Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

4. Nynorsk i barnehagane

Alle born over heile landet skal få eit positivt møte med nynorsk i barnehagen gjennom barnebøker, songar, rim og regler. Det gjev eit rikare språkmangfald og er i tråd med norsk språkpolitikk. For å sikre ein god overgang frå barnehage til skule i nynorskområde må borna få nynorsk språkstimulering i desse barnehagane.

Grunngjeving:

Språkstimuleringa som skjer i barnehagane, bidreg til språklæring kvar dag. Språkstimuleringa i faste formular som songar, rim, regler, bordvers osb., og i tillegg høgtlesing frå bøker, følgjer ofte skriftspråka våre. Og barnehageborn lærer nynorsk gjennom øyra. Den lydlege innlæringa borna får, er ein god start på det som seinare følgjer av språklæring i skulen.

Over 8000 born startar kvart år på ein nynorskskule. Å vera ein trygg og stødig språkbrukar er viktig for mest all anna læring i skulen, og born i nynorskområde bør ikkje starta på skulen med eit språkleg handikap. I «Gjennom ord blir verda stor»-kampanjen og seinare «Nynorskstafetten» har Noregs Mållag vitja hundrevis av barnehagar dei siste 10 åra og ser at i mange barnehagar er dette ei problemstilling dei ikkje har reflektert rundt. Dei les bokmålsbøker og nyttar språkstimuleringsmateriell på bokmål i barnehagar der ungane skal ta til i nynorskklassar. Ei spørjegransking mellom 201 barnehagar i nynorskområde utført av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og kulturavisa Pirion stadfestar Noregs Mållag sine opplevingar. Granskinga syner at halvparten av barnehagane berre les til ungane på nynorsk éin til to gonger i veka eller sjeldnare, og nesten halvparten syng på bokmål for ungane fleire gongar om dagen. I tillegg gjev 86 prosent av barnehagane opp at dei nyttar språkstimuleringspakkar. Diverre nyttar nesten alle pakkar som berre finst på bokmål. (heile undersøkinga finn du her: http://pirion.info/images/barnehageunderskinga.pdf).

Dette tyder i praksis at desse barnehagane gjev ungane massiv bokmålspåverknad, og det gjer at dei knapt møter språket dei skal lære i barneskulen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no