Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 2. JULI 2020 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Diskusjonsnotat Podkast Studiehefte Framlegg Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Noregs Mållag:

Utkast til nytt prinsipprogram

 (18.12.2019)

Framlegg frå nemnda, 18. desember 2019
Frist for endringsframlegg før styret innstiller til landsmøtet: 19. februar
Send kommentarar og endringsframlegg til 
framlegg@nm.no

Føremål
Noregs Mållag skal fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet, slik at nynorsk blir meir brukt i heile Noreg. 

Grunnlag
Språk har ein kulturell eigenverdi som ikkje må gå tapt. Ivar Aasen bygde det nynorske skriftspråket på dei norske dialektane for å gje fleire tilgang til skriftkulturen og høve til å delta i folkestyre og samfunnsliv. Nynorsk er det daglege bruksspråket til ei stor gruppe innbyggjarar og den språklege og kulturelle arven for alle som bur i Noreg.

Reisinga av det nynorske skriftspråket har vore ein viktig lekk i den nasjonale og kulturelle frigjeringa og i demokratiseringa av det norske samfunnet. Nynorsk er stridd fram av ei brei folkerørsle, og jamstillingsvedtaket i 1885 og seinare reformer har gjeve nynorsk ein offisiell status som likeverdig nasjonalspråk. Dette må framleis vere det prinsipielle grunnlaget for norsk språkpolitikk.

Det er ei viktig internasjonal oppgåve å ta vare på dei mange historiske språka som er under press frå språk med fleire eller mektigare brukarar. Noregs Mållag ser arbeidet for nynorsk som del av ei brei internasjonal rørsle for å sikre og styrkje utsette språk.

Nynorsk skal vere eit samfunnsberande språk
Språkbruken og språkpolitikken til staten er heilt avgjerande for språkstoda i samfunnet. Det er dei norske statsmaktene sitt ansvar å sikre og styrkje nynorsk som samfunnsberande og livskraftig språk. Det må skje gjennom ein aktiv språkstyrkingspolitikk for nynorsk, som kviler på at nynorsk er jamstilt med bokmål som nasjonalspråk. 

Nynorsk må haldast ved like og styrkjast som fyrstespråk i dei områda av landet der nynorsk i dag er mykje i bruk. Vidare må staten sikre at det er like enkelt å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i resten av landet. Fylke, kommunar, verksemder, organisasjonar og personar må ta sin del av ansvaret for å halde nynorsk i hevd i nynorskområda, og for å gjere det enklast mogleg å vere nynorskbrukar i bokmålsområda.

> Nynorskopplæringa i norsk skule skal gjere det mogleg for alle elevar å bli trygge nynorskbrukarar
Alle elevar i den norske grunnskulen har rett til opplæring på sitt eige språk gjennom heile skuleløpet. Opplæringa i nynorsk og bokmål i skulen skal vere like god. 

> Det er ein demokratisk rett å ha tilgang på informasjon og kunnskap på nynorsk 
Engelsk får stadig større plass innanfor norsk akademia og næringsliv. Norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg, også på desse områda. 

> Nynorskbrukarane skal ha tilgang til all språkteknologi på eige språk
Språkbrukarane må kunne kommunisere på sitt eige språk uansett type teknologi. Det gjeld både det skrivne og det talte språket.

> Det er ein demokratisk rett å kunne bruke sitt eige talemål
Noregs Mållag forsvarer dialektane og dialektbruken mot press frå bokmål.

> Noregs Mållag stør andre mindretals- og minoritetsspråkbrukarar sin kamp for språklege rettar
Noregs Mållag står solidarisk med andre språkorganisasjonar i kampen for språkmangfald i Noreg. Det gjeld særleg samisk, kvensk, romani, romanes og teiknspråk.

> Noregs Mållag er partipolitisk ubunde
Noregs Mållag kan ta stilling i einskildsaker og samarbeide med andre organisasjonar når det tener målsaka. Medlemene i Noregs Mållag legg prinsipprogrammet til grunn for arbeidet.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no