Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Kommunestyrevedtak Kviteliste Svarteliste Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Kviteliste for digitale læremiddel

Oversyn for digitale læremiddel på nynorsk. 

Norsk:

CD Ord
Lese- og skriveverkty for elevar med dysleksi - og alle andre som jobbar med tekstar. CD-ORD gjev hjelp i form av opplesing av all tekst på PCen. https://www.mv-nordic.com/no/produkter/cd-ord/

Lingit stl+
App med bokstavopplesing for elevar som skal lære seg å lese og skrive. 6 ulike stemmer i bokstavopplesingen.
(OBS: Les alle ord som er lik på bokmål og nynorsk med bokmåluttale.)


På sporet ABC
På sporet-appen er utvikla for å fremje bokstavkunnskap, fonemisk medvit, lese- og staveferdigheit. Appen passar for elevar som er i ferd med å lære seg å lese på nynorsk. 

På sporet-appen er utvikla i forskingsprosjektet På sporet ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger, i samarbeid med NettOpp UiS. På sporet-prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd, Utdanningsdirektoratet og Lesesenteret. 
Appen har talestøtte. Når eleven trykker på ein bokstav eller eit bilete, får ho/han høyre bokstavlyden eller namnet på biletet/objektet. Eleven bør bruke øyretelefonar for å høyre lyden best mogleg og for å halde på konsentrasjonen. 
https://play.google.com/store/apps/details?id=air.no.uis.paasporetabcnn

ØveLøve
Ein app som trenar skrift-lyd-bilete gjennom å kombinera dei tre elementa i spanande oppgåver.
https://geo.itunes.apple.com/no/app/vel-ve/id1065337762?mt=8

OrdSnap
Ein app for 1-4 spelarar som trenar skrift-lyd-bilete i ein spanande kappestrid. Kven er raskast til å kjenna att ordet, lyden eller biletet. Opp til fire elevar kan vera sysselsett med nyttig trening kring ein iPad.
https://geo.itunes.apple.com/no/app/ordsnap/id1074860835?mt=8

NJORD – riddar av det runde ord
Dette er ein heilt ny app med lesetrening i spanande riddaromgivnader. Njord skal samla skattar i eit skummelt slott og spelaren må lesa tekst og ta stilling til påstandar for å koma vidare. Samstundes som han og gjer riddarting som å kjempa med sverd mot skjelett og monster.
https://itunes.apple.com/no/app/njord/id1179717934?mt=8  

Lesemeister
Lesemeister er ei leseteneste som gjev skoleelevar tilgang til hundretals av e-bøker fra dei norske forlaga. Del med lesevener, få lesepoeng, les med og utan lyd, ta opp og høyr di eiga lesestemme, automatisk leselogg. Gøy og motiverande lesing gjev fleire og betre lesarar. Fungerer i vanleg nettlesar, på iPad og Chromebook.
www.lesemeister.no

Mine ordbilder
App med øvingar med de 500 mest høgfrekvente orda i norske avistekstar, i tillegg til øvingar med ord som inneheld 1-6, 7-10 og 11-15 bokstavar. Øving for å auke lesehastigheit. Mine ordbilder finst på både bokmål og nynorsk. Målform velges i innstillingsmenyen.
http://arkiv.fagbokforlaget.no/?artikkelid=503

Mattematikk:

Kikora
Kikora er eit digitalt matteverkty for både grunnskule og vidaregåande skule. I tillegg kan du vere med på digital mattemaraton.
https://kikora.no/

Multi Smart Øving
Øvingsverkty for matte. Smart Øving er ei heilt ny og personleg læringsoppleving bygga på det ypperste av teknologi for adaptiv læring og læringsanalyse. Verkyet bygger på matterverket til Gyldendal, Multi. Produktet er utvikla i samarbeid med Knewton, som er verdsleiande på feltet.
https://multi.smartoving.no/

Tella
Lær matematikk gjennom lek med tall og morsomme figurer! Om du står fast, får du hjelp av den glade fuglen Tella. Hvert av eggene hennes inneholder et sett med aktiviteter. Klarer du mange nok, får du adgang til fargerike ekstraspill!

Matematikkspillet TELLA er laget for barn fra 5 – 8 år, men passer like godt for dem som er eldre eller yngre. Det er utviklet av pedagoger for bruk i lek og undervisning.
http://tella123.org/#/

Geogebra
Eit dynamisk geometriprogram.

 

Engelsk

GloseDuell
Appen trenar dei 500 mest brukte engelske orda i kappestrid mellom to spelarar eller ein spelar og maskina. Ein kan velja mellom å omsetja norsk-engelsk, engelsk-norsk eller kjenna att engelske ord. Lenkje til AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/gloseduell/id649043911?mt=8

Koding:

Code.org
Kodelæringsprogram med ei rekkje ulike kurs på ulike nivå, her finn du og Kodetimen.
https://code.org/

Scratch
Programmeringssamfunn for kreativ læring
https://scratch.mit.edu/

Kodeklubben
Kodeklubben er et fritidstilbud der barn og ungdommer leikar og lærer med programmering.
http://kodeklubben.no/

 

Andre digitale læremiddel:

Moava
Gratis ressurssamling for skule og barnehage
http://www.moava.org/index.php?lang=nn

Geir Larsen fekk nynorsksstipend av Noregs Mållag i 2016 har fleire appar i AppStore som er fine å bruke i opplæringa. Alle appane hans finn de her: https://itunes.apple.com/no/developer/geir-larsen/id492558980?mt=8
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no