Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JANUAR 2020 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Diskusjonsnotat Podkast Studiehefte Framlegg Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Bli med i ordskiftet!

Nytt prinsipprogram

Landsmøtet i april 2018 vedtok at organisasjonen skal ta opp prinsipprogrammet i denne perioden og vedta nytt prinsipprogram på landsmøtet i april 2020.

Dagens prinsipprogram er frå 1997. Styret har sett ned ei nemnd som skal leggja til rette for ordskifte i laga og etter kvart også koma med eit framlegg til nytt program.

Onsdag 18. desember la nemnda fram utkast til nytt prinsipprogram for Noregs Mållag.

No har heile organisasjonen høve til å lese framlegget til nytt program, meine noko om det og ta debatten på styremøte eller på årsmøte i januar og februar. 

Mållaget har lansert ein eigen podkast som heiter Prinsipprogrammet. Podkasten tek for seg prinsipprogrammet nesten line for line og diskuterer kva setningane tyder, kva for politiske skiljeliner som skjuler seg bak, og kva debattar som oppstod når dagens prinsipprogram skulle vedtakast.

Nemnda har laga eit studiehefte: Kvifor nynorsk? Du kan lese det her, eller få det av lagsleiaren din som har fått nokre hefte i posten. Ta kontakt de ynskjer fleire hefter. 

Både spørsmåla til diskusjon, podkasten og heftet er gode utgangspunkt for å få ordskifte på møte i laga.

Fristen for å koma med kommentarar og endringsframlegg til prinsipprogramnemnda er 19. februar. Nemnda går då gjennom framlegga og leverer eit siste utkast til styret, som i sin tur kjem med endeleg innstilling til landsmøtet.

Send kommentarar og endringsframlegg til denne e-post: framlegg@nm.no 


I nemnda sit:
Inger Johanne Sæterbakk (leiar), styremedlem i Noregs Mållag og språkkonsulent på Det Norske Teatret
Trond Trosterud, professor ved institutt for språk og kultur, Universitetet i Tromsø
Oddmund Løkensgard Hoel, leiar i Luster Mållag, førsteamanuensis ved institutt for samfunnsvitskap, Høgskulen på Vestlandet
Kristin Fridtun, filolog, forfattar og føredragshaldar
Else Berit Hattaland, styremedlem i Rogaland Mållag, leiar i Klepp Mållag og økonomisjef i Nordsjø Media
Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre (Hordaland), tidlegare styremedlem i Språkrådet
Svein Soldal Eggerud, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom og student ved lærarutdanninga på OsloMet  

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no