utan eigen karakter i sidemål er me redde for at undervisninga ikkje vil bli prioritert. Ei evaluering frå Rambøll, gjort for Utdanningsdirektoratet, syner at ei svekking av sidemålsordninga fører til lågare sidemålskompetanse: I samband med innføringa av Kunnskapsløftet i skulen vart skriftleg eksamen i sidemål gjort til trekkfag på vg3 på studieførebuande program, medan det tidlegare hadde vore obligatorisk eksamensfag. I evalueringa frå Rambøll av skriftleg eksamen i norsk våren 2010, den fyrste eksamenen etter at sidemål vart trekkfag, vert funna som gjeld eksamen i sidemål, samanfatta slik: «Lærerne mener de ikke har nedprioritert faget, men sensorer mener på bakgrunn av sensuren at kvaliteten på sidemålskompetansen har gått ned.» (Rambøll 2010, s. 4)
  • Fjernar ein sidemålskarakteren heilt, vil det vere særleg uheldig i kjerneområda for nynorsken i tilsetjingar t.d. i skulen og kommunen. Då vil ein ikkje kunne sjå noko prov på at søkjaren meistrar nynorsk. Allereie i dag ser me at påstått vantande nynorskkunnskapar trugar nynorskbruken i kommunar, skular og verksemder som er underlagt mållova.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no