Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Vinterseminar 2019 Oppdater! Kommunestyrevedtak Kviteliste Svarteliste Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framlegg til kommunestyrevedtak

Vi trur det vil skape mykje god merksemd om saka om vi saman får til fleire gode kommunestyrevedtak. Nedanfor er eitt framlegg til kommunestyrevedtak. 

X kommune vil ha eit godt nynorsk opplæringsmiljø for elevane våre. Etter opplæringslova skal alle læremiddel koma i både nynorsk- og bokmålsversjonar, men med det store tilfanget av digitale læremiddel bryt mange produsentar og skular lova.

Nynorske klasserom vert fylte opp av læremiddel på bokmål. Ifølgje opplæringslova har skuleeigar ansvaret for å oppfylla elevane sine rettar. Nynorskelevane ser mindre av språket sitt rundt seg enn bokmålselevane gjer. Det er difor ekstra viktig at desse får sjå og lesa mest mogeleg nynorsk i opplæringa. Det finst nynorskklasser i 143 av dei 422 kommunane i Noreg. Læremiddel som berre kjem på bokmål, er like ulovlege i nynorsk- som i bokmålsklasserom.

Me vil difor:

  • ikkje kjøpa inn og nytta digitale læremiddel som etter opplæringslova skal finnast på nynorsk

  • gje klar melding til tilbydarar om at kommunen ikkje kan gjera innkjøp om læremiddelet ikkje finst på nynorsk

  • setja same krav til språk i innkjøp som kommunen gjer av kontorstøtteprogram og administrativ programvare

X kommune krev at Kunnskapsdepartementet sørgjer for at læremiddelprodusentane følgjer lova og såleis sikrar nynorskelevane sine rettar.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no