Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Praktisk Nytt arbeidsprogram Sakspapir Vektekne fråsegner Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Sak 6 Økonomisaker

Dagleg leiar Gro Morken Endresen legg fram økonomisakene.

Denne saka inneheld fem vedtakspunkt:

  1. Frikjøp av leiar/styremedlemer for 2020–2022

  2. Årspengar for 2020 og 2021

  3. Budsjett for 2019 og 2020

    1. Framlegg frå Hordaland Mållag til budsjett

    2. Framlegg frå Hjelmeland Mållag og Stavanger Mållag til budsjett

ØKONOMISKE STYRINGSVERKTØY
Desse styringsverktøya er planlagde for den toårige landsmøteperioden:

  • Budsjett for to år blir vedteke av landsmøtet.

  • Revidert driftsbudsjett blir vedteke av styret år for år.

  • Prognose blir lagd fram for styret til orientering og som grunnlag for eventuelle åtgjerder. Prognosen er resultatet av kjende tal for den delen av året som er gått, kombinert med ei vurdering av sannsynleg utvikling resten av året.

  • Driftsresultat per førre månad blir lagt fram for styret saman med prognosen. Rekneskapstala blir jamførte med driftsbudsjett og året før.

  • Årsrekneskap blir godkjend av landsmøtet i samsvar med § 5.1 i lov for Noregs Mållag.

  • Prosjektbudsjett som identifiserer inntekter og kostnader for dei ulike tiltaka og planane som skal gjennomførast.

  • Tiltak i arbeidsprogrammet må dermed talfestast i kostnader og inntekter så langt råd er. Arbeidet med slik prosjektbudsjettering kan fyrst ta til etter at landsmøtet har vedteke arbeidsprogrammet. Det reviderte budsjettet som styret vedtek, blir dermed det viktigaste grunnlaget for den økonomiske drifta av organisasjonen.

Konsekvensen av å bruka desse økonomiske styringsreiskapane er at det er både ynskjeleg og naudsynt at budsjettdrøftinga på landsmøtet rettar seg mot dei overordna måla og tala. Landsmøtet vedtek dermed eit rammebudsjett med visse resultatkrav, som det blir styret si oppgåve å realisera innanfor dei føresetnadene som er stilte.

Driftsåret i landsmøteår ser slik ut:

Februar/mars:        Styret vedtek tilråding av budsjett for dei neste to åra for landsmøtet.

April:    Landsmøtet vedtek budsjett for dei neste to åra, i tråd med § 5.1 i lov for Noregs Mållag

Mai/juni:    Styret får driftsresultat per april og prognose til orientering, og gjer eventuelle vedtak om tiltak.

August/september:    Styret får driftsresultat per juli og prognose til orientering og gjer eventuelle vedtak om tiltak.

Nov./desember:     Styret får driftsresultat per oktober og prognose til orientering og gjer eventuelle vedtak om tiltak. Styret vedtek også revidert budsjett for neste arbeidsår med grunnlag i arbeidsprogrammet og prognosen for inneverande år.

Mars:           Styret avsluttar arbeidet med rekneskapen for året før.

April:            Landsmøtet godkjenner rekneskapen for dei to førre åra.

I oddetalsår er det ikkje landsmøte, og rekneskapen vil då bli vedteken i styret og lagd fram for neste ordinære landsmøte.
 

6.1 Frikjøp av leiar/styremedlemer for 2020–2022
Landsmøtet i 1991 opna for frikjøp av leiar e.a. gjennom denne merknaden til budsjettet for 1992:
På lønsbudsjettet vil det bli gitt rom for løna leiar/frikjøp av leiar. Desse midlane blir brukte til frikjøp av leiar, andre styremedlemmer og eventuelt andre, etter vedtak i styret.

I 2007 vedtok landsmøtet:
Landsmøtet bed styret om å på landsmøtet i 2008 innstilla på leiarløn både for perioden 2008–2009 og 2009–2010. For seinare landsmøte skal vedtak om leiarløn vera ein del av det budsjettet som landsmøtet har oppe til vedtak, slik at landsmøtet i 2009 vedtek leiarløn for april 2010 til april 2011.

Denne ordninga har sidan vore brukt på ulike måtar. Både for valnemnda og for den som blir vald som leiar, er det naudsynt at rammevilkåra for leiaren er klåre for kvar funksjonsperiode.

