FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Kontakt oss

FRAMLEGGET FRÅ UTDANNINGSDIREKTORATET TIL NY LÆREPLAN I NORSK - EIN KOMMENTAR FRÅ NOREGS LÆRARMÅLLAG

 (07.01.2013)

Denne kommentaren tek utgangspunkt i det framlegget til høyringsutkast som Utdanningsdirektoratet la fram 1.10.2012. Vi har inntrykk av at direktoratet kan ha hatt gode intensjonar med arbeidet sitt, men slik det ligg føre her, meiner vi framlegget vil få fleire negative enn positive konsekvensar for norskopplæringa. I desse kommentarane vil vi gjerne vere nyanserte, men må likevel konkludere med at framlegget vil måtte bli omarbeidd på vesentlege punkt dersom ein ikkje heller bør la det gå rett i papirkorga.

Det finst mange vituge tankar og gode intensjonar i innleiingskapitla, og vi vil gjerne trekkje fram ”Formål med faget”, femte avsnitt på side 1, der det står: ”Det språklige mangfoldet er en ressurs for utviklinga av barns og unges språkkompetanse. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal barn og unge få et bevisst forhold til språklige uttrykk og lære å lese og skrive både bokmål og nynorsk.” Vi må berre seie oss leie for at denne målsetjinga ikkje kjem tydelegare til uttrykk seinare i framlegget.

Direktoratet går inn for at elevane bør bli betre kjende med den norske tospråksituasjonen mykje tidlegare, og at dei bør få høyre og lese både bokmål og nynorsk i opplæringa alt i dei første skuleåra. Dette er i bra samsvar med det forskinga har lært oss om det språkpotensialet små barn har alt i svært låg alder, og det samsvarar òg godt med dei erfaringane Noregs Mållag har gjort då dei gjesta mange barnehagar i ulike delar av landet. Likevel verkar det noko uklart og uforpliktande kva konsekvensar desse gode intensjonane skal få i praksis.

Det er òg bra at direktoratet har dempa ned og til dels luka bort nokre av dei mest svulstige og urealistiske formuleringane om kva mål ein skulle ha for undervisninga i den vidaregåande skulen. Det er ikkje utan grunn av somme lærarar har kalla desse målsetjingane for ”Over evne 3”, og det vil truleg vere fullt forsvarleg å redusere ambisjonsnivået endå noko meir når det gjeld å la elevane ”leike” skjønnlitterære forfattarar som òg skal trene seg på å skrive essay og kronikkar.

Vi har inntrykk av at det i dei siste læreplanane har vore lagt auka vekt på tekst og litteratur og heller mindre vekt på formalspråkleg kompetanse. Ei slik utvikling vil ikkje berre svekkje viktige delar av norskopplæringa, men òg vere til ulempe for opplæringa i framandspråk.

Direktoratet gjer framlegg om ”endringar som tydeleggjer at ein bør vente høgare kompetanse i hovudmålet enn i sidemålet” (punkt 4, side 3). Dette høyrest kanskje ikkje så urimeleg ut, men skal hovudmålet få høgare prioritet, vil det i praksis seie at sidemålet skal få lågare prioritet. Er den sidemålskompetansen som elevane har i dag, så vidt høg at ein kan gå inn for å svekkje han, om det så berre er tale om å svekkje han litt ?

Vi i Noregs Lærarmållag meiner at sidemålskompetansen er så vidt mangelfull at han er med på å uthole mållova og svekkje prinsippet om språkleg jamstelling. Etter vår meining må vi no tvert om arbeide for at elevane skal få lære seg både bokmål og nynorsk godt nok til at dei kan bruke båe måla. Då blir det etter vår meining heilt feil å kome med framlegg som vil svekkje sidemålskunnskapane.

Det finst sjølvsagt ulike meiningar om fordelar og ulemper når det gjeld bruk av karakterar, men vi kan slå fast at slik stoda er i dag, er karakterane (og dei nasjonale prøvene) truleg det som styrer undervisninga aller mest. Vi kan vel seie at dette ikkje er udelt heldig, men vi veit at eksamenar og karakterar er viktige styringsreiskapar både for lærarar og elevar. Tek vi bort desse styringselementa i norsk sidemål, vil det vere ganske naivt å tru at dette ikkje vil få innverknad på korleis både lærarar og elevar vil prioritere fagstoff. I praksis vil dette kome til å svekkje sidemålet ganske mykje, og vil føre til at dei som har nynorsk som sidemål, vil bli endå dårlegare i nynorsk enn det dei alt er. Om lærarane berre skal ta sidemålskunnskapane inn som eit delpunkt i vurderinga av standpunktskarakterane, vil dei òg måtte nedprioritere det elevane ikkje blir testa i til eksamen, sidan dei trass i alt ynskjer gode eksamensresultat og heller vil leggje vekt på ”matnyttig” stoff.

Alle dei alternativa Utdanningsdirektoratet ber høyringsinstansane vurdere når det gjeld norsk- eksamen i ungdomsskulen, er etter vår meining dårlege alternativ. Om elevane berre blir testa i hovudmålet sitt, får vi dei ulempene som er nemnde under argumentasjonen i avsnittet ovanfor. Det vil i tilfelle føre med seg store negative konsekvensar for kunnskapsnivået i sidemålet. Ei kort tid vart det gjort forsøk med ein felles norskeksamen der elevane skulle skrive både bokmål og nynorsk same dag, men erfaringane var så vidt dårlege at denne ordninga vart kutta ut etter kort tid. Både før og etter dette heller mislukka forsøket har ordninga vore slik at dersom elevane kom opp til eksamen i norsk, fekk dei to eksamensdagar, og skreiv hovudmålet sitt ein dag og sidemålet ein annan dag. Denne ordninga bør ikkje bli rasjonalisert bort, men bør tvert imot få halde fram.

Etter vår meining er det ein dårleg idé å avslutte sidemålsundervisninga alt etter andre året i den vidaregåande skulen. Rett nok vil det vere bra om sidemålsundervisninga då skal bli avslutta med ein obligatorisk eksamen, og at elevane skal få både standpunktskarakter og eksamenskarakter i sidemål. Dersom desse føresetnadene fell bort, vil det i tilfelle svekkje posisjonen til sidemålet på ein slik måte at det truleg ikkje lenger vil vere grunnlag for å snakke om ei formell (og endå mindre ei reell) jamstelling mellom bokmål og nynorsk. Om elevar som er usikre i val av hovudmål og sidemål må gjere det valet alt i andre året, vil dei ha dårlegare grunnlag for å vurdere nivået sitt i forhold til kva krav som blir stilte i bokmål og nynorsk. I slike tilfelle kan elevane lett oppfatte det som ”tryggast” å velje bokmål på eit alderssteg då dei har nådd eitt år kortare i både erfaring, mognad, alder og visdom.

Gunnar Skirbekk har skrive grundige og gode kommentarar som Utdanningsdirektoratet kan ha stor nytte av å sjå nærare på. Om tankane hans kunne bli følgde, meiner Lærarmållaget vi ville fått ein mykje betre læreplan for norskfaget. Eitt av framlegga hans er å ha eigen eksamen og eigen karakter i både bokmål og nynorsk, og at båe eksamenane burde haldast tidleg på våren i tredje året på vidaregåande skule. Lærarmållaget vil stø dette framlegget, og meiner det vil gje ei mykje betre løysing enn dei alternativa Utdanningsdirektoratet skisserer opp.

Vi veit at norsklærarane har stort arbeidspress og gjerne kunne ynskje seg ein noko lettare arbeidssituasjon. Det er likevel inga akseptabel løysing på slike problem å skulle svekkje sidemålsopplæringa. Vi har nemnt nokre andre rasjonaliseringstiltak i fjerde avsnittet i kommentarane våre. Det er òg grunn til å vere kritiske til kor mange testar og prøver lærarar og elevar skal plagast med, og kor god norskopplæringa blir dersom ynsket gode resultat på nasjonale prøver legg for sterke føringar på undervisninga. Kanskje har òg velmeinte forsøk på å styrkje protest- og ankerettane til elevane ført til for rigide og tidkrevjande krav til formaldokumentasjon. Dersom vi ikkje finn nok andre gode rasjonaliseringstiltak, er det òg eit alternativ at elevane i den vidaregåande skulen berre får obligatorisk sidemålseksamen og ikkje eigen standpunktskarakter i sidemål. Vi ser ikkje på dette som noka god løysing, men synest trass i alt det vil vere betre enn om dei berre skulle få standpunktskarakter og ingen eksamen.

Vi meiner at arbeidspresset i norskfaget kan reduserast på andre måtar enn gjennom å endre på eksamen og evaluering. Det eine er å sjå på kva andre delar av faget vi kan kutte ned på, det andre er å starte med sidemålsopplæringa mykje tidlegare og gjere henne vesentleg betre reint kvalitetsmessig, det tredje er å gjere nynorskopplæringa i lærarutdanninga monaleg betre for alle steg i skuleverket og tilby lærarane skikkeleg etterutdanning, og det fjerde er at det blir gjeve aksept for at arbeidspresset for lærarane er så vidt stort at dei bør få redusert undervisningstimetalet.

Det er òg svært gode grunnar til å sjå på korleis vi legg opp norskundervisninga. Her meiner vi Utdanningsdirektoratet viser ei uklar haldning når det i høyringsutkastet står (4.6.1) : ”Derimot har skriftleg hovudmål og sidemål så mange felles kompetansemål at dei etter vår meining bør kunne reknast som to sider av den same skrivekompetansen.” Dette er vel eit noko tvilsamt språkpolitisk standpunkt som knapt nok kan seiast liggje innanfor offisiell norsk språkpolitikk. Med eit slikt utgangspunkt viskar høyringsframlegget ut skiljet mellom dei to skriftspråka våre, og då er det kanskje ikkje meir enn ein kunne vente at det blir tukla med eksamens- og karakterkrav. Vi ser det som viktig å slå fast at bokmål og nynorsk er to ulike språk, sjølv om dei på mange vis kan likne på kvarandre, slik som bokmål og nynorsk òg kan likne på svensk og dansk. Vi meiner vi heller burde snakke om bokmål og nynorsk heller enn hovudmål og sidemål, og at vi ikkje i noko tilfelle berre bør sjå på bokmål og nynorsk som to sider av same sak. Vitnemåla til elevane bør gje både dei sjølve og arbeidsgjevarane deira kjennskap til kva kompetanse dei har i båe skriftspråka. Det Utdanningsdirektoratet går inn for, fører oss heilt feil veg, og vil undergrave nynorsken på ein måte som det er svært gode grunnar til å kjempe imot med nebb og klør. Om opplæringsmåten og læremidla blir betre og lærarane flinkare, vil det òg gå rette vegen med kunnskapane til elevane. Det verkar som elevar (særleg dei aller yngste og dei med innvandrarbakgrunn) altfor ofte blir undervurderte og har eit mykje større læringspotensiale enn det mange trur. Om elevane ikkje får utnytta læringspotensialet sitt, må vi vaksne kunne vere sjølvkritiske nok til å ta på oss mykje av skulda.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS