Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JUNI 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Praktisk Nytt arbeidsprogram Sakspapir Vektekne fråsegner Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak 10 Arbeidsprogram 2018–2022

Nestleiar i Noregs Mållag, Jens Kihl legg fram arbeidsprogrammet.

§ 5.1 i lov for Noregs Mållag slår fast at Noregs Mållag held landsmøte annakvart år. Landsmøtet fastset saklista. Kvart fjerde år vert det vedteke eit langtidsarbeidsprogram for Noregs Mållag.

Styret i Noregs Mållag legg i tråd med lovverket her fram innstilling til arbeidsprogram for perioden 2018–2022. Til hjelp i prosessen oppnemnde styret ei arbeidsprogramnemnd våren 2017.                    

Medlemene av nemnda har vore:
Jens Kihl (leiar), n
estleiar i Noregs Mållag og politisk journalist i Klassekampen, Oslo
Eli Bjørhusdal, f
yrsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og tidlegare nestleiar i Noregs Mållag, Luster
Vidar Lund,
leiar i Trønderlaget, tidlegare leiar i Noregs Mållag og biblioteksjef ved Levanger bibliotek, Levanger
Peder Lofnes Hauge, s
tyremedlem i Noregs Mållag og politisk rådgjevar frå Venstre for byrådet i Bergen
Elise Tørring (NMU), n
estleiar i Norsk Målungdom og lærarstudent

Skrivar for nemnda har vore Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar i Noregs Mållag.

Utkast til arbeidsprogram vart sendt på høyring 19. desember, og fristen for å koma med endringsframlegg var 20. februar.

Det kom inn om lag 150 endringsframlegg, og nemnda har gått gjennom framlegga og lagt fram ei innstilling til styret i Noregs Mållag. Det utsende framlegget som ligg ved som eige dokument til sakspapira til landsmøtet og som også ligg her, er styret si innstilling frå styremøtet 2.–4. mars.

Det er mogleg å levere endringsframlegg (for utsendingane på landsmøtet) fram til laurdag 14. april klokka 13.20 på e-post til framlegg@nm.no 

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak: Landsmøtet vedtek arbeidsprogram for 2018–2022.                

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no