Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak 7 Fråsegner

Det låg føre seks fråsegner då saksheftet gjekk i trykken.

1 Ei ny opplæringslov må sikre nynorskelevane. (Fremja av styret)
2 Mållaget krev digitale læringsverktøy på nynorsk. (Fremja av styret)
3 Slepp nynorsken til i Dagbladet. (Fremja av styret)
4 Mållaget krev meir nynorsk i nye kommunar og fylke. (Fremja av styret)
5 Vern av norsk språk i Noreg. (Fremja av Bærum Mållag)
6 Gjeld Innst. 68 S (2016-2017): Språkdelte ungdomsskular. (Fremja av Odda Mållag)

1 Ei ny opplæringslov må sikre nynorskelevane
Landsmøtet i Noregs Mållag har to hovudkrav til ei ny opplæringslov.  For det fyrste må ho sikra retten til opplæring på eige språk gjennom alle ti åra i grunnskulen. For det andre må den nye opplæringslova vera laga for den digitale røyndomen, og dermed definera alle læringsverktøy som læremiddel omfatta av parallellkravet, slik at desse kjem på nynorsk til same pris og til same tid som dei på bokmål.

Eit utval utnemnt av regjeringa arbeider med ein NOU (Noregs offentlege utgreiingar) om opplæringslova og skal levere utgreiinga si i desember 2019. Etter det skal ei ny opplæringslov arbeidast fram.

Arbeidet frå Noregs Mållag for språkdelt ungdomsskule (Odda-modellen) og retten til å få opplæring i eige språk ut grunnskulen held fram. Stortinget har vedteke å utgreia saka. Uansett bør den nye opplæringslova ha klåre formuleringar om at retten til opplæring på hovudmålet gjeld alle ti åra av grunnskulen.

Den digitale utviklinga fører til at nynorskelevane møter alt for mykje bokmål i skulekvardagen. Mangelen på digitale tilbod på nynorsk og skuleeigar si ansvarsfråskriving er i ferd med å omslutta elevane i bokmål eller engelsk. Ei ny opplæringslov må vera laga for den digitale røyndomen, og definera alle læringsvertøy som læremiddel omfatta av parallellkravet.

Vidare bør desse sakene endrast eller utgreiast i arbeidet med ny opplæringslov:

  • Det bør vera mogeleg å innføra ein rett til å gå i nynorskklasse i alle nynorskkommunar og i dei store byane.

  • Elevane bør halda fram med hovudmålet sitt ut grunnskulen. I dag krev lova at elevane gjer eit nytt val som 12-åringar. Det er svært få slike val born får gjera sjølv så unge som 12 år. Valet skjer før elevane har vore innom språkhistoria i pensum og før dei er fullkompetente i hovudmålet sitt.

  • Dagens rett til å sikre opplæringa i både nynorsk og bokmål må halde fram. Det er viktig å sikre tidleg start med sidemål og ei sidemålsordning gjennom ungdomsskulen og studieførebuande vidaregåande opplæring som har eigen standpunktkarakter og avsluttande eksamen i vgs.

  • Læremiddel er nasjonale, ikkje kommunale. Det kan ikkje vera berre skuleeigar sitt ansvar at elevane får nynorske læremiddel. Staten må sikra at læremiddel kjem på båe språk til same tid og pris. I dag er det alt for mange kommunar som ikkje tek på alvor kravet om at dei læremidla som vert nytta i skulen, skal vera på nynorsk, særleg knytt til nye digitale læremiddel der utvalet på nynorsk er dårleg.

  • Kontorstøtteprogram som tekstbehandlingsprogram og rekneprogram, som i vesentleg del er i bruk i skulen, må omfattast av parallellkravet.

  • Språkvedtak i kommunen bør styra språkvalet i norskopplæringa i vaksenopplæringa.

  • Parallellkravet må også gjelda læremiddel i norskopplæringa for vaksne innvandrarar.

  • Det bør presiserast at hovudmålet skal nyttast i informasjon frå skulen, på tavla og i skjermundervising, då dette ikkje vert gjennomført godt nok på nynorskskulane.

  • I dag kan foreldre velja ei anna målform i skulebøkene til borna sine, enn hovudmålet dei lærer. For opplæringa i hovudmålet er dette ei dårleg ordning.

  • Staten må syta for ei godkjenningsordning for læremiddel som gjer at skulane enkelt kan skaffa seg oversyn over kva som ligg føre på både bokmål og nynorsk.

  • Me bør få attende krav om at det skal vera minst ti elevar att med det opphavlege hovudmålet, slik det var fram til 2003, for å ha retten til å laga parallellklasse. Eit slikt krav vil hindra unødvendig utarming av nynorskklassane.

2 Mållaget krev digitale læringsverktøy på nynorsk
Det går føre seg ein digital revolusjon i norske klasserom. Ungane får ikkje lenger berre utlevert blyant, viskelêr og linjerte skrivebøker. I staden får elevane i tillegg kvart sitt nettbrett fulle av app-ar og opplæringsprogram. Det tradisjonelle læreverket er i ferd med å bli erstatta av eit mangfald av digitale læringsressursar og oppslagsverk.

Ei av hovudoppgåvene skulen har, er å gjera elevane til trygge språkbrukarar. Det er viktig at dei møter språket sitt heile tida, særleg i den fyrste lese- og skriveopplæringa. Det er difor rimeleg å venta at nynorskelevane møter like mykje nynorsk i den digitale skulekvardagen som dei gjorde i den analoge.

Noregs Mållag er såleis djupt uroa over kor lite omsyn det blir teke til denne elevgruppa. Opplæringslova må endrast i samsvar med den digitale skulekvardagen. Det utdaterte skiljet mellom læreverk og tilleggsressursar må opphevast. Sjølv om det er pedagogiske og økonomiske føremoner med dei nye verktøya, er det få produsentar som har teke seg bryet med å laga nynorske utgåver av desse nye ressursane. Resultatet er at elevar med nynorsk som hovudmål, møter bokmål langt oftare enn tidlegare. Det strir med gjeldande pedagogiske retningslinjer.

Denne situasjonen skriv seg frå tre ting. For det fyrste seier opplæringslova og forskrifta at kravet om parallellutgåve berre gjeld læremiddel som «blir brukt fast, over ein lengre periode eller jamleg.» I den nye skulekvardagen er det ikkje like klårt kva dette vil seia. Mangfaldet av læringsessursar er stort, og dei oppfyller ulike kompetansemål.

For det andre er det tydeleg at skuleeigarane ikkje er medvitne om ansvaret dei har når det gjeld å gjera denne vurderinga. Lærarane har nok med å læra seg å nytta desse nye verktøya, og det er ikkje mykje tid til å vurdera kvar enkelt læringsressurs.

For det tredje er det ikkje lenger berre forlaga som produserer læremiddel. Ei rad nye aktørar er komne inn i marknaden, og ikkje alle er like medvitne om samfunnsoppdraget som dei tradisjonelle aktørane har vore.  

Noregs Mållag meiner at om det ikkje finst ei nynorskutgåve av det digitale læremiddelet, så skal det ikkje takast i bruk i skulen. Dette må også gjelda kontorstøtteprogram og operativsystem.

Kunnskapsdepartementet bør få utarbeidd ein eigen læremiddelportal der skuleeigarar kan finna lovlege læremiddel.

Kunnskapsdepartementet bør straks følgja opp skuleeigarane med eigne tilsyn.

Dernest bør Stortinget snarast utvida dagens støtteordningar for å sikra nynorskutgåver av alle dei digitale læremidla.  


3 Slepp nynorsken til i Dagbladet!
Noreg er eit samfunn med eit sterkt språkleg og kulturelt mangfald. Dersom Dagbladet ønskjer å spegle dette mangfaldet, må avisa sleppe nynorsken til på redaksjonell plass.  

