Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 5. JUNI 2020 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Landsmøte 2020 E-post-landsmøte Avlyst landsmøte Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget har hatt e-post-landsmøte!

 (20.04.2020)

Frå fredag 24. april til sundag 26. april er det e-post-landsmøte i Noregs Mållag. Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, tek imot e-postar gjennom heile helga heilt fram til klokka 16 på søndag. 

Det er sett opp to saker på sakslista, som ikkje kunne vente til hausten. Eit framlegg til lotterigaranti og val av nytt styre for Noregs Mållag. Valnemnda har lagt fram si innstilling til ny leiar og nytt styre i Noregs Mållag for 2020-2022. 

Det har ikkje kome andre framlegg til vedtak i lotterisaka eller andre styrekandidatar. Difor skal utsendingane røyste ja eller nei til sakene på e-post.  

GJENNOMFØRING OG RØYSTING
Landsmøtet opnar 24. april klokka 09.00 og sluttar sundag 26. april kl. 16.00. I dette tidsrommet skal utsendingane senda inn røysta si på e-post til dei to sakene. 

SAK 1 LOTTERIGARANTI FOR NOREGS MÅLLAG I 2020
Utsendingane røyster ja eller nei framlegget. 

SAK 2 VAL AV STYRE FOR PERIODEN 2020–2022
Utsendingane røystar ja eller nei til at Peder Lofnes Hauge blir ny leiar i Noregs Mållag. 
Deretter røystar utsendingane ja eller nei til framlegget til nytt styre. 

Møtet vert avslutta sundag 26. april klokka 16. Då skal vi ha klar ei ny leiing i Noregs Mållag. 

Andre del av landsmøtet er planlagt til 16.-18. oktober 2020

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no