Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. JULI 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kommunevalkamp 2019

Måndag 9. september er det val til kommunestyre og fylkesting i Noreg. Lokalval kan vere viktig for utviklinga av nynorsken lokalt, og dermed nasjonalt. Difor vert lokal- og fylkeslaga oppmoda om å bruke valkampen til nytte for nynorsken i kommunane og fylkeskommunane.

Debattinnlegg: Bruk valkampen til å utfordre kommunestyrekandidatane til å få til god nynorskpolitikk i kommunen. Ta utgangspunkt i framlegget til god språkpolitikk for kommunar og fylke nedanfor, skriv innlegg og sende det til lokalavisa.

Språknøytrale kommunar: Det er om lag tjue språknøytrale kommunar som har mange nynorskelevar, eller der alle elevane i kommunen er nynorskelevar. Dei lokallaga dette gjeld vil få eit eige brev der vi oppmodar lokallaget om å utfordre kandidatane og partia, som stiller til val i kommunevalkampen, om å gå inn for å endre statusen til nynorskkommune.

Debattmøte: Nokre lokallag inviterer til debattmøte i valkampen, Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, vil stille på fleire av desse møta. Ynskjer laget ditt å få besøk i valkampen, ta gjerne kontakt så ser vi kva vi får til.

Flygeblad og stand: Nokre lokallag står på stand i løpet av valet. Vi lagar eit enkelt valflygeblad, og dessutan har de alt det andre gode materiellet å velje i.

***

I arbeidet med valprogramma laga Noregs Mållag ei liste med innspel med god språkpolitikk for kommunane og fylkeskommunane. 

Til kommuneprogram:
Desse fem emna er ikkje nødvendigvis like aktuelle i alle kommunar, så korleis og kva lokallaga gjer i valkampen er ei lokal vurdering. 

• Kommunereforma
I nokre kommunar er dette framleis ei aktuell sak. Her kan det vere litt å hente om ein får inn formuleringar som sikrar nynorskbrukarane gjennom nokre formuleringar.

Framlegg: Nynorskbrukarane i den nye kommunen skal ikkje kome dårlegare ut av samanslåinga. Den nye kommunen må sikre nynorsken gode kår i den nye kommunen.

• Nynorskopplæring for vaksne innvandrarar
Innvandring er ein viktig ressurs for mange nynorskkommunar. Å gje dei opplæring på nynorsk er viktig for integreringa. Her kan det vere viktig om ein får nokre parti til å forplikte seg til å gå over frå bokmåls- til nynorskopplæring.

Framlegg: X kommune skal gje nynorskopplæring til vaksne innvandrarar.

• Språkdelt ungdomsskule
God språkopplæring kjem langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordele elevar i nye klassar. Dette råkar nynorskelevane i dei delane av Noreg som har språkblanda skular. Sjølv om retten til å gå i eigen klasse er ein sentral rett som mållaget kjempar for, er det fleire kommunar som deler elevane i ungdomsskulen inn i klassar etter språk. Det kan ein få fleire kommunar til å forplikte seg til.

Framlegg: Nynorskelevane må få gå i eigne klassar på ungdomsskulen for å sikre dei god nok opplæring i hovudmålet deira. 

• Språkbruksplan
Dette er eit styringsdokument for språk som eit kommunestyre eller fylkesting kan velje å vedta for sin kommune eller sitt fylke. Dokumentet kan gjerne berre vere eit par sider, men det kan vere svært nyttig for å gje retning for språkval i alle delar av kommunen. Fleire kommunar kan vedta slike planar.

Framlegg: Kommunen skal ha ein språkbruksplan som regulerer språkbruken i kommunen og sikrar nynorsken og nynorskbrukarane på ein god og føreseieleg måte.

• Digitale læremiddel
Nynorske klasserom vert fylte opp av læremiddel på bokmål. Ifølgje opplæringslova har skuleeigar ansvaret for å oppfylle elevane sine rettar. Nynorskelevane ser mindre av språket sitt rundt seg enn bokmålselevane gjer. Det er difor ekstra viktig at desse får sjå og lese mest mogleg nynorsk i opplæringa. Det finst nynorskklassar i 143 av dei 422 kommunane i Noreg. Læremiddel som berre kjem på bokmål, er like ulovlege i nynorsk- som i bokmålsklasserom.

Framlegg: X kommune skal ikkje kjøpe inn og nytte digitale læremiddel som ikkje finst på nynorsk.

Til fylkesprogram:
• Vgs: Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa i den vidaregåande skulen. Det er her storparten av språkskifta frå nynorsk til bokmål skjer. Det er viktig at fylkeskommunen har ein medviten språkpolitikk for å hindre språkskifte.

Framlegg: I x fylkeskommune skal det ikkje vere vanskelegare å vere nynorskelev enn bokmålselev, og fylket skal ha ein medviten politikk for å hindre språkskifte frå nynorsk til bokmål. 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no