Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak 12 Innkomne framlegg

Utdrag frå paragraf 5.3: Når lokallag og fylkeslag (ved styre eller medlemsmøte) sender inn grunngjevne framlegg (lovbrigde, fråsegner og andre saker), og dei er styret i hende seinast to månader før fyrste landsmøtedagen, har styret plikt til å føra sakene opp på saklista, men det er landsmøtet som fastset saklista endeleg. Landsmøtet kan stryka saker frå saklista med vanleg fleirtal. Landsmøtet avgjer med vanleg fleirtal om det vil ha føre fråsegner som kjem inn etter fristen.

Det har kome 3 framlegg. To av framlegga gjeld budsjettet, og dei er presenterte under sak 6 Økonomisaker.

12.1 FRAMLEGG FRÅ ULLENSVANG MÅLLAG

Nynorsknorma

- sak til førehaving på landsmøtet i Noregs Mållag 2018  

Me bed om at ordlista vert send til utsendingane som ein del av saksunderlaget.

Sjå grunngjeving frå Ullensvang på neste side (side 36). Som eige vedlegg til sakspapira finn de også eit hefte med utdrag frå Nynorsk ordliste av Arvid Langeland.

Framlegg til vedtak frå Ullensvang mållag:

«Noregs Mållag bed Kulturdepartementet om at norma i Nynorsk ordliste av Arvid Langeland vert fastsett som offisiell nynorsknorm.»

 

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:

Nynorsknorma har som eiga sak eller som fråsegn vore oppe på landsmøta i Noregs Mållag i 1999, 2000, 2002, 2003, 2006, 2008, 2011 og 2012. Storverket Norsk Ordbok var ferdigstilt våren 2016 og inneheld innsamla materiale frå heile landet, totalt over 300 000 ord. Den gjeldande normeringa vart innført 1. august 2012. Landsmøtet ynskjer stabilitet i normeringa og tek ikkje nynorsknorma opp att til ny handsaming no.

Grunngjeving for å gjera norma i Nynorsk ordliste av Arvid Langeland, Kunnskapsforlaget, til offisiell nynorsknorm:

Nynorsk ordliste av Arvid Langeland er ei ordliste for alle som vil skriva ein konsekvent og regelfast nynorsk.  Ho er tufta på tanken om at nynorsk er eit eige, sjølvstendig språk på lik line med andre normalmål. Ordlista vil bøta på den forvirringa som rår om korleis nynorsken skal sjå ut, og tilbyd ei einskapleg norm som er lett å læra.

Norma i ordlista byggjer i all hovudsak på læreboknormalen som galdt fram til 2012. Former som frå 1917 og frametter vart tekne inn i nynorsken med det føremålet å tilnærma nynorsken til bokmål, er i stor grad fjerna, og ein del opphavlege former er tekne inn att for å ta betre vare på det indre systemet i målet.

--

Ivar Aasen skreiv fylgjande i Norsk Grammatik, som han gav ut i 1864:

I den hele Sammenstilling af Ordformer og Bøiningsformer bliver det nødvendigt at stræbe efter en Eenhed, saa at der ikke bliver opstillet flere Former i Stedet for een, da dette vilde føre Sproget tilbage til Landskabsmaalenes Stilling og saaledes gjøre det vanskeligt at lære.

Dialektreisinga frå om lag 1970 og utetter var ein kveik for målrørsla. Men for ein del førde dialektreisinga til ei dreiing mot målpolitisk individualisme. Ein slik individualistisk tenkjemåte er i røynda eit frontalåtak på normerings-prinsippa Ivar Aasen bygde på, og det gjer nynorsken sin styrke om til veikskap med å opna opp for at nynorsken kan løysast opp i sprikjande variantar. Under presset frå det dominerande bokmålet fører han til ei gradvis aukande bokmålisering.

Trass i at Stortinget sette ein offisiell stoggar for tilnærmingspolitikken i 2002, og jamvel om Stortinget gav Språkrådet klarsignal til å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk utan sideformer, vart resultatet ei ny nynorsknorm frå 2012 som korkje er tydeleg, enkel eller stram.

No er j-lause former i verb vorte tillatne i offisiell rettskriving, t.d. tenke, bygge, legge, ønske, følge, sitte, brygge, slegge og rekke. Somme av dei er mellom dei mest frekvente og produktive orda i norsk. Det er dessutan berre krav om konsekvens ord for ord: Ein kan altso skriva bygge og følge, men samstundes leggje og ynskje i éin og same tekst. Nynorsknorma er i somme ord meir bokmålsk enn bokmålet sjølv: t.d. telge/telgje der bokmålet berre har telgje.

