Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Innspel Tidlegare innspel Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyring til læreplan i norsk

Noregs Mållag har levert høyring i om ny læreplan i norsk, og oppmodar fleire om å gjere det same. 

Nedanfor finn du svara Noregs Mållag har sendt inn til siste runde av læreplanhøyringa i norsk som Utdanningsdirektoratet har innbydd til. Høyringa (som er skriven på bokmål) har form av spørsmål som ein skal svare på om ein er samd i, pluss eit høve til å skrive inn kommentarar.

Du kan lese dei svara Noregs Mållag har skrive inn i «svarlukene» under ni av spørsmåla. Vi oppmodar som er opptekne av at elevane i Noreg skal få god opplæring i norsk til å svare på denne høyringa, og håpar svara vi har lagt inn kan gje opplysing og informasjon. Lenke til høyringa: https://hoering-publisering.udir.no/347 Høyringsfrist er 18. juni. 

Det er Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, og Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar i Noregs Mållag, som arbeider med dette på skrivarstova. 

1. Uttrykker læreplanen tydelig det viktigste alle elevene skal lære?
Delvis uenig

Kommentar:
Gjennom å endre vurderingsordningane svekkjer læreplanen statusen til sidemålsopplæringa i skulen. Dette fører til at særleg dei elevane som har nynorsk som sidemål, får ei dårlegare opplæring i nynorsk. I tillegg er vi skeptiske til at dialektkunnskap er svekt i den nye læreplanen. 

4. Er verdigrunnlaget i overordnet del tydelig reflektert i læreplanen?
Delvis uenig

Kommentar:
Læreplanen sitt verdigrunnlag held fram både at elevane skal få innsikt i den rike språk- og kulturarven i Noreg og at elevane skal bli trygge språkbrukarar. Nynorskelevane har heilt andre utfordringar enn bokmålselevane med å bli trygge språkbrukarar, fordi dei ser mindre av språket sitt rundt seg enn det bokmålselevane gjer. Læreplanen tek ikkje denne utfordringa nok inn over seg. Fleire undersøkingar tyder på at mange nynorskelevar ikkje får ei opplæring som gjer dei språkleg trygge. Manglande språkleg tryggleik kan både handle om manglande meistring av skriftspråket og manglande oppleving av at nynorsk passar eller kjennest naturleg i ulike situasjonar – og éin av konsekvensane er språkskifte frå nynorsk til bokmål. 

5. Er det en god sammenheng mellom de ulike delene i læreplanen i dette faget?
Helt uenig

Kommentar:
Det er uheldig at progresjonen i sidemålsopplæringa ser ut til å gi lærarane høve til å sløyfe opplæring og vurdering i skriftleg sidemål på åttande trinn. Framlegget til læreplan har eksplisitt formulert at det ikkje treng vere vurdering av skriftleg sidemål på 8. trinn, trass i at læreplanen har kompetansemål i sidemål frå etter 4. trinn. Linja «…i sidemål senest fra og med 9. trinn, jf. opplæringsloven §2-5, sjette ledd» må fjernast.

7. Legger læreplanen til rette for dybdelæring?
Delvis uenig

Kommentar:
I gjeldande læreplan står det at vgs-elevar skal gjere greie for eit utval av norske talespråksvariantar. I det nye framlegget stå det at dei skal kunne gjere greie for endringar i talespråk og drøfte samanhengen mellom språk, kultur og identitet. Desse krava er langt mindre konkrete og ei klar svekking av djupnelæringa om norsk språk som lett kan fjerne eit nødvendig bindeledd mellom språkhistoria og dei to norske skriftspråka i dag. Formuleringa i gjeldande læreplan må bli ståande slik at kompetansemålet blir: «Gjøre rede for særtrekk ved et utvalg norske talemålsvarianter, reflektere over forhold som kan påvirke utviklingen av talemål og drøfte samanhengen mellom språk, kultur og identitet.» 

11. Legger læreplanen godt til rette for å ivareta de yngste barnas læring og utvikling?
Helt uenig

Kommentar:
Det er bra at det no klårt står under «Grunnleggende ferdigheter» i avsnittet «Å kunne skrive» at den første lese- og skriveopplæringa skal gå føre seg på elevane sitt hovudmål.

Fleire undersøkingar tyder på at mange nynorskelevar ikkje får ei opplæring som gjer dei språkleg trygge. Manglande språkleg tryggleik kan både handle om manglande meistring av skriftspråket og manglande oppleving av at nynorsk passar eller kjennest naturleg i ulike situasjonar – og ein av konsekvensane er, som vi veit, språkskifte frå nynorsk til bokmål. For mållaget er det viktig å seie at skulen har eit ansvar for å gi nynorskelevane ei språkopplæring som både gjer at dei meistrar skriftspråket sitt og som gjer at ikkje manglande sjølvtillit som språkbrukar fører til språkskifte. Å omgi dei med nynorsk tidleg i skuleløpet vil vere eit godt tiltak for å gjere dei til tryggare nynorskbrukarar.

