Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Påmelding Nytt arbeidsprogram Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøte i 2018

Torsdag 12. til søndag15. april 2018 er det landsmøte i Vinje, i høve 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje. Dette er det 100. landsmøtet i Noregs Mållag. Landsmøtet tek til fredag morgon klokka 9, som tyder at utsendingane må kome torsdag kveld.

No møtest organisasjonen til landsmøte annakvart år, og då er det ekstra viktig å få med seg landsmøtet. Her drøftar vi dei viktigaste utfordringane for nynorsken og nynorskbrukarane i dag, og vonar å gje kveik til utsendingar frå heile landet. På dette landsmøtet vedtek vi arbeidsprogram for dei neste fire åra, og vel eit nytt styre.  Vi vonar nye tillitsvalde som ikkje har vore på landsmøte før, tek turen. Påmeldingsfristen er 11. mars.

Busstransport: Sjølve landsmøtet er i Rauland Idrettshall, og utsendingane bur på Rauland Høgfjellshotell. Det er om lag 8 km frå det eine til det andre, og det vil derfor vere busstransport mellom hotellet og Raulandshallen. Det er avgrensa med plass på hotellet, så utsendingane må bu seg på å dele rom.

Programmet: Det vert busstur med omvising på Midtbø der Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas budde med borna sine, og vi skal også få sjå Plassen der Aasmund Olavsson Vinje vaks opp og kvar det nye Vinje-senteret vert planlagt.

Forfattar Olav Vesaas vil halde føredrag om livet til Aasmund Olavsson Vinje, Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør i Bergens Tidende, skal halde eit føredrag om den motkulturelle journalistikken og den nye daglege leiaren på Vinje-senteret, Kristian W. Rantala, kjem og fortel om planane for senteret.

Torsdag kveld varmar vi opp med formøte for nye utsendingar og kviss på landsmøtehotellet. Fredag kveld er det kulturkveld i Vinjehuset i Åmot, og konsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad.

Økonomiske støtteordningar til landsmøteutsendingar: Lokallag med dårleg økonomi kan søkje Noregs Mållag om å få tilskot til reise og opphald. Me har ein samla pott på 50 000 kroner til det føremålet. De kan søkje tilskot for éin utsending per lag, og de må leggje rekneskapen for 2017 ved søknaden.

Nyskipa og oppattskipa lag får dekt reiseutgiftene, som i dag er 1600 kroner per person fordi me har reiseutjamning med lik kostnad for alle utsendingar. Med nyskipa og oppattskipa lag meiner me lag som er komne til eller på beina att i 2016 eller 2017 og som ikkje var på landsmøtet i 2016. Send søknad til erik.grov@nm.no innan 12. februar 2018.

 

Hugseliste for å få røysterett

Årsmelding for 2017

Utsendingsfullmakt, signert

Landsmøteavgift og reiseutjamning betalt

Utsendingen må ha betalt medlemspengar

Finn skjemaa og anna nyttig praktisk påmeldingsinformasjon. 

 

Velkomen til landsmøte i Vinje! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no