Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

2. Nynorsk for vaksne innvandrarar

Det er viktig at vaksne innvandrarar i nynorskområde kan få norskopplæringa på nynorsk. Det må setjast av nok økonomisk støtte til utvikling av nynorske læremiddel slik at tilbodet kan kome opp på eit godt nok fagleg nivå. Noregs Mållag krev at Stortinget lovfester at lærebøker og læremiddel for vaksne innvandrarar kjem ut på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.

Grunngjeving:

Folkeveksten i landet vårt kjem i dag av utanlandsk innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor viktig at dei som buset seg i nynorskområde, lærer det lokale språket.

  • Mange av dei nye innbyggjarane kjem med familie og ungar. Lærer foreldra det same språket som borna på skulen, vert det lettare å hjelpe dei med leksene og å forstå skriv og meldingar frå skulen.
  • Nynorskopplæring i vaksenopplæringa kan vere med å gjere det lettare å kome inn i det norske samfunnet fordi ein lettare forstår det munnlege talemålet. Då vert det også lettare å forstå dialektar frå alle deler av landet.
  • Dersom nokre av dei som har lært nynorsk, flyttar vidare til bokmålsområde, er det ikkje noka ulempe å kunne nynorsk. Tvert om er det ein styrke for alle å kunne nynorsk.
  • Det mest brukte argumentet for å gje norskopplæring på bokmål, er mangelen på læremiddel på nynorsk. Dei læremidla som finst på nynorsk i dag, er gode nok til å gje ei fullgod norskopplæring for vaksne innvandrarar. Det gjeld så vel tekstbøker, ordbøker, lydbøker og digitale læremiddel. Somme kommunar har jamvel undervist på nynorsk i godt over ti år. 
  • Det andre argumentet handlar ofte om økonomi: At det er kostnadskrevjande å skifte til nynorsk. Ved å ta innføringa av nynorsk gradvis, vert innkjøp av nye læremiddel gjort over fleire år. Opplæringssentera har eit årleg innkjøpsbudsjett til fornying av læremidla.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no