Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. FEBRUAR 2020 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Landsmøte 2020 Utgifter Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøte på Sola

Fredag 24. til søndag 26. april 2020 er det landsmøte på Quality Airport Hotel Stavanger ved Sola lufthamn. 

Fredag klokka 11 er det kjønnsdelte formøte, i samsvar med vedtaket landsmøtet i 2018 gjorde om trygge møteplassar. Opning av landsmøtet er klokka 12. 

Styret har invitert kulturminister Abid Raja til å snakka om språklova (ikkje stadfest at han kjem), landsmøtet vedtek nytt prinsipprogram for organisasjonen og drøftar blant anna opplæringslova og vurderingsordningane i skulen. Fredag kveld er det middag og kulturkveld i Sola kulturhus med Tønes og Tore Renberg. Laurdag er det festmiddag på landsmøtehotellet. 

For å kome på landsmøtet og få røysterett, er det fleire ting å hugse på: 
> Laget må levere årsmeldingsskjema
> Laget må levere utsendingsfullmakt. Den må vera signert.
> Laget må levere påmeldingsark
> Laget må BÅDE betale landsmøteavgift, reiseutjamning, overnatting og opphald. Sjå påmeldingsark eller prisoversikt. NB! Eigne prisar for NMU.
> Laget betalar 
til Noregs Mållag (ikkje til dømes direkte til hotellet).
> Utsendingen må ha betalt medlemspengar for 2020.

Påmelding- og betalingsfrist er 15. mars. Påmelding til medlem@nm.no.

Les meir om det praktiske på informasjonsarket om landsmøtet. Det er utruleg kjekt og lærerikt å få med seg ei slik helg. Meld laget ditt på! Dette vil du ha med deg! 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no