Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 Våre fem krav 1 Løft for sidemålsordninga 2 Nynorsk for vaksne innvandrarar 3. Språkdeling i ungdomskulen 4. Nynorsk i barnehagane 5. Nynorsk i lærarutdanninga Nynorsk i partiprogramma Vurdering av partia NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

3. Tiltak for nynorskelevar – språkdeling i ungdomskulen

For at nynorskelevane skal bli trygge språkbrukarar og gjere det lettare å halde på nynorsk gjennom heile skulegangen, er det viktig at desse elevane får halde fram i eiga nynorskklasse i ungdomsskulen, har god tilgang på læremiddel og språkleg sikre lærarar. I språkblanda område må kommunane kunne søkje og få skjønsmidlar til parallellklasser for å tilby språkdelte klasser i ungdomsskulen.

Grunngjeving:

God språkopplæring kjem langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordela elevar i nye klasser. Dette råkar nynorskelevane i dei delane av Noreg som har språkblanda skular. Noregs Mållag vil at elevar skal ha rett til å få opplæring på eige språk ut grunnskulen.

Stoda i dag er at:

  • elevar berre har rett på opplæring på hovudmålet sitt i 7 år av 13 år i grunnskulen.
  • undervisingspersonalet, og ikkje elevane, avgjer opplæringsmålet i ungdomsskulen.
  • elevane i ungdomsskulen har ikkje rett til anna enn undervisingsmateriell og eksamen på eige språk, og å få levera skriftlege arbeid på hovudmålet. I praksis tyder det at dei aller fleste av desse elevane får storparten av undervisinga si på bokmål.
  • norsk språkopplæringspolitikk bryt med det som internasjonalt er rekna som ein sentral språkrett, retten til opplæring på eige språk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no