Summen i budsjettet bør vera ei maksimalramme, og styreleiaren står fritt til å ta ut honorar for ein mindre brøk enn 1/1 stilling. Det er heller ikkje sjølvsagt at frikjøpssummen for styreleiar skal vera identisk med løn til dagleg leiar. Behov, kompetanse, arbeidsmengd og arbeidsfordeling kan skifta.

Styret legg til grunn for innstillinga si til landsmøtet, at leiaren vert frikjøpt med utgangspunkt i den løna vedkomande har i den ordinære stillinga si. Styret ynskjer likevel å leggja  løna rimeleg høgt, ut frå ei vurdering av det ansvaret og den arbeidsbyrda som ligg til leiaren i Noregs Mållag. Det føreslegne lønsspennet representerer difor styret si vurdering av kva som bør vera lågaste og høgaste moglege lønsinnplassering for dei komande arbeidsåra.

Det er i alle høve landsmøtet som må fastsetja den årlege summen. Løna til dagleg leiar er lønssteg 70 som frå 01.05.2017 er kr 623 900.

Dersom andre styremedlemer skal frikjøpast, legg styret til grunn at dei vert frikjøpte i den løna dei har, men med same maksimumsløn som leiaren.

Landsmøtet i 2016 gjorde vedtak om å setja av lønsmidlar til frikjøp av styreleiar for perioden 2018–2020 i full stilling i lønssteg 60–75.

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:
Til frikjøp av styreleiar i landsmøteperioden 2020–2022 vert det sett av lønsmidlar i inntil full stilling i lønssteg 60–75 i statsregulativet. Til frikjøp av andre styremedlemer vert det sett av lønsmidlar i inntil 20 % stilling. Frikjøp skal skje ut frå eiga løn med eit tak tilsvarande det for styreleiaren.

6.2 Årspengar for 2020 og 2021
Årspengane for 2018 og 2019 er sette til 290 kroner. Landsmøtet skal fastsetja årspengar for 2020 og 2021. Fastsetjing av årspengar er regulert i lov for Noregs Mållag § 4.6:

Noregs Mållag har faste årspengesatsar som vert vedtekne på kvart landsmøte. Familiemedlemer og lag som også er med i Noregs Ungdomslag betalar halve årspengar. Medlemer i yrkesmållag som også er med i lokallag, svarar ikkje sentral kontingent gjennom yrkesmållaget. Heidersmedlemer i Noregs Mållag svarar ikkje kontingent til samskipnaden.

§ 3.2 seier dette om årspengar frå Norsk Målungdom:
Norsk Målungdom svarar ei - 1 - krone for kvar medlem  til Noregs Mållag.

Årspengar - nominell og reell auke 2007–2021

År    Nom kr        2015-kr        Konsumprisindeks
2021    300        261        115,0

2020    300        267        112,5

2019    290        264        110,0
2018    290        269        107,7
2017    290        275        105,5
2016    290        280        103,6
2015    280        280        100
2014    280        286        97,9
2013    280        292        95,9
2012    280        298        93,9
2011    280        300        93,3
2010    270        293        92,1
2009    270        300        89,9
2008    270        307        88,0
2007    260        307        84,8

MERK: Tabellen syner nominell og reell kroneverdi ut frå framlegget til medlemspengesats. Prognose 2018: 2,1 % prisauke, prognose 2019: 2,2 % prisauke og prognose 2020: 2,3 % prisauke. Prognose for 2021 ligg ikkje føre og er stipulert til 2,2 %. Det er ikkje teke omsyn til at lønsauken og dermed dei røynlege utgiftene for Noregs Mållag er større enn prisauken. 

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak: Årspengane for 2020 og 2021 blir sette til 300 kroner i ordinær sentralsats. Tilrådd fylkessats er 30 kroner og tilrådd lokallagssats er 40 kroner.

6.3 Budsjett for 2019 og 2020
Tal i 1000 kroner, oversyn over kostnadene fylgjer på neste side.



 

INNTEKTER

REKN 16

REKN 17

LM-vedtak BUD 18

STYRE-REV BUD 18

FRAML

BUD 19

FRAML.

BUD 20

             

Sal av materiell

91

145

120

180

130

130

Norsk Tidend

101

78

100

80

80

80

Kulturlotteri

372

363

350

100

110

110

Medlemspengar

3 818

4 075

3 830

4 072

4 080

4 200

Prisar og stipend

120

120

120

120

120

120

Landsmøte

913

0

850

852

0

900

Møte-/seminarinntekter

107

119

50

50

75

50

Tenestesal

9

7

5

10

5

5

Målgåver

1 006

1 022

1000

1 230

1 250

1 270

Statstilskot

4 482

4 168

4 580

5 505

5 600

5 710

Løyvingar og gåver, sponsorinnt.

