Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Praktisk Nytt arbeidsprogram Sakspapir Vektekne fråsegner Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Fråsegner frå landsmøtet

1) Ei ny opplæringslov må sikre nynorskelevane
Eit utval utnemnt av regjeringa arbeider med ein NOU (Noregs offentlege utgreiingar) om opplæringslova og skal levere utgreiinga si i desember 2019. Etter det skal ei ny opplæringslov arbeidast fram.

Noregs Mållag har tre hovudkrav til den nye lova:

Dei språklege rettane må vidareførast og styrkjast
Dagens rett til å sikre opplæringa i både nynorsk og bokmål må halde fram. Det er viktig å sikre tidleg start med sidemål og ei sidemålsordning gjennom ungdomsskulen og studieførebuande vidaregåande opplæring, som har eigen standpunktkarakter og avsluttande eksamen i vidaregåande skule.

Språkvedtak i kommunen er ein viktig føremon for kva språk som vert undervist i skulen. Dette skal også styre språkvalet i norskopplæringa i vaksenopplæringa.

Staten må ta ansvar for at desse rettane vert oppfylte
Læremiddel er nasjonale, ikkje kommunale. Det kan ikkje vere berre skuleeigar sitt ansvar at elevane får nynorske læremiddel. Staten må sikre at læremiddel kjem på båe språk til same tid og pris. I dag er det alt for mange kommunar som ikkje tek på alvor kravet om at dei læremidla som vert nytta i skulen, skal vere på nynorsk. Dette gjeld særleg nye digitale læremiddel, der utvalet på nynorsk er dårleg. Staten må syte for ei godkjenningsordning for læremiddel som gjer at skulane enkelt kan skaffe seg oversyn over kva som ligg føre på både bokmål og nynorsk. Dette gjeld både trykte og digitale læremiddel, og må også gjelde læremiddel i norskopplæringa for vaksne innvandrarar.

Retten til språkdelte klassar ut heile grunnskulen
Stortinget vedtok i 2016 å utgreie saka om Odda-modellen, men saka er enno ikkje lagt fram for Stortinget. Heller ikkje Utdanningsdirektoratet har gjort ferdig si handsaming. Noregs Mållag meiner at saka er eitt år på overtid, og krev at Regjeringa legg saka fram for vedtak i laupet av 2018.

Det bør vere ein rett å gå i nynorskklasse i alle nynorskkommunar og i dei store byane. Kravet frå 2003 om at det skal vere minst ti elevar att med det opphavlege hovudmålet, bør innførast igjen. Eit slikt krav vil hindre unødvendig utarming av nynorskklassane.

Noregs Mållag krev at:
• dei språklege rettane til nynorskelevane vert vidareførte og styrkte i den nye opplæringslova
• staten tek større ansvar for å sikre at desse rettane vert oppfylte
• elevane skal ha rett på språkdelte klassar ut heile grunnskulen (Odda-modellen)

 

2) Stortinget må ta styringa over fylkesnamna
Noregs Mållag krev at saka om nye fylkesnamn blir send på høyring før Stortinget gjer vedtak, og at det blir lagt stor vekt på namnefaglege råd i valet av nye fylkesnamn.

Regjeringa kom 6. april med framlegg til nye fylkesnamn, og saka ligg no i Stortinget. I strid med namnefaglege råd og trass i stor folkeleg motstand har regjeringa gått inn for namna «Vestland», «Innlandet» og «Viken». Noregs Mållag reagerer sterkt både på desse framlegga og på sakshandsaminga. Regjeringa har brote utgreiingsinstruksen ved ikkje å senda saka på høyring, og regjeringa har heller ikkje høyrt på sitt eige sakkunnige organ i namnesaker, Språkrådet. Dette føyer seg inn i ei rekkje av saker der regjeringa har sett vekk frå råda til Språkrådet, som i fleire kommunenamn og OsloMet. Heller ikkje dei nye fylka har hatt forsvarlege faglege prosessar før vedtaka om nye fylkesnamn. Tvert om er namnevala resultat av politiske kompromiss, med «Vestland» som det verste dømet.

Då dagens fylkesnamn vart vedtekne i 1918, var det resultat av eit større fagleg utgreiingsarbeid, ein omfattande høyringsrunde og ein grundig politisk prosess. Det er ei gåte for Noregs Mållag at styresmaktene ikkje har prioritert dette i 2018. 

Valet av fylkesnamn har store konsekvensar. Namna er ikkje berre namn på fylkeskommunar, men er inndelingsnamn som går inn i allmenn språkbruk og som kan bli ståande i fleire hundre år. Landsmøtet i Noregs Mållag meiner difor det er særs viktig at Stortinget no tek styringa over prosessen og syter for ei forsvarleg saksførehaving.

 

3) Landsmøtet i Noregs Mållag krev meir nynorsk i nye kommunar og fylke
119 kommunar skal slåast saman til nye, større kommunar. Sju av samanslåingane er mellom ein nynorskkommune og kommunar som er rekna som bokmålskommunar eller språknøytrale kommunar. Landsmøtet i Noregs Mållag krev at desse kommunane får ekstra støtte til å fylgje opp ansvaret sitt med å take vare på nynorsken.

Språkbruken i kommunane har mykje å seie for den språklege framtida for nynorsken. Når tidlegare nynorskkommunar vert slegne saman med kommunar med mindre nynorsk, må den nye kommunen halde fram med å bruke nynorsk og ha ein medviten språkpolitikk. Dette er særleg viktig for nynorsken og nynorskbrukarane, som er i mindretal nasjonalt og i mange tilfelle kan verte i mindretal i den nye kommunen. Språkarbeidet i ein kommune krev arbeidstid, kurs og investeringar, men i større mon gode rutinar og språkleg medvit. I desse kommunane trengst det også ei særleg satsing og ekstra støtte frå staten si side.

I fleire av fylkessamanslåingane ser me at nynorsken kjem i små mindretal. Dette gjeld fylke der nynorsken allereie har eit sterkt bokmålspress, og det vert ekstra viktig å sikre nynorsken i respekt for mindretalet i dei nye fylka.

Landsmøtet i Noregs Mållag vil trekkje fram tre tiltak Kommunal- og moderniseringsdepartementet kan setje i verk for å stø kommunane og fylka som står midt i samanslåingsarbeidet. Tiltaka vil vere med på å sikre at nynorsken ikkje kjem svekt ut av kommunesamanslåingane, som var eit krav frå kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget då kommunereforma vart handsama:

1. Eigne samlingar for nye kommunar og nye fylke for å sikre tenleg nynorskbruk etter samanslåing.
For å sikre at fellesnemndene, kommunestyra og fylkestinga planlegg for å sikre nynorsken både i administrasjonen, informasjonen til innbyggjarane og i drift til dømes knytt til skulen, kan slike samlingar avklare problemstillingane og korleis ein praktisk løyser dei.

2. Økonomisk støtte for å sikre gode overgangsordningar og ordningar for nynorsken
Stortinget har løyvd pengar til overgangsordningar for kommunane og fylka. Det bør også stillast midlar til rådvelde for å lage og setje i verk språkbruksplanar, kurse tilsette og sikre midlar til at nynorskelevane ikkje vert råka av samanslåingane.

3. Utgreiing for å sikre gode nynorskkommunar i framtida
Kommunal- og regionaldepartementet bør lage ei utgreiing som ser om det er mogleg å innføre eit tydelegare regelverk, tydelegare rettar og planverk, og politikk rundt det å vere ein nynorskkommune. Regelverket bør innehalde fleire statlege gode for å vere ein nynorskkommune, og medføre tilsyn for å sjå til at innbyggjarane får oppfylt rettane sine.

 

4) Mållaget krev digitale læringsverktøy på nynorsk
Ei av hovudoppgåvene skulen har, er å gjera elevane til trygge språkbrukarar. Det er viktig at elevane møter språket sitt heile tida, særleg i den fyrste lese- og skriveopplæringa. Nynorskelevane må møta like mykje nynorsk i den digitale skulekvardagen som dei gjer i den analoge. Tradisjonelle læreverk er i ferd med å bli bytte ut med eit mangfald av digitale læringsressursar og oppslagsverk. Fleire av desse vil koma i staden for tradisjonelle læreverk. Kunnskapsdepartementet må ta hovudansvaret for at også dei digitale læringsverktøya blir tilgjengelege på nynorsk.

Det utdaterte skiljet mellom læreverk og tilleggsressursar må opphevast. Difor må også digitale tilleggsressursar bli omfatta av prinsippa i opplæringslova. Det står i forskrift til opplæringslova kapittel 17 at også digitale læreverktøy skal koma på den målforma eleven ynskjer. Det er ingen grunn til at dette ikkje skal gjelda digitale læringsressursar. Sjølv om det er pedagogiske føremoner med dei nye verktøya, er det få produsentar som har laga nynorske utgåver av desse nye ressursane. Resultatet er at elevar med nynorsk som hovudmål, møter bokmål langt oftare enn tidlegare. Det strir med gjeldande pedagogiske retningsliner.

Noregs Mållag krev:

  • Om det ikkje finst ei nynorskutgåve av det digitale læremiddelet, skal det ikkje takast i bruk i skulen.
  • Kunnskapsdepartementet bør få utarbeidd ein læremiddelportal der skuleeigarar kan finna lovlege læremiddel.
  • Kunnskapsdepartementet bør straks fylgja opp skuleeigarane med eigne tilsyn.
  • Prinsippa for språk i alle læremiddel må vidareførast i den nye opplæringslova. Alle læremiddel som er i bruk i skulen, skal koma i nynorsk- og bokmålsutgåve. Kontorstøtteprogram og operativsystem skal finnast på begge målformer.

 

5) Nynorsk i lærarutdanninga
Noregs Mållag viser til at norskkunnskapane til lærarane er avgjerande for god undervisning i skule og barnehage. Me er difor urolege over situasjonen i dag med svært mange ufaglærte arbeidstakarar i barnehage og skule.

Dei ulike barnehagelærar-, lærar- og lektorutdanningane må syta for at framtidige lærarar har god kompetanse i både nynorsk og bokmål. Dette må også gjelda praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Slik kompetanse er også viktig for lærarar som skal undervisa i andre fag enn norsk, fordi språkopplæring skjer både i barnehagane og i alle timar og i alle fag i skulen. For at lærarstudentane skal få denne kompetansen, må dei få god opplæring i nynorsk og nynorskdidaktikk i utdanninga. Utdanningsinstitusjonane må spesielt leggje til rette for opplæring for at studentar som har hatt fritak, får tilstrekkeleg opplæring i dette i løpet av utdanninga si.

Også lærar- og lektorstudentar utan norsk i fagkrinsen skal kunna nynorsk. For å sikra opplæringa til nynorskelevane i alle fag må både matematikklærarar og samfunnsfaglærarar kunne læra bort faget sitt på nynorsk. Derfor må også desse studentane få opplæring i nynorsk i lektorutdanninga, og få innsikt i den nynorske fagterminologien. Alle lektorstudentane må også kjenna til språksituasjonen og dei språklege rettane til elevane.

Noregs Mållag meiner at det ikkje skal kunna gjevast fritak for vurdering i sidemål i lærar- og lektorutdanninga. Skulemål og språkopplæring er ein for viktig del av kvardagen til nyutdanna lektorar. Vitnemåla frå lektorutdanningane skal syna to norskkarakterar, éin i nynorsk og éin i bokmål. Nokre lærestader bør få eit nasjonalt eller eventuelt regionalt ansvar for etterutdanning av lærarar i nynorsk. Ein må då sikra tilgang til etterutdanning i aust, vest, midt- og nord.

 

6) Slepp nynorsken til i Dagbladet!
Noreg er eit samfunn med eit sterkt språkleg og kulturelt mangfald. Dersom Dagbladet ønskjer å spegle dette mangfaldet, må avisa sleppe nynorsken til på redaksjonell plass. 

Nynorsk og bokmål er jamstilte språk i Noreg. Det er over ein halv million nynorskbrukarar i Noreg, og endå fleire som har nynorsk som sidemål. Talet på nynorske språkbrukarar er langt høgare enn opplaget til Dagbladet, som i dag er den fjerde største avisa her til lands. Likevel er det i 2018 framleis forbod mot å skrive nynorsk på redaksjonell plass i avisa. Mens landets største avis, VG, har sleppt nynorsken til i spaltene sine og på nettsida si, tviheld Dagbladet på forbodet mot eitt av dei to norske språka. Det er ein praksis som diskriminerer både lesarane og dei nynorskspråklege journalistane.

Forbodet mot nynorsk bryt også med Dagbladet sin eigen tradisjon. Avisa vart danna i miljøet rundt journalisten, diktaren og målmannen Aasmund Olavsson Vinje, og var i mange år kjend som landets viktigaste radikale kulturavis. Dagbladet har på leiarplass tatt til orde for obligatorisk sidemålsundervisning i Noreg, også i dei seinare åra. Det viktigaste Dagbladet kan gjere for å styrkje sidemålsundervisninga, er å gjere nynorsk og bokmål til jamstilte språk i eigne spalter. Avisa kan då bidra til å auke den språklege toleransen og den språklege sjølvkjensla her til lands. Gjennom å gje nynorsken plass i spaltene, ville Dagbladet synt at dei er ei ekte riksavis, ikkje ei lokalavis for Oslo.

Det er over ein halv million gode grunnar til å sleppe nynorsken til på redaksjonell plass i Dagbladet. For ei moderne avis i eit demokratisk samfunn er det ingen gode grunnar til å la vere.

 

7) Stopp domenetapet i akademia
For å sikre at norsk held fram å vere det dominerande språket i Noreg er det viktig å styrke stillinga til norsk språk på mange område. Eit av dei viktigaste områda å hindre dette domenetapet på er akademia.

Det er viktig å kunne tenke, forske og formidle på morsmålet sitt. Universitet og høgskular i Noreg utdannar ungdom som skal ut i arbeidslivet både innanfor og utanfor akademia. For at sjukepleiarar, lærarar, juristar, journalistar og sosialarbeidarar skal vere trygge på å gjere jobben sin på norsk, er det viktig at universiteta og høgskulane tar ansvaret dei har for norsk språk på alvor. Universiteta og høgskulane skal danne og bu studentane på å bli demokratiske deltakarar og gode språkbrukarar i det norske samfunnet.

Utdanningsinstitusjonane må også ta språkrettene til studentane på alvor. At fleire universitet og høgskular systematisk nedprioriterer nynorsk og bryt både mållova og eksamensforskrifta, gjer ikkje studentane til trygge språkbrukarar. Studentar må bli trygge brukarar av fagspråk både på nynorsk og på bokmål. I fag der pensum er på engelsk, skal utdanningsinstitusjonane tilby norskspråkleg støttemateriell. Vidare vil Noregs Mållag peika på at der det blir undervist og forska på norsk språk, historie, samfunnsliv, folkeminne og rettsvitskap, er det særleg viktig at ein held fast ved og utviklar ein norsk fagterminologi. Forsking som vert gjord i desse faga må i sin heilskap vera tilgjengeleg for ålmenta på norsk. Men òg innanfor realfaga er dette viktige mål å streva etter. Særleg er fag som geologi og biologi avhengige av nær kontakt med ålmenta for si faglege utvikling.

Etter universitets- og høgskulelova har utdanningsinstitusjonane eit ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Utan eit norsk fagspråk blir ikkje forskinga tilgjengeleg for ålmenta, og institusjonane oppfyller ikkje dette samfunnsoppdraget. Når forsking blir viktigare enn utdanning og formidling, blir norsk fagspråk svekt. Derfor må forskarane få utteljing for å skrive pensumbøker og drive med forskingsformidling på norsk, slik at dette arbeidet blir høgare prioritert.

Noregs Mållag meiner:

  • Teljekantsystemet må endrast, slik at forskarar får insentiv til å utarbeide norsk fagspråk og pensumlitteratur.
  • Studentar skal møte meir norsk pensumlitteratur. I fag der pensumlitteraturen er på engelsk, skal det finnast støttemateriell på norsk.
  • Profesjonsutdanningane må lære studentane å gjere jobben sin på det språket dei skal møte brukarane på.
  • Utdanningsinstitusjonane skal møte sanksjonar ved brot på mållova eller eksamensforskrifta.
  • Undervisings- og opplæringsspråket fram til og med bachelornivå ved norske universitet og høgskular skal halde fram med å vere norsk.
  • Norsk skal halde fram å vere administrasjonsspråk ved universitet og høgskular.

 

8) Helseføretaka bryt mållova
Folk som blir pasientar, får ikkje svar på nynorsk. Det dataadministrative systemet som vert nytta av helseføretaka, sikrar ikkje at pasientar får svar på skriftspråket sitt. Heller ikkje informasjonen til Helsedirektoratet om fritt behandlingsval på Helsenorge.no sikrar dette. Pasientar og andre som nyttar seg av desse tenestene, kan ofte vere i ein sårbar situasjon og ha andre prioriteringar enn å klage på språkbruken til det offentlege. Difor er det heilt uhaldbart at dagens helsesystem ikkje varetek dei språklege rettane deira.

Skatteetaten klarer det; kvifor klarer ikkje Helsedirektoratet og dei regionale (og lokale) helseføretaka dette?

Staten har ansvar for å ta vare på og halde oppe både nynorsk og bokmål som skriftspråk. Det tydelegaste uttrykket for dette ansvaret er lov om målbruk i offentleg teneste, altså mållova. Landsmøtet i Noregs Mållag krev at helseministeren tek tak i saka og sørgjer for at pasientar får svar på, og møter skriftspråket sitt på nett.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no