Nynorsk og bokmål er jamstilte språk i Noreg. Det er over ein halv million nynorskbrukarar i Noreg, og endå fleire som har nynorsk som sidemål. Talet på nynorske språkbrukarar er langt høgare enn opplaget til Dagbladet, som i dag er den fjerde største avisa her til lands. Likevel er det i 2018 framleis forbod mot å skrive nynorsk på redaksjonell plass i avisa. Mens landets største avis, VG har sleppt nynorsken til i spaltene sine og på nettsida si, tviheld Dagbladet på forbodet mot eitt av dei to norske språka. Det er ein praksis som diskriminerer både lesarane og dei nynorskspråklege journalistane.

Forbodet mot nynorsk bryt også med Dagbladet sin eigen tradisjon. Avisa vart danna i miljøet rundt journalisten, diktaren og målmannen Aasmund Olavsson Vinje, og var i mange år kjend som landets viktigaste radikale kulturavis. Dagbladet har på leiarplass tatt til orde for obligatorisk sidemålsundervisning i Noreg, også i dei seinare åra. Det viktigaste Dagbladet kan gjere for å styrke sidemålsundervisninga, er å gjere nynorsk og bokmål til jamstilte språk i eigne spalter. Avisa kan då bidra til å auke den språklege toleransen og den språklege sjølvkjensla her til lands. Gjennom å gje nynorsken plass i spaltene, ville Dagbladet synt at dei er ei ekte riksavis, ikkje ei lokalavis for Oslo.

Det er over ein halv million gode grunnar til å sleppe nynorsken til på redaksjonell plass i Dagbladet. For ei moderne avis i eit demokratisk samfunn er det ingen gode grunnar til å la vere.

4 Landsmøtet i Noregs Mållag krev meir nynorsk i nye kommunar og fylke
119 kommunar skal slåast saman til nye, større kommunar. Sju av samanslåingane er mellom ein nynorskkommune og kommunar som er rekna som bokmålskommunar eller språknøytrale kommunar. Landsmøtet i Noregs Mållag krev at desse kommunane får ekstra støtte til å fylgje opp ansvaret sitt med å take vare på nynorsken.

Språkbruken i kommunane har mykje å seie for den språklege framtida for nynorsken. Når tidlegare nynorskkommunar vert slegne saman med kommunar med mindre nynorsk, må den nye kommunen halde fram med å bruke nynorsk og ha ein medviten språkpolitikk. Dette er særleg viktig for nynorsken og nynorskbrukarane, som er i mindretal nasjonalt og i mange tilfelle kan verte i mindretal i den nye kommunen. Språkarbeidet i ein kommune krev arbeidstid, kurs og investeringar, men i større mon gode rutinar og språkleg medvit. I desse kommunane trengst det også ei særleg satsing og ekstra støtte frå staten si side.

I fleire av fylkessamanslåingane ser me at nynorsken kjem i små mindretal. Dette gjeld fylke der nynorsken allereie har eit sterkt bokmålspress, og det vert ekstra viktig å sikre nynorsken i respekt for mindretalet i dei nye fylka.

Landsmøtet i Noregs Mållag vil trekkje fram tre tiltak Kommunal- og moderniseringsdepartementet kan setje i verk for å stø kommunane og fylka som står midt i samanslåingsarbeidet. Tiltaka vil vere med på å sikre at nynorsken ikkje kjem svekte ut av kommunesamanslåingane, som var eit krav i frå kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget då kommunereforma vart handsama:

1. Eigne samlingar for nye kommunar og nye fylke for å sikre tenleg nynorskbruk etter samanslåing.
For å sikre at fellesnemndene, kommunestyra og fylkestinga planlegg for å sikre nynorsken både i administrasjonen, informasjonen til innbyggjarane og i drift til dømes knytt til skulen kan slike samlingar avklare problemstillingane og korleis ein praktisk løyser dei.

2. Økonomisk støtte for å sikre gode overgangsordningar og ordningar for nynorsken
Stortinget har løyvd pengar til overgangsordningar for kommunane og fylka. Det bør også stillast midlar til rådvelde for å lage og setje i verk språkbruksplanar, kursing av tilsette og sikre midlar til at nynorskelevane ikkje vert råka av samanslåingane.