Samstundes kan ein ved å gjere opplæringsbehova til nynorskelevar meir synlege i læreplanen gjere lærarane meir medvitne om dei særskilde utfordringane nynorskelevane har. Derfor må det komme ei utviding av dette avsnittet i læreplanen.
I høyringsframlegget ser avsnittet slik ut:
«Norskfaget har et særlig ansvar for ferdigheten å kunne skrive. Den første lese - og skriveopplæringen skal foregå på elevenes hovedmål.»
Desse setningane må bli lagde til etter «…elevenes hovedmål»:
«Nynorskelevene og bokmålselevene har ulike utfordringer med å lære hovedmålet sitt. Nynorskelevene ser mindre nynorsk rundt seg enn bokmålselevene ser sitt språk rundt seg. En god språkopplæring som gjør elevene til trygge nynorskbrukere, må kompensere for denne ulikheten.»

Eitt av kompetansemåla etter 4. trinn er: «-utforske og samtale om forskjeller og likheter mellom bokmål og nynorsk.» Utifrå definisjonen av verbet «utforske» i læreplansamanheng, så blir kompetansemålet tydelegare slik:
«- utforske og samtale om forskjeller og likheter mellom bokmål og nynorsk gjennom skriving og lesing.»

13. Legger læreplanen til rette for god progresjon i faget?
Helt uenig

Kommentar:
Det er svært uheldig at progresjonen i sidemålsopplæringa stoggar opp på 8. trinn, for å takast opp att igjen i 9. klasse slik det er lagt opp til no. Det er ein stor pedagogisk føremon om sidemålsopplæringa frå barneskulen held fram i ungdomsskulen og byggjer vidare på det elevane allereie har lært.
Som nemnt under spørsmål 5, må ein fjerne linja «…i sidemål senest fra og med 9. trinn, jf. opplæringsloven §2-5, sjette ledd» . Det er uheldig å vise til opplæringslova som er under revisjon. 

14. Vil tekstene om underveis- og standpunktvurdering fungere som en god støtte i vurderingsarbeidet?
Helt uenig

Kommentar:
Formuleringa «I vurderingen av sidemålstekster skal læreren ta hensyn til at elevene har hatt lengre tid med formell opplæring i hovedmålet enn i sidemålet» aukar faren for språkskifte (sjå utdjuping under spørsmål 24).

20. For å legge bedre til rette for dybdelæring, foreslår vi å redusere antall karakterer i underveisvurderingen. Har du synspunkter på dette?

Kommentar:
Ikkje å ha halvårsvurdering i sidemål svekkjer sidemålet si stilling.
Den nye læreplanen går inn for å slå saman dei skriftlege halvårskarakterane i hovudmål og sidemål. Dette er ei ordning som har vore ei forsøksordning på fleire skular sidan 2013. Ho vart i 2018 evaluert av NIFU. Dei gjorde fleire interessante funn. Hovudfunnet er at karaktergjennomgangen syner at forsøket ikkje har nokon effekt. Det er ingen skilnad på karakterane til dei elevane som har vore med på forsøket, og dei som ikkje har vore med.

NIFU meiner det ikkje er naudsynt å fjerne karakterane for å redusere omfanget av vurderingssituasjonar. Elevane melder attende at dei synest det er vanskelegare å forstå korleis dei ligg an i dei ulike delane av faga med samanslåtte karakterar. Dei verkar ikkje å forstå det språket for vurdering like godt som lærarane trur. Elevane meiner altså at dei ikkje får informasjon om eiga læring som erstattar den informasjonen dei sjølv meinte dei fekk gjennom karakterar.

Det mest urovekkjande funnet i rapporten er korleis leiinga på ungdomsskulane meiner forsøket legitimerer å starte seinare med sidemål, trass i alle faglege tilrådingar om tidleg start med sidemål.  Skuleleiarane seier at forsøket har gjort det mogeleg å utsette sidemålsundervisninga til 9. trinn. Dette kan henge saman med eit anna funn i rapporten som syner at forsøket fører til meir individualisert undervisning og vurderingspraksis, som tyder at det er opp til den einskilde lærar kva ho eller han vil leggje vekt på. 

Den nye læreplanen seier ingen ting om vektinga mellom hovudmål og sidemål for den samla halvårskarakteren. Læreplanen krev heller ikkje at elevane skal skrive like mange oppgåver på sidemål som på hovudmål. Dermed er det inga sikring mot at lærarar til og med 9. klasse kan fare over sidemålsundervisninga med harelabb og berre gi elevane eit minimum av skriftlege oppgåver på sidemål.

Å fjerne halvårskarakterar i hovudmål og sidemål i 8. og 9. klasse og i Vg1 og Vg2 vil i praksis kunne bli eit hinder for djupnelæring fordi det går ut over motivasjonen til å lære begge skriftspråk. NIFU-rapporten viser tydeleg at for elevane er karakterar essensielle for motivasjon, og motivasjon er grunnleggande for djupnelæring.  

Med halvårskarakterar i hovudmål og sidemål er det likevel mogleg for læraren å oppnå djupnelæring ved å periodisere undervisninga, til dømes ved å la alt i undervisninga gå føre seg på nynorsk i ein periode over fleire månader eit semester. I dette semesteret vil «rettegrunnlaget» for å sette halvårskarakter i bokmål vere relativt svakt, men karakter vil likevel kunne settast. NIFU seier at det ikkje finst nokre sentrale forskrifter som seier at eit visst tal skriftlege oppgåver må ligge til grunn for ein halvårskarakter i hovudmål eller sidemål.

Periodisering kan vere eit godt pedagogisk grep, men samtidig må læreplanen slå fast at fordelinga mellom undervisning i bokmål og nynorsk må vere jamt fordelt i skuleåret sett over eitt. Derfor bør ei formulering som denne inn: «I norsk skriftlig kan lærer viss å periodisere opplæringen viss ønskelig, men elevene skal i løpet av skoleåret skrive om lag like mange tekster på hovedmål som i sidemål. Karakteren skal gis på grunnlag av kortere og lengre elevtekster i ulike sjangre, og tekster på hovedmål og sidemål skal vektes likt.»

24. Har du andre kommentarer eller forslag til endringer i læreplanene?

Kommentar:
Sidemålsundervisninga er ein viktig del av den norske ålmenndanninga, og ho er avgjerande for å oppretthalde den nynorske skriftkulturen og for å tryggje dei språklege rettane til nynorskbrukarane. Undervisninga bør kompensere for at elevar med nynorsk sidemål ser lite nynorsk rundt seg i kvardagen.
Ved at alle elevar får høve til å meistre bokmål og nynorsk godt i skulen, blir elevane førde inn i ein kollektiv skriftkultur som gjer dei norske. Læreplanen i norsk er den viktigaste politiske reiskapen for å sikre og styrkje vilkåra for at nynorsk skal vere eit reelt jamstilt skriftspråk.

Lågare krav ved sidemålsvurderinga aukar språkskiftet: 
Noregs Mållag trur lågare krav ved vurderinga i sidemål vil auke språkskifte frå nynorsk til bokmål i den vidaregåande skulen. I framlegget til ny læreplan i norsk er det eksplisitt formulert at ein kan vente at elevane er betre i hovudmålet enn i sidemålet heile det 12-årige skuleløpet. Dette opnar for eit stort taktisk språkskifte der nynorskelevar byter hovudmål for å få større utteljing for nynorskkompetansen om han blir testa som sidemål. Dette vil vere svært uheldig for framtida til nynorsken.

Taktisk skifte frå nynorsk til bokmål er alt eit kjent problem på mange skular i dei nynorske randsonene. No som denne skeivvurderinga av kompetansen blir skriftfesta så klårt, er me redd språkskifte vil eskalere. Med den nye formuleringa gir norskfaget elevane eit insentiv til å byte hovudmål. Kultur- og språkfaget norsk skal hegne om nynorskelevane og gjere dei til stolte og gode språkbrukarar. Den nye formuleringa undergrev det målet med faget.

Innføring av 8. trinn som eit sidemålsfriår stoggar sidemålsprogresjonen:
Læreplanen må slå fast at elevane skal vurderast i sidemål frå 8. trinn. I framlegget står det at halvårsvurderinga skal gi kunnskapar i hovudmål og sidemål seinast frå 9. trinn. Det bryt med all pedagogisk erfaring om at sidemålsundervisninga og -vurderinga må byrje tidleg.

Fjerning av krav til dialektkunnskap svekkjer forståinga av den norske språksituasjonen:
I gjeldande læreplan står det at vgs-elevar skal gjere greie for eit utval av norske talespråksvariantar. I det nye framlegget stå det at dei skal kunne gjere greie for endringar i talespråk og drøfte samanhengen mellom språk, kultur og identitet. Dette er ei klar svekking av djupnelæringa om norsk språk og fjernar eit nødvendig bindeledd mellom språkhistoria og dei to norske skriftspråka i dag.

Svekte krav i språkhistorie svekkjer forståinga av bakgrunnen for bokmål og nynorsk
I gjeldande læreplan står det at ein i høvesvis Vg2 og Vg3 skal gjere greie for språkpolitikken og -debatten på 1800- og 1900-talet. I den nye versjonen står det berre at ein etter Vg3 skal kunne utforske og reflektere over språksituasjonen i Noreg i dag og gjere greie for den historiske bakgrunnen. Dette er mykje vagare mål som vil svekkje djupnelæringa og -forståinga av norsk språk.

Om sidemål og eksamen
Eleven sin kunnskap i sidemålet må vurderast gjennom eigen standpunktkarakter og obligatorisk eksamen på ungdomsskulen.
Alle elevane i studieførebuande utdanningsprogram må bli prøvde i to jamstilte oppgåver/oppgåvesvar 3. året i den vidaregåande skulen. Det må vere to ulike eksamensdagar, og krava/vurderingskriteria skal vere dei same i hovudmål og sidemål.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no