0

0

20

80

50

50

Prosjekt i fylkeslaga

520

675

400

650

650

650

Andre lagsinntekter, tippemidlar

958

1 374

0

0

0

0

Leige- og kontorinntekter

226

265

230

226

228

230

Uttak av varer

0

5

20

20

20

20

Mva-refusjon

410

468

400

470

450

450

Ymse

117

185

30

150

120

80

Sum inntekter

13 250

13 069

12 105

13 805

13 018

14 155

             

UTGIFTER

           

Materiell for sal

85

140

80

130

100

80

Norsk Tidend

816

887

740

830

850

860

Andre trykkjekostnader

123

175

130

130

100

130

Kulturlotteri

191

208

250

70

70

70

Refusjon medlemspengar

823

880

800

880

880

880

Løn og honorar

4 866

5 375

4 950

5 850

5 900

6 000

Tenestesal

-

 

2

0

2

2

Husleige, straum

1 032

1 126

1 000

1 150

1 170

1 190

Presseklypp, komm.tenester

72

74

80

80

80

80

Prisar og stipend

163

160

180

180

180

180

Drifts- og kontorutgifter

1 560

1 369

1 450

1 462

1 500

1 500

Landsmøte

1 286

10

1 100

1 250

0

1200

Seminar, konferansar og arr.

234

368

160

200

280

200

Styre-/landsrådsmøte

147

191

200

200

210

210

Andre reise/møteutgifter

195

294

200

220

230

240

Prosjekt i fylkeslaga

517

775

400

750

650

650

Løyvingar, gåver, sponsorar

25

30

40

40

30

30

Løyving til NMU

Løvying NMU lokallagsskrivar

200

340

200

0

200

0

200

0

200

50

200

0

Målpol. sats.felt 1: skulemål

123

177

120

150

150

150

Målpol.sats.felt 2 Barn og unge

40

3

50

30

30

30

Målpol. sats. 3: Off. målbruk

26

3

70

30

40

40

Nynorskstafetten

119

71

140

140

140

140

Organisasjonstiltak

188

271

200

300

250

300

Avskrivingar, tap på krav

3

0

10

10

5

5

Sum utgifter

13 174

12 787

12 552

14 282

13 097

14 367

             

Resultat før finanspostar

76

282

-447

-477

-79

-212

 

FINANSPOSTAR

           

Utbyte

6

13

20

20

20

20

Finansinntekter

66

78

110

65

65

75

Finansutgifter

-35

-32

-35

-40

-35

-35

Sum finanspostar

37

59

85

45

50

60

RESULTAT

113

341

-362

-432

-79

-252

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak: Landsmøtet godkjenner budsjetta for 2019 og 2020 som er lagde fram med årsresultat på -79’ kr og -252’ kr.

6.3.1 Framlegg frå Hordaland Mållag:

Framlegg til vedtak frå Hordaland: LM i NM vedtek å fullfinansiera stillinga som HM har, der LIve Havro Bjørnstad er tilsett.

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak: Landsmøtet prioriterer å halda oppe talet på årsverk ein i dag har på skrivarstova, og aukar ikkje lønsbudsjettet til også å omfatta ei stilling i Hordaland.

Sjå grunngjeving frå styret lenger nede i saka. 

6.3.2 Framlegg frå Hjelmeland Mållag og Stavanger Mållag

Administrasjon av fylkesmållaget - saksframlegg for landsmøtet april 2018

Målet med forslaget
Målet er å auka aktiviteten på regionalt- og lokalt plan i NM.

Problemet
Slik det er no, har ein meir enn nok med å administrera styremøta. Ein får ikkje gjort særleg mykje mellom møta. Rogaland Mållag slit med å rekruttera ønskjelege ressursar til styret. Lokallaga har tilsvarande problem og har ikkje folk å avsetja til fylkesstyret. Situasjonen er med andre ord no slik at fylkeslaget ikkje maktar å vera den inspirasjonskjelda- og å yta dei støttefunksjonar ovanfor lokallaga som er ønskjeleg og naudsynt.

Løysinga
Desse lokallaga tykkjer at ressursane er fordelt veldig skeivt mellom det sentrale og det regionale og lokale nivået i NM. Det er maktpåliggjande for oss å hevda at det er lokallaga som utgjer sjølve levegrunnlaget for målrørsla. Difor bør lokalnivået ha tilgang på kontaktnettverk og administrativ-, praktisk- og økonomisk støtte i regionen.

NM må gje fylkeslaga nødvendig handlingsrom ved å overføra midlar. Nivået på slik overføring  må sjølvsagt drøftast nærare, men må vera stort nok til at det kan etablerast ein administrativ ressurs anten ved ei delstilling, eller ved at fylkesleiaren kan operera som såkalla arbeidande leiar med eit tilmålt stillingsomfang. Dette for at personen kan ta seg fri frå anna arbeid. Midlane bør fordelast etter storleiken på fylkeslaga.

Jobben vil dreia seg om å halda kontakten med lokallaga, koordinera ressursane, administrera møte, svara på post og meir. Ein må ha midlar til honorar, reiseutgifter og anna. For eit stort lag som Rogaland ML, ville 100 000 kr vera i knappaste laget.

Det vert lagd til grunn at aktuelle endringar vert gjeldande frå og med 2018.

Framlegg til vedtak frå Hjelmeland og Stavanger: Landsmøtet bed styret i NM om å greia ut og setja i verk tiltak for å oppnå intensjonane slik dei er formulert nedanfor.

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak: Landsmøtet ser ikkje at det er rom for å overføra store delar av driftsbudsjettet til fylkeslaga ut over det som ligg i budsjettrammene som er lagde fram for landsmøtet. Landsmøtet sluttar seg ikkje til dette framlegget.

Grunngjeving frå styret for innstillinga til vedtak i framlegga frå Hordaland, Stavanger og Hjelmeland Mållag:

Noregs Mållag har forståing for at fleire fylkeslag kan ynskja seg å ha god nytte av løna ressursar. Samstundes er Mållaget organisert slik at ein del fellesfunksjonar som tener heile organisasjonen, er lagt til sentrallekken. Det gjeld til dømes medlemspengeinnkrevjing, medlemsregister og ein del informasjons- og tilretteleggingsarbeid. Politisk utgreiings- og påverknadsarbeid kviler også i hovudsak på sentrallekken. 

Det er også i dag ein del direkte og indirekte overføringar til organisasjonen, ikkje alle ressursar kjem primært sentrallekken til gode. Nær 900’ kroner gjekk i vinter ut i medlemspengar til fylkes- og lokallag. Samstundes har vi sett av 300’ i tilskot til organisasjonstiltak. Det meste av materiellproduksjonen vår er også retta mot laga og er gratis tilgjengeleg, med løns- og trykkekostnader betalt sentralt. Nær 200’ i året går til å reisa ut til lag som ber styret eller skrivarstova om å koma og hjelpa til med eit møte eller ei skulemålssak og Nynorskstafetten er ein intensiv innsats rundt tre veker kvar haust for å setja nynorsk på saklista i ei rekkje kommunar, skiftande frå år til år.

Skrivarstova har alltid vore nøktern i Mållaget. Sentralt er det i dag 6,8 årsverk attåt frikjøpt leiar, akkurat same nivået som for 20 år sidan. I denne perioden har organisasjonen vorte større og det er fleire/nye oppgåver som skal løysast. Ingen av dei mindre partia på Stortinget som vi til ein viss grad kan samanlikna oss med i medlemstal eller til dømes Nei til EU og Naturvernforbundet er under 10 tilsette sentralt. Styret ynskjer å prioritera faste, heile stillingar og ser det som ei uheldig løysing å nedbemanna på skrivarstova.

Budsjettet for dei neste to åra ligg også i dette saksheftet og skal handsamast på landsmøtet. Som det går fram av dokumenta, ventar ikkje styret å kunna gå med overskot i desse åra. Til grunn for dei budsjetta ligg kontorlokala vi har i dag og at det noverande aktivitetsnivået vert vidareført. 

Styret legg på dette landsmøtet fram eit arbeidsprogram der vi peikar på at fylkeslaga treng å styrkjast. Styret har for den komande perioden peika på Rogaland, Telemark og Trønderlaget. Noko av det vi vil tilby, er å samarbeida om å auka aktiviteten i laga og å sjå på kva som bør vera dei sentrale oppgåvene for fylkeslekken.

Noregs Mållag er i dag i ein situasjon der vi ser etter fleire inntektskjelder eksternt og vil leggja meir tid i å skriva søknader der vi ikkje har gjort det før. Styret oppmodar også fylkeslaga om å tenkja over om det finst stader å venda seg eksternt. Å få inn friske midlar utanfrå til målarbeidet er den aller beste løysinga når ein ynskjer å auka aktiviteten. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no