Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak 13 Parallelle seminar

Seminara vil gå éin gong, sundag morgon frå klokka 09.30 til 11.00. Det vil bli organisert opplegg for påmelding fredag og laurdag på landsmøtet, og landsmøteutsendingane står fritt til å velja det kvar og ein ynskjer.

A Ein ny strategi for målrørsla. Lærdommar frå samerørsla ved Jon Todal

Det er eit felles mål for alle i målrørsla å finna ein strategi som sikrar framtida for nynorsk språk og som kan føra til fleire nynorskbrukarar i framtida. Etter 150 år med målarbeid er det viktig å diskutera strategi på nytt. Skal det vera slik at nynorsk berre er å sjå på som ein konkurrent til bokmålet, eller har språket vårt ein eigenverdi? Er den jamstellingsstrategien som nynorskfolk følgjer, ein god strategi i dag? Har målrørsla noko å læra av den samiske språkstrategien?

Jon Todal er professor ved Sámi allaskuvla (Samisk høgskole) i Kautokeino. Han sat i styret i Noregs Mållag frå 2007 til 2011 og har på oppdrag frå arbeidsprogramnemnda skrive ein artikkel i heftet Målreising 2017 om dette emnet.

B Om nynorsk journalistikk i dag ved Øystein Skjæveland

Dølen var den fyrste avisa i Noreg som brukte det nye landsmålet. I dag er kvar fjerde avis redigert på nynorsk.  Øystein Skjæveland har på oppdrag frå Noregs Mållag i samarbeid med fleire andre institusjonar, skrive ein rapport. Han vil fortelja om korleis stoda er for nynorsk journalistikk på papir, nett, i radio og på tv i ulike landsdelar, og han vil snakka om kva som hindrar redaksjonane i å bruka meir nynorsk og kva som skal til for å få meir bruk av nynorsk. Finst det gode føredøme i Medie-Noreg og konkrete arbeidsverktøy og arbeidsmetodar redaksjonane kan nytta? Og er det eventuelt noko lokale mållag kan gjera for å få meir nynorsk i media rundt seg?

Øystein Skjæveland har bakgrunn som journalist og er i dag isprodusent i Kvinnherad. Han har tidlegare vore leiar i Husnes Mållag og i Hordaland Mållag.

C Den digitale skulen og nynorsken ved Marit Aakre Tennø og Kjartan Helleve

På landsmøtet legg styret fram ein ny nasjonal kampanje for digitale læremiddel på nynorsk. Synnøve Midtbø Myking har utarbeidd ein rapport for Noregs Mållag om nynorske digitale læremiddel i skulen. Dei digitale ressursane vert tekne meir og meir i bruk, og svært mykje av det som vert tilbydd skulane, er ikkje på nynorsk. Det er ei gråsone der ansvaret er uklårt og regelverket diffust. Opplæringslova må slå fast at trykte og digitale læremiddel er likestilt. I dagens skulekvardag er det ikkje berre nokre få og store trykte læreverk, men eit vell av små og store verktøy, app-ar og nettsider.

Seminaret vil gå nøyare inn i saka – korleis argumenterer me og korleis arbeider me med kampanjen for å få ei endring av dette feltet.

Kjartan Helleve har arbeidd i Noregs Mållag sidan 2007. Han er redaktør i Norsk Tidend og informasjonskonsulent. Marit Aakre Tennø har vore innom i fleire engasjement for Noregs Mållag sidan 2004. Frå 2013 til 2016 var ho leiar i Noregs Mållag. No arbeider ho som politisk rådgjevar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no