Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 Våre fem krav 1 Løft for sidemålsordninga 2 Nynorsk for vaksne innvandrarar 3. Språkdeling i ungdomskulen 4. Nynorsk i barnehagane 5. Nynorsk i lærarutdanninga Nynorsk i partiprogramma Vurdering av partia NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

5. Nynorsk i lærarutdanninga

 Lærarane sine norskkunnskapar er avgjerande for god norskundervisning i skulen. Dei ulike lærar- og lektorutdanningane må leggje til rette for og sikre at framtidige lærarar har god nok kompetanse i nynorsk og bokmål. God kompetanse i nynorsk og bokmål er også eit avgjerande krav for lærarar som ikkje skal undervise i norsk, fordi språklæring skjer i alle timar og i alle fag. Alle lærarar må få tilbod om kurs og etterutdanning i nynorsk. Ein eller fleire lærestader med lærarutdanning må få eit nasjonalt ansvar for å utvikle nynorsk didaktikk for hovudmåls- og sidemålselevar.

Grunngjeving:

Etter det siste oversynet frå GSI, skal det vera 76 549 elevar i grunnskulen som har nynorsk som hovudmål. Desse elevane har krav på ei fullgod opplæring i hovudmålet sitt til liks med elevane som har bokmål som hovudmål. Skal elevane vera ei fullgod opplæring på nynorsk, er det heilt naudsynt at lærarane deira meistrar nynorsk godt nok til å gje dei denne opplæringa.

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomførde PROBA Samfunnsanalyse ei gransking av nynorsk som hovudmål (Rapport 2017 – 07).  Her skriv PROBA dette: «I analysen av hvordan lærerutdanningene sikrer og dokumenterer kompetanse i nynorsk og bokmål hos lærerstudentene, finner vi store variasjoner mellom institusjonene når det gjelder hvilken type vurderingsform de har valgt og hvilke krav til målform som foreligger. Vurderingsformene i nynorsk ved grunnskolelærerutdanningene er sjelden likeverdige vurderingsformene i bokmål. Bokmål blir hovedsakelig brukt på skoleeksamen, og nynorsk på hjemmeeksamen eller liknende. Analysen viser videre at det er stor usikkerhet om hvordan kompetansen i nynorsk og bokmål skal synliggjøres på vitnemålet».

Ein del av den generelle kompetansen kandidaten skal ha, er kompetanse i både nynorsk og bokmål. Formulert slik: «behersker norsk muntlig, skriftlig bokmål og nynorsk, kan kommunisere om faglige spørsmål i og utanfor skolen og bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng».

God nynorskkompetanse er heilt avgjerande for at elevar med nynorsk opplæringmål skal få god opplæring i norsk og for at dei med bokmål som opplæringsmål skal få god sidemålsopplæring. Samstundes er alle lærarar norsklærarar, og god kompetanse i begge dei norske språka er avgjerande for å kunne gje god språkopplæring som ein del av dei grunnleggande dugleikane i alle fag.

Noregs Mållag har svært mykje kontakt med grunnskulane i Noreg, i så vel bokmålskommunar som nynorskkommunar og sameleis i språkblanda område. Ei viktig røynsle frå kontakten vår med skulane er at altfor mange skular i bokmålskommunar og særleg i språkblanda område stadfester at veldig mange lærarar erkjenner at dei ikkje meistrar nynorsk godt nok til å bruka språket i undervisninga.

Resultatet er at mange nynorskelevar ikkje får så god norskopplæring som dei har krav på i alle fag, og at mange elevar i 8-10. klassetrinn med nynorsk hovudmål ikkje møter språket sitt i det heile utanfor norsktimane. At nynorskelevane ikkje meistrar språket sitt godt nok, er ein av grunnane til språkskifte, ein annan er omfanget av bokmål rundt elevane. Manglande nynorskkompetanse hjå lærarane er difor ikkje berre eit trugsmål mot nynorskkompetansen til nynorskelevane, men kan òg vere med å auke språkskifte i skulen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no