Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Praktisk Nytt arbeidsprogram Sakspapir Vektekne fråsegner Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Sak 14 Val

Valnemndsleiar Steinulf Tungesvik innleier til val av styre. Leiar Magne Aasbrenn legg fram innstillinga på ny valnemnd for 2018–2020 og revisor for 2018 og 2019.

Denne saka inneheld tre vedtakspunkt:

14.1    Val av styre
14.2    
Val av valnemnd
14.3    
Val av revisor

14. 1    Val av styre

Styret har i arbeidsåret 2016–2018 vore:

leiar                    Magne Aasbrenn (AU)        
nestleiar    
          Jens Kihl (AU)            
styremedlem    
    Ingrid Fiskaa (AU)        
styremedlem    
    Peder Lofnes Hauge        
styremedlem    
    Inger Johanne Sæterbakk    
styremedlem    
    Inger Vederhus    
styremedlem    
    Synnøve Marie Sætre         2016–2017, vald av NMU
styremedlem    
    Fredrik Hope            2017–2018, vald av NMU

1. vara            Haakon Aase
2. vara    
        Randi Lohndal Frestad
3. vara         
   Birgitta Lim Ersland
4. vara    
        Øyvind Fenne

1. vara NMU        Elise Tørring           vald av NMU
2. vara NMU    
    Eline Bjørke            vald av NMU

 

Innstilling frå valnemnda til styre for 2018–2020:

leiar            Magne Aasbrenn, attval
nestleiar    
    Jens Kihl, attval
styremedlem    
    Inger Johanne Sæterbakk, attval
styremedlem        
Peder Lofnes Hauge, attval
styremedlem    
    Mariann Schjeide, ny
styremedlem    
    Helene Urdland Karlsen,  ny
styremedlem    
    xx                blir vald av NMU på deira landsmøte

1. vara            Marianne Granheim Trøyflat, ny
2. vara    
        Anders Riise, ny
3. vara    
        Birgitta Lim Ersland, attval
4. vara    
        Øyvind Fenne, attval


OM STYREKANDIDATANE:

MAGNE AASBRENN: f. 1955 og er i frå Fredrikstad. Lektor med faga engelsk, psykologi og norsk frå Universitetet i Oslo. Byrja i 1985 som lektor ved Fredrik II videregående skole i Fredrikstad. Aktiv skribent. Han har i mange år vore styremedlem i fotballmuseets venner i Fredrikstad. Magne Aasbrenn debuterte med romanen Banna ben på fredrikstaddialekt på Aschehoug i 1978. I 1990 gav han ut Hjelpebok i nynorsk for østfoldingar. Han var med og skipa Østfold Mållag og har vore leiar der frå 2002 til 2016. I 2016 vart han for fyrste gong vald til leiar i Noregs Mållag.

JENS KIHL: f. 1986 i Oslo der han også er oppvaksen. Politisk journalist i Klassekampen. Påbyrja master i sosiologi ved Universitetet i Oslo. Sat i styret i Noregs Mållag 2007–09 som NMU-representant og 2010-12 som nestleiar og AU-medlem. Tidlegare NMU-leiar, SmiO-leiar, prosjektleiar for Språkåret 2013 og mange andre verv i målrørsla. Er i dag styreleiar for Norsk barneblad, er vara til styret i Nynorsk Pressekontor, leiar av Målpolitisk råd ved Det Norske Teatret og sit i styret Bondeungdomslaget i Oslo. Klubbleiar i Norsk Journalistlag-klubben i Klassekampen. Har vore AU-medlem og kommunalpolitisk sekretær i Nei til EU, medlem av Den norske UNESCO-kommisjonen. Har partipolitisk bakgrunn frå SV, er i dag partipolitisk uavhengig.

INGER JOHANNE SÆTERBAKK: f. 1981, fødd i Bodø, oppvaksen på Orkanger, bur i Oslo. Ho jobbar som kommunikasjonsrådgjevar i Norges Bondelag, og har bakgrunn som journalist i NRK i Vadsø, Hammerfest og Tromsø, og kommunikasjonrådgjevar ved Hålogaland Teater og Tromsø kommune. Ho er utdanna frå Universitetet i Oslo med nordisk, historie og kulturhistorie i fagkrinsen, og gjekk på det første kullet som vart utdanna ved Nynorsk Mediesenter i Førde. Ho var prosjektleiar for Språkåret 2013 og har tidlegare vore nestleiar i Studentmållaget i Oslo, leiar i Mediemållaget og leiar i Tromsø Mållag.

PEDER LOFNES HAUGE f. 1989, Frå Gloppen, Sogn og Fjordane, bur i Bergen. Han er utdanna grunnskulelærar, men arbeider som politisk rådgjevar for sosialbyråd Erlend Horn (V) i Bergen kommune. Han har tidlegare arbeidd for Bergen Venstre si bystyregruppe og som valkampsekretær for Sogn og Fjordane Venstre. Hauge var kommunestyrerepresentant i Gloppen kommune 2011–2015, og har vore  i fylkesstyret til Sogn og Fjordane Venstre. Han er vara til Venstres landsstyre.

MARIANN SCHJEIDE: f, 1965, Frå Skodje på Sunnmøre. Ho arbeider i Oslo og har heimekontor i Skodje. Ho er leiar for Norsk Bibliotekforening og det har ho vore sidan 2014. Før det var ho biblioteksjef for Ålesund bibliotek i elleve år. Har storfag (høgskolekandidat) i nordisk språk og litteratur ved Høgskolen i Volda. Deretter Statens bibliotek- og informasjonshøgskole. I 2012 tok ho deltidsstudium i leiarutdanning frå NTNU i 2012.

HELENE URDLAND KARLSEN: f. 1986, Frå Voss, bur i Oslo. Har mastergrad i norsk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen. Har tidlegare arbeidd for Språkrådet, Norsk Ordbok og Cappelen Damm. Ho arbeider dette halvåret frilans som lingvist. Ho har vore styremedlem i Studentmållaget i Bergen,  i skriftstyret for tidsskriftet Mål og Makt og leiar i Oslo Mållag frå 2014–2016.

MARIANNE GRANHEIM TRØYFLAT: f. 1981, frå Vestre Slidre, Valdres. Ho har master i statsvitskap frå Universitetet i Oslo og arbeider no som lektor på Valdres vgs. Ho har tidlegare arbeidd i Ungdom mot EU, Nei til EU, Oslo Senterparti, Kringkastingsringen, Noregs Mållag og som journalist i avisa Valdres. Ho var med og skipa opp att Vestre Slidre Mållag i 2014 og har vore leiar i laget sidan då. Ho er nestleiar i Valdres Mållag.

ANDERS RIISE: f. 1969, frå Hareid, Sunnmøre. Representerer partiet Høgre og har vore ordførar i Hareid sidan 2011. Er også medlem i Fylkestinget og er for tida leiar i kontrollutvalet i Møre og Romsdal.

BIRGITTA LIM ERSLAND: f. 1989, frå Bergen, busett i Oslo. Har master i freds- og konfliktstudium. Arbeider for den sørkoreanske ambassadøren ved Republikken Koreas ambassade i Oslo. Har vore aktiv i målrørsla sidan 2006 då ho blei med i Bergen Målungdom. Sat i Sentralstyret i Norsk Målungdom frå 2008 til 2011, var leiar i Oslo Mållag frå 2011 til 2014 og er i dag nestleiar i Fylkesmållaget Vikværingen. Ho sit òg i Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo. Dei to siste åra har ho vore 3. vara til styret i Noregs Mållag.

ØYVIND FENNE: f.1951 i Odda, Hordaland, busett i Elnesvågen, Fræna kommune i Romsdal. Han er universitetsutdanna og tidlegare lærar i den vidaregåande skulen, men også med virke innanfor kulturminnevernet. Han har vore medlem av Fræna formannskap og kommunestyre i 12 år. Øyvind har drive med lokalt kulturarbeid i regi av folkeakademi og mållag. Han har lang fartstid i målrørsla, og har sidan 2004 vore leiar av Romsdal Mållag. 1. vara til kommunestyret i Fræna. Dei to siste åra har han vore 4. vara til styret i Noregs Mållag.

