FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Kontakt oss

FRÅSEGN OM UNDERVISNINGA I SIDEMÅL

 (02.05.2012)

Noregs Lærarmållag har vedteke denne fråsegna:

1. Dersom krava til sidemålskunnskapar blir svekte, vil elevar som har bokmål som sidemål, ikkje lenger kunne nytte både bokmål og nynorsk like godt som i dag.

Noregs Lærarmållag har vedteke denne fråsegna:

1. Dersom krava til sidemålskunnskapar blir svekte, vil elevar som har bokmål som sidemål, ikkje lenger kunne nytte både bokmål og nynorsk like godt som i dag.

2. Om undervisninga gjev nynorskelevane dårlegare bokmålskunnskapar enn det dei har i dag, vil fleire enn før ynskje å gå over frå nynorsk til bokmål, og vi må vere budde på at talet på skulemålsrøystingar vil auke.

3. For dei som nyttar nynorsk som hovudmål i dag, vil presset til å nytte bokmål auke dersom folk frå bokmålsområde får dårlegare nynorskkunnskapar.

4. Dersom ein ikkje lenger har ein eigen karakter i sidemål, vil dei som skal tilsetje folk i stillingar der dei bør kunne nytte både bokmål og nynorsk, ha dårlegare grunnlag for å vurdere kunnskapane.

5. Dersom det korkje blir eigen karakter eller eigen eksamen i sidemål, vil sidemåls-undervisninga få lågare prioritet både hos elevar og lærarar. Om ein då skulle ynskje at elevane fekk lese meir litteratur på sidemålet, kan dette ende opp med å bli berre ein god tanke. I praksis ikkje let han seg neppe realisere i ein skulekvardag der krava til eksamensresultat vil kome til å vege tyngre.

6. Vi undrar oss over at mange – tilsynelatande på ramme alvor – gjev uttrykk for å meine at reduserte sidemålskunnskapar kan styrkje norskfaget.

7. Det er òg somme som har hevda at overgang til rein munnleg undervisning skulle ha positive verknader på motivasjonen og kunnskapsnivået til elevane. Vi har aldri sett den same argumentasjonen når det gjeld andre språkfag som engelsk, tysk, fransk eller spansk.

8. Om nynorskkunnskapane til folk flest blir dårlegare, vil det kome til å svekkje den mållova som blir følgd dårleg opp allereie i dag. Prinsippet om språkleg jamstelling vil då i praksis vere oppheva, og nynorsken kan degenerere til eit elitemål for spesielt språkinteresserte.

9. Noregs Lærarmållag forstår at mange er misnøgde med sidemålsundervisninga slik ho ofte fungerer i dag. Både Lærarmållaget og resten av målrørsla vil gjerne på konstruktivt vis vere med på utgreiingar om korleis ho kan gjerast betre og er ikkje meir blygsame enn at vi vil hevde å ha mykje positivt å bidra med.

10. Ein kan forstå at parti som slit med oppslutninga si, leiter etter saker som kan gje dei fleire veljarar. Det er likevel lite truleg at arbeidet med å svekkje nynorsken vil vere ein lur måte å skaffe seg nye veljarar på. Dei aller fleste med ei spesielt negativ innstilling til nynorsk har vel for det aller meste funne seg ein politisk heim i Høgre eller Framstegspartiet.

11. Både SV og Arbeidarpartiet har mange veljarar som engasjerer seg i språk- og kultur-politikk. Om eitt eller båe desse partia skulle svikte sine eigne språkprogram, kan dei tape fleire veljarar enn dei vinn ved at gamle veljarar vil kome til å røyste på eitt av mellompartia eller på Raudt.

12. I Soria Moria-erklæringa blir det sagt at ”regjeringen vil fremme tiltak som gjør det lettere å bruke nynorsk”. Då gjer det eit lite tillitsvekkjande inntrykk å kome med framlegg som vil innebere det stikk motsette, og som ligg kloss opptil dei framlegga Høgre og Framstegspartiet har kome med tidlegare. Rett nok må det vere lov å gjere feil jamvel for ein statsråd, men då er det viktig å vere ærleg og sjølvkritisk nok til å kunne vedgå ein feil, og heller følgje fjellvettregelen om at ”det er inga skam å snu”.

13. Om kunnskapsministeren ikkje er i stand til å følgje denne gode regelen, er det naudsynt å få skifta henne ut.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS