FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Kontakt oss

DET TRENGST EIGEN KARAKTER I NORSK SIDEMÅL !

 (21.02.2011)

Det er sett fram krav om at ein berre bør ha ein samla norskkarakter i den vidaregåande skulen. Noregs Lærarmållag meiner det er naudsynt og ynskjeleg å halde på ein eigen karakter i sidemål av desse grunnane:

1. Ein eigen karakter i sidemålet gjev betre informasjon om i kva grad ein kan seie at eleven er i stand til å nytte båe målformer.

2. Ein eigen karakter i sidemålet minskar risikoen for at sidemålsdelen av norskfaget får ein lågare prioritering.

3. Dersom vi endar opp med eit undervisningsopplegg der sidemålsundervisninga blir kutta ut i siste skuleåret, er det stor fare for at kunnskapar eller mangel på kunnskapar i sidemål det nest siste skuleåret i praksis vil få lite å seie for den avsluttande norskkarakteren.

4. Det har vore vanskeleg å praktisere språkleg jamstelling slik mållova krev fordi altfor mange av dei som har nynorsk som sidemål, har for dårlege nynorskkunnskapar. Om sidemålsundervisninga får lågare prioritet i den vidaregåande skulen, vil dette føre til ei endå verre utholing av prinsippet om språkleg jamstelling.

5. Ei svekking av sidemålsundervisninga vil føre til at elevane får dårlegare språkforståing reint allment. Då lærer dei mindre om norsk målsoge og kultur og får dårlegare ordtilfang og lågare kunnskapsnivå om språkstrukturar og dialektar.

6. Det at norsk er eit fag der elevane skal ha tre karakterar, har vore med på å halde oppe ein høgare status for morsmålsfaget enn det elles ville hatt. Mistar norskfaget denne føremonen, vil det lett kunne føre til at elevane ikkje synest faget er like viktig lenger og prioriterer det lågare.

7. Kuttar dei ut eigen karakter i sidemål i den vidaregåande skulen, må vi vere budde på at det same kan kome til å skje i ungdomsskulen òg litt seinare, og då må vi rekne med at det snart er lite att av ei seriøs opplæring i båe dei norske målformene.

8. Eit framlegg om ein samla norskkarakter vil føre til ei svekking av nynorsken reint allment.

Vi har forståing for at det er arbeidssamt og krevjande for norsklærarane å skulle gje skilde evalueringar av tre ulike delar av norskfaget . Så mange emne som er putta inn i norskfaget, gjer det urimeleg tungt å vere norsklærar. Likevel må det la seg gjere å finne andre løysingar på slike problem (t.d. nedsett lesetid) enn å rasjonalisere arbeidet ved å fjerne karakteren i sidemål.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS