Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Kommunestyrevedtak Kviteliste Svarteliste Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Ein kampanje for digitale læremiddel på nynorsk

Oppdater!

Læremiddel på hovudmål er ein rett. Nynorskelevane ser mindre av språket sitt rundt seg enn bokmålselevane gjer. Difor er det særleg viktig at digitale læremiddel kjem i nynorskutgåver, men skuleeigarane og produsentane sviktar.

Konsekvensen er at nynorske klasserom fløymer over med digitale læremiddel på bokmål. Det må ta slutt. Digitale læremiddel er også læremiddel. 

Kvifor er digitale læremiddel på nynorsk viktig?
Norske elevar har rett på læremiddel anten på nynorsk eller bokmål for å sikre dei den beste opplæringa i sitt hovudmål. Nynorskelevane ser mindre av språket sitt rundt seg enn bokmålselevane gjer. Difor er det ekstra viktig at dei møter mest mogeleg nynorsk i kvardagen. Slik vert dei tryggare i språket sitt. Dei har òg rett på ei like god opplæring på sitt hovudmål som bokmålselevane har. For å få til det er læremiddel på nynorsk viktig.

Kva seier Opplæringslova?
Lova, og forskriftene, som skal sikre opplæring på både nynorsk og bokmål er ikkje tilpassa ein situasjon der tilgangen til digitale læremiddel er stor og norske lærarar i teorien fritt kan velja å ta dei i bruk.

Det er kommunane som har ansvar for at elevane får oppfylt sine språklege rettar. Men mange kommunar er ikkje klare over dette ansvaret eller synest det er vanskeleg å lata vere å ta i bruk gode læremiddel sjølv om dei ikkje finst på nynorsk.

Likevel seier forskrifta utvitydig at det ikkje er prinsipiell skilnad mellom trykte og digitale læremiddel når det gjeld spørsmålet om nynorskutgåver. Det som utløyser kravet om parallellutgåver, er kor vidt læremiddelet skal brukast jamleg. Det finst med andre ord to måtar å omgå parallellutgåvekravet på: å nytta læremiddelet uregelmessig, eller å regelmessig nytta stoff som ikkje er utvikla som læremiddel.

Hjelp oss å registrere gode og dårlege produsentar
Her kan du senda inn tips til gode læremiddel som finst på nynorsk, og om læremiddel som berre finst på bokmål eller engelsk og er i bruk i skulen.

Det viktig å få ei god ressursside for dei lærarane som er på utkikk etter gode alternativ på nynorsk, samstundes er det viktig å vite kva produsentar ein bør legge press på, og kor stor del av læremidla som vert brukte i skulen som berre finst på bokmål eller engelsk.

Send epost til marit.tenno@nm.no

Ny rapport om situasjonen for nynorske digitale læremiddel av Synnøve Midtbø Myking:

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no