Dobbelkonsonant er no obligatorisk i somme verb der enkeltkonsonant var det tradisjonelle, t.d. å rømme, å tømme. Verbforma -te i verb som t.d. førte, lærte og styrte er òg vorten obligatorisk, medan dei gamle nynorskformene med -de, t.d. førde, lærde og styrde, er tekne ut av norma. Adjektiv som endar på -en, t. d. open, kan no ha forma -ent (opent) i inkjekjønn. Mykje brukte verb som dra og ta kan no ha rein bokmålsbøying, t.d. dra – drar – drog – dradd/dratt; ta – tar – tok – tatt, jf. òg la – lar – let – latt.

Former som vert skrivne med ø i bokmål er no tillatne, t.d. løfte, svømme, bøtte og søsken. Ei heil rekkje ord på -skap som til 2012 berre har vore hankjønn, kan òg vera inkjekjønn som i bokmål, t.d. bodskapet, medlemskapet, venskapet. Endinga -ty i ord som verkty og farty er teken ut av norma, i staden må ein no skriva verktøy og fartøy.

Det finst fleire liknande døme. Endringane byggjer i stor grad på bruken i bokmål og bokmåls-påverka talemål. Totalresultatet er ikkje berre normendring, men norm­oppløysing. Nynorsken misser dermed mykje av serpreget sitt. Norma er no so sprikjande og full av inkonsekvensar og mangel på indre samanheng at det er eit spørsmål om det kan kallast ei norm.

Mylderet av former og skrivemåtar er eit resultat av eit språkpolitisk eksperiment med samnorsk som havarerte. I internasjonal samanheng er det ein raritet.

Resignasjonslina legg til grunn at når talemålsutviklinga går i retning av bokmål, lyt nynorskrettskrivinga fylgja etter. Noko resignasjon dreg truleg med seg meir resignasjon, og sluttpunktet for ei slik tenkjing er ikkje samnorsk, men bokmål.

Trass i 150 års målreising er bokmålsdominansen no so sterk at han trugar nynorsken på livet.

I eit ordskifte om ordtilfanget i nynorsken skreiv Magne Rommetveit i 1983 at han registrerte ein tydeleg tendens til at dialektane var i tilbakegang, og han meinte dei ville koma til å spela ei underordna rolle i framtida. Etter hans meining måtte ein venta at utviklinga ville gå snøgt:

Folk flyttar i dag meir enn før – frå det eine dialektområdet til det andre, frå yrkesmiljø til yrkesmiljø. Talemålet blir påverka av dette. Med andre ord: «naturleg talemål» utviklar seg meir og meir frå eit «morsmål» med rot i eit målføre til å bli eit ustabilt uttrykksmiddel som skifter frå person til person. Og det finst ofte i sprikjande former hos ein og same personen – alt etter talemålssituasjonen og evne til å stå mot språkleg press i påverknadsmiljøet. Her kjem massemedia inn som eit dominerande påverknadselement. Ei rivande utvikling i medieteknikken påskundar denne utviklinga – med god støtte i offentleg administrasjonsmål og i målet i undervisningsmateriell. Med andre ord: vi merkar ei meir eller mindre medviten tilpassing til normert mål.

Konklusjonen hans var at

det vil bli normalmål som avgjer språkutviklinga i landet, ikkje naturleg talemål. Det er difor eit feilgrep om vi tuftar framtida til nynorsk skriftmål på eit konglomerat av naturlege talemål, som er oppblanda med meir eller mindre dårleg bokmål. Nynorsken er best tent med eit fast og einsarta målsystem, som er ein overbygnad over dialektane, og som er lett å læra. Vi må ta vare på innarbeidd nynorsk ordtilfang – som i dag må reknast som eit stort pluss dersom vi ønskjer ei jamn og harmonisk utvikling med røter i norsk kulturtradisjon. Blir ein slik samnemnar brukt mykje i massemedia, kan vi ha von om å påverka framtidsnorsken. Held vi derimot fram med å praktisera slagordet «Skitt i Norge, leve Toten» er vi snart tilbake til tida før Ivar Aasen, og vi kan då venta at nynorsken om ikkje så lenge vil bli fullstendig undertrykt av bokmålet.

Den gjeldande rettskrivinga ser ut til å vera tufta på resignasjonslina, og har til konsekvens at nynorsken går i indre oppløysing. Til og med journalistar, lærarar og byråkratar, som dagleg nyttar språket som arbeidsverkty, slit i dag med å bruka det rett. Men språkutvikling ikkje er ei naturleg eller lagnadsstyrd utvikling, men ei utvikling som kan påverkast. Det er berre målrørsla som har både makt og vilje til å gjera framtidsutsiktene til nynorsken ljosare. Lat oss bruka den makta!

For Ullensvang mållag, Johannes H. Sekse, styreleiar

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no