Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. MAI 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak 3 Nynorsk journalistikk og Vinje

Landsmøtet er i Vinje i år som ein del av Vinje-jubileet. Me markerer at det er 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Han var journalisten som tok Ivar Aasens landsmål i bruk i praksis. Han satsa eigen økonomi og valde bort ein mykje tryggare karriere som danskskrivande journalist. Det var eit sprang ut i det ukjende som må ha kravd eit heilt eige mot.

Om Aasmund Olavsson Vinje ved Olav Vesaas

Olav Vesaas skreiv biografi om Aasmund Olavsson Vinje i 2001. Me har bede han om å snakka for oss om personen, diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje.

Vilkåra for den motkulturelle journalistikken i dag ved Frøy Gudbrandsen

Frøy Gudbrandsen er politisk redaktør i Bergens Tidende. Med utgangspunkt i Aasmund Olavsson Vinje er ho beden om å halda ei innleiing om kva den motkulturelle journalistikken er i dag og kva vilkår han har. Kva skal til for at nynorsken har gode vilkår framover?

Det nye Vinje-senteret ved Kristian W. Rantala

Kristian W. Rantala er nytilsett dagleg leiar i Vinje-senteret. Han skal fortelja oss om kva Vinje-senteret skal bli og korleis dei arbeider for å få det til.

Det er sett av tid til ordskifte etter innleiingane.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no