 

3. Utgreiing for å sikre gode nynorskkommunar i framtida
Kommunal- og regionaldepartementet bør lage ei utgreiing som ser om det er mogleg å innføre eit tydelegare regelverk, tydelegare rettar og planverk, og politikk rundt det å vere ein nynorskkommune. Regelverket bør innehalde fleire statlege gode for å vere ein nynorskkommune, og medføre tilsyn for å sjå til at innbyggjarane får oppfylt rettane sine.

5 Vern av norsk språk i Noreg

Målsetting: Noregs Mållag ynskjer dei neste åra å stå i fyrste rekke i arbeidet for å sikra at norsk (og samisk i dei samiske områda) fortsatt blir det dominerande språket i Noreg. Noregs Mållag ynskjer å forhindra at norsk forsvinn frå viktige delar av det norske samfunnet, ikkje minst akademia og næringslivet. Norsk skal også i framtida vera dominerande i dagleg munnleg og skriftleg kommunikasjon blant dei som lever i landet.

For å styrke stillinga til norsk språk i Noreg vil Noregs Mållag gå inn for at:

a)     undervisinga i den offentlege skulen i norsk litteratur og språk, nynorsk og bokmål, blir styrkt på alle nivå. For å nå dette målet, bør alle som tek til å studera norsk eller nordisk språk og litteratur ved lektorutdanninga i Noreg ha minst gjennomsnittskarakteren 4 i norsk (hovudmål, sidemål, munnleg og eksamen) frå vidaregåande skule.

b)    vitnemåla frå lektorutdanningane syner to norskkarakterar, ein i nynorsk og ein i bokmål.

c)     språket i den offentleg finansierte skulen til og med vidaregåande nivå skal vera norsk. Klasser oppretta i den offentlege skulen med engelsk som einaste undervisings- og opplæringsspråk, blir avvikla.

d)    undervisings- og opplæringsspråket fram til og med bachelor-nivå ved norske høgskular og universitet skal som ein hovudregel vera norsk, med unnatak av undervising i framande språk.

e)    norsk er administrasjonsspråk ved høgskular og universitet.

Vidare vil Noregs Mållag peika på at det vil vera viktig at ein der det blir undervist og forska på norsk språk, historie, samfunnsliv, folkeminne, rettsvitskap, juss osb., held fast ved og utviklar ein norsk fagterminologi. Forskinga som blir gjort i desse faga, må i sin heilskap vera tilgjengeleg for ålmenta på norsk.

Ikkje mindre viktig er det å styrkja stillinga til norsk språk ved dei universiteta/høgskulane som utdannar profesjonar som sjukepleiarar, lærarar, fysioterapeutar, sosialarbeidarar, journalistar osb. Desse profesjonane leverer viktige tenester i det norske samfunnet  og desse tenestene kan berre bli formidla på norsk. Alle ansvarlege leiarar i den offentlege undervisingssektoren må vera merksame på og styra etter dette.

For eit lite språksamfunn som vårt er det naudsynt at folk flest meistrar framande språk. Samstundes er det viktig at ikkje engelsk blir det einaste framandspråket i Noreg. Difor vil Noregs Mållag arbeide for at undervisinga i andre framandspråk enn engelsk blir styrkt i den offentlege skulen.  

6 Fråsegn
Til Regjeringa.

Gjeld Innst. 68 S (2016-2017): Språkdelte ungdomsskular.

22.11.16 bad Stortinget Regjeringa leggja fram eit dokument 8 framlegg om språkdelte ungdomsskular. Denne saka er enno ikkje lagd fram for Stortinget.

No vert saka handsama i Utdanningsdirektoratet. utdanningsdirektoratet hadde frist   på seg til å vera ferdig med sakshandsaminga innan utgangen av 2017.

Men så langt har det ikkje kome noka utgreiing frå Utdanningsdirektoratet med tanke på sakshandsaming i Kunnskapsdepartementet og framlegging for Stortinget og vedtak i Stortinget.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner saka – tinginga frå Stortinget – er eitt år på overtid.

Landsmøtet bed om at Regjeringa legg saka fram for Stortinget i vårsesjonen 2018 til vedtak.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no