kalender

Avlyst! Møt Peder Lofnes Hauge i samtale med Gro Ravnestad

Tid:
8. november 202018.30
Stad:
Sandane
Arrangør: Gloppen Mållag og Gloppen folkebibliotek

På grunn av smittevernsråda vi har fått er det ikkje forsvarleg å skipe til møtet. Møtet er avlyst og utsett til eit seinare høve. 

***

I april vart Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag. Han er den 44. leiaren i Mållaget og den fyrste frå Gloppen. Gloppen Mållag og Gloppen folkebibliotek inviterer til ein inspirerande kveld der gløpparane får høve til å møte Peder.

Peder Lofnes Hauge bur i Bergen. Har utdanna seg til grunnskulelærar, men har dei siste seks åra arbeidd som politisk rådgjevar for bystyregruppa i Bergen Venstre og som rådgjevar for sosialbyråd og seinare finansbyråd Erlend Horn (V). Han har site fire år i styret i Mållaget, og var nestleiar i to av desse åra.

Han står framleis som medlem i Gloppen Mållag og dette er hans fyrste møte i laget. Vi er veldig glade for at Gro Ravnestad har sagt ja til å intervjua Peder. Ho kjem også frå Gloppen, frå Sørstranda, og har vore både journalist, reporter og programleiar i NRK Sogn og Fjordane. No er ho redaksjonssjef.

Vi ser fram til å bli betre kjent med Peder. Kva tenkjer han om Mållaget og korleis ser han på framtida for språkmangfaldet i verda, nynorsken og dialektane?

Det vert også ei jubileumsmarkering! Dagen etter, 9. november, fyller Gloppen folkebibliotek 180 år og i det høvet får biblioteksjef Torill Berge ordet.

Det blir servering av det nestbeste møte-Noreg kan by på: Kake, kaffi og kakao (og te)! Så tek oss tid til å prate i lag og kanskje vi får til nokre overraskande kulturinnslag.

Stolane vert sett opp med god avstand, og serveringa vert lagt opp etter smittevernreglane.

Det er gratis! Alle er velkomne!

Arr. Gloppen Mållag og Gloppen folkebibliotek