14.2    Val av valnemnd

Valnemnda for 2016–2018 har vore:

leiar          Steinulf Tungesvik
medlem    
Ragnfrid Trohaug
medlem    Marit Krogsæter
medlem    
Sigbjørn Hjelmbrekke
medlem    
Åsmund Kvifte        vald av NMU

1. vara        Mats Kvaløy-Bjørbekk
2. vara    
    Øystein Vangsnes
3. vara    
    Aud Søyland

1. vara        Kirsti Lunde        vald av NMU
2. vara    
    Øystein Sandve        vald av NMU

Framlegg frå styret til ny valnemnd for 2018 til 2020:

Kirsti Lunde, leiar (ny)
Marit Krogsæter (attval)
Sigbjørn Hjelmbrekke (attval)
Helen Johannesen (ny)

Vara:
1 Pål Julius Skogholt (ny)
2 Else Berit Hattaland (ny)
3 Peder Sjo Slettebø (ny)

Norsk Målungdom vel ein representant med eigne varafolk på landsmøtet sitt tredje helga i mars.

Om valnemndskandidatane:

Kirsti Lunde er 28 år og bur i Sogndal. Ho kjem frå Lom og arbeider som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Ho har tidlegare vore leiar i Studentmållaget i Nidaros, vore landsstyremedlem og deretter dagleg leiar i Norsk Målungdom frå 2015 til 2017.

Marit Nerås Krogsæter er 25 år og bur i Ålesund. Ho kjem frå Vatne på Sunnmøre og arbeider som lektor på Spjelkavik videregående skole. Ho sit på fylkestinget i Møre og Romsdal for Senterpartiet og leiar hovudutvalet for kultur- og folkehelse. Ho er politisk nestleiar i Noregs Ungdomslag.

Sigbjørn Hjelmbrekke er 38 år og bur i Bø i Telemark. Han kjem frå Osterøy og arbeider hjå Høgskulen i Søraust-Noreg og ved Telemarksforsking. Han har tidlegare vore leiar i Norsk Målungdom 2004 til 2005. Han var fyrste vara til styret i Noregs Mållag frå 2011 til 2013 og deretter nestleiar frå 2013 til 2016. Han er i dag leiar i Telemark Mållag.

Helen Johannesen er 63 år og bur på Hamar. Ho kjem frå Fosnavåg og arbeider som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen. Ho er leiar i Austmannalaget.

Pål Julius Skogholt er 46 år og bur i Tromsø. Han kjem frå Stamsund i Lofoten og arbeider for SV som rådgjevar/prosjektleiar for Ja til Nord-Norge-prosjektet og distriktssekretær for Nordland, Troms og Finnmark. Han har tidlegare vore statssekretær for SV i Nærings- og handelsdepartementet frå 2009 til 2011 og sit no i bystyret i Tromsø for SV. Han har vore styremedlem i Tromsø Mållag.

Else Berit Hattaland er 44 år og bur på Klepp. Ho kjem frå Klepp og arbeider som økonomisjef hjå Nordsjø Media AS. Ho har tidlegare vore nestleiar i Rogaland Mållag og er i dag leiar i Klepp Mållag.

Peder Sjo Slettebø er 31 år og bur på Halsnøy. Han kjem frå Halsnøy i Kvinnherad og er ordførar i Kvinnherad kommune for Høgre.

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:

Landsmøtet vel Kirsti Lunde til leiar for valnemnda, med Marit Krogsæter, Sigbjørn Hjelmbrekke og Helen Johannesen som faste medlemer. Varafolk er i nummerert rekkjefølgje Pål Julius Skogholt, Else Berit Hattaland og Peder Sjo Slettebø.


14.3 Val av revisor

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak: Landsmøtet vel Vekst revisjon til revisor for rekneskapsåra 2018 og 2019.

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no