Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar Tidlegare innspel NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nye læreplanar

Dei nye læreplanane skal takast i bruk i 2020. Mållaget vil delta i ordskiftet og følgje arbeidet med læreplanane. 

Arbeidet med nye læreplanar tok til med Ludvigsen-utvalet sin NOU frå 2015, som var utgangspunktet for St.mld 28: Fag – fordyping – forståelse. En fornyelse av kunnskapsløftet frå 2016. 

Kjerneelement 
I arbeidet med nye læreplanar har ein introdusert eit nytt omgrep: kjerneelement. Dette har no fått eit innhald som er på høyring med høyringsfrist 17. april. Kjerneelementa skal vere ei formulering av kva som er det viktigste elevane skal lære i faget og er eit førearbeid til læreplanane som skal utarbeidast neste skuleår.

Hausten 2017 var det to korte innspelsrundar på innhaldet i kjerneelmenta. Fyrst i september, så i oktober. Noregs Mållag spela inn synspunkt både for norskfaget, musikkfaget og samfunnsfag. 

Kjerneelementa skal fastsetjast av Kunnskapsdepartementet i juni 2018. Noregs Mållag har  levert høyringssvar om kjerneelement for norskfaget

I juni 2018 vart gruppene som skal utarbeide dei nye læreplanane verta utnemnde. Læreplangruppene arbeider hausten 2018. 

Arbeidsgruppe i Noregs Mållag 
Styret har peika ut ei arbeidsgruppe som skal gje styret råd om læreplanen for norsk. 

Det er Gudrun Kløve Juuhl, fyrsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur på Høgskulen i Vold, som er leiar i arbeidsgruppa. Med seg har ho Nina Berge Rudi, lektor i norsk ved Vinstra vidaregåande skule. Begge to er tidlegare styremedlemer i Noregs Mållag, og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. I tillegg til Eline Bjørke, dagleg leiar i Norsk Målungdom og utdanna lektor i norsk. 

Om du ynskjer kontakt med gruppa, send e-post til magne.aasbrenn@nm.no 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no