Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. APRIL 2018 Information in english


Nyhende Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Praktisk Nytt arbeidsprogram Sakspapir Vektekne fråsegner Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Praktisk og påmelding

Alle som skal på landsmøtet lyt melde seg på. På denne sida finn du dei skjemaa du treng.

Organisasjonen møtest til landsmøte annakvart år. Her drøftar vi dei viktigaste utfordringane for nynorsken og nynorskbrukarane i dag. På dette landsmøtet vedtek vi arbeidsprogram for dei neste fire åra, og vel eit nytt styre. 

Vi vonar nye tillitsvalde som ikkje har vore på landsmøte før, tek turen. Påmeldingsfristen er 11. mars.

***OBS!***

Transport til landsmøtet: Me har sett opp buss frå både Oslo og Bergen til landsmøtet torsdag 12. april. Bussen frå Oslo bussterminal går 17.30. Oslo, Lysaker Asker, Drammen, Kongsberg, Notodden, Seljord og Rauland. Medan bussen frå Bergen bussterminal går 16.30. Bussen frå Bergen køyrer Åsane, Arna stasjon, Voss, hardangerbrua Odda, Haukelid, Arabygdi til Rauland. Dei vil vere framme i Vinje høvesvis 21.00 og 22.00. (meld frå om det er stoppestadar der bussen skal stogge for å ta på passasjerar) 

Bussane attende går frå Vinjehuset om lag klokka 15.00, når alle er klare. Dei vil vere framme i Oslo og Bergen om lag 18.45 (Oslo Havnelager) og 20.30 (Bygarasjen).

At mange reiser med bussane er det klart enklaste, og ikkje minst billigaste, for Noregs Mållag. Reisa er eit spleiselag der alle utsendingane betaler same summen, same kor lang reisa er. Laga får det overskytande attende dersom det blir pengar att i den samla reisepotten som alle har betalt inn til.

For mange vil det vere praktisk å bruke desse bussane som ein del av reisa si, uansett kvar ein kjem frå. Vi ber derfor om at alle som kan, blir med i desse bussane. Sei frå til erik.grov@nm.no om du vil vere med. 

***

Sjølve landsmøtet er i Vinjehuset i Åmot, og utsendingane bur på Rauland Høgfjellshotell. Det er om lag 25 km frå det eine til det andre, og det vil derfor vere busstransport mellom hotellet og Vinjehuset. Det er avgrensa med plass på hotellet, så utsendingane må bu seg på å dele rom.

Programmet: Det vert busstur med omvising på Midtbø der Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas budde med borna sine, og vi skal også få sjå Plassen der Aasmund Olavsson Vinje vaks opp og kvar det nye Vinje-senteret vert planlagt.

Forfattar Olav Vesaas vil halde føredrag om livet til Aasmund Olavsson Vinje, Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør i Bergens Tidende, skal halde eit føredrag om den motkulturelle journalistikken og den nye daglege leiaren på Vinje-senteret, Kristian W. Rantala, kjem og fortel om planane for senteret.

Torsdag kveld varmar vi opp med formøte for nye utsendingar og kviss på landsmøtehotellet. Fredag kveld er det kulturkveld på Rauland høgfjellshotell, og konsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad.

Økonomiske støtteordningar til landsmøteutsendingar: Lokallag med dårleg økonomi kan søkje Noregs Mållag om å få tilskot til reise og opphald. Me har ein samla pott på 50 000 kroner til det føremålet. De kan søkje tilskot for éin utsending per lag, og de må leggje rekneskapen for 2017 ved søknaden.

Nyskipa og oppattskipa lag får dekt reiseutgiftene, som i dag er 1600 kroner per person fordi me har reiseutjamning med lik kostnad for alle utsendingar. Med nyskipa og oppattskipa lag meiner me lag som er komne til eller på beina att i 2016 eller 2017 og som ikkje var på landsmøtet i 2016. Send søknad til erik.grov@nm.no innan 12. februar 2018.

 

Hugseliste for å få røysterett

Årsmelding for 2017

Utsendingsfullmakt, signert

Landsmøteavgift og reiseutjamning betalt

Utsendingen må ha betalt medlemspengar

Finn skjemaa og anna nyttig praktisk påmeldingsinformasjon